Stopp vestlandskuppet

Publisert av: lasse.eriksen.bjorn Publisert: 05. november 2017
Oppdatert: 05. november 2017
Lesetid: ca. 1 min
Rogaland SV forventar at Stortinget seier nei til vestlandskuppet, og finn eit meir dekkande namn til samanslåingsfylka.

Regjeringas intensjon om ein vestlandsregion har spelt fallitt.

 

Fleirtala i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde ikkje vett nok til å seia nei til ei fylkessamanslåing utan mål og meining. Det får stå for deira rekning. I Rogaland var me heldigvis lure nok til å halda fram som eige fylke. Men at det samanslåtte fylket har tenkt å stela namnet «Vestlandet», er både kunnskapslaust og frekt.

 

Vestlandet er namnet på ein landsdel av fire fylke, der også Møre og Romsdal og Rogaland høyrer til. Har regjeringa og fylkespolitikarane i dei to samanslåingsfylka tenkt å skriva om alle historiebøkene og tvinga fram ei endra meining av ordet «vestlending» i vanleg språkbruk?

 

Då fylka blei oppretta i 1919, arbeidde ein mykje for å finna passande namn med røter i historia. Det er uforståeleg at ein ikkje vil gjera det same no.

 

Rogaland SV forventar at Stortinget seier nei til vestlandskuppet, og finn eit meir dekkande namn til samanslåingsfylka.

Vedtatt av representantskapet i Rogaland SV 4. november 2017.
Bilete: Stefan Krause, Germany – Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=3121578