Rogaland SV arrangerer valkampsamlingar i Aksdal og Sandnes!

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 24. mai 2017
Oppdatert: 22. juni 2017
Lesetid: ca. 2 min
Alle medlemmer er velkomne. Arrangementet er gratis og inkluderer lunsj to dagar og middag laurdag. Reisa betaler lokallaget eller du sjølv. Meld deg på her!

Alle medlemmer er velkomne. Arrangementet er gratis og inkluderer lunsj to dagar og middag laurdag. Reisa betaler lokallaget eller du sjølv. Meld deg på her: https://goo.gl/forms/IJ4YfyGBgkG2amQ43

PÅMELDINGSFRIST: TYSDAG 6. JUNI. Hugs å bruka lenka over når du melder deg på.

På valkampsamlinga oppdaterer me oss på SVs hovudsak: Kampen for rettferdig fordeling. Me trener oss i å argumentera, me planlegg gjennomføringa av valkampen, og ikkje minst får me møta andre fine SV-arar frå fylket.

Me legg opp til at det blir barnepass, slik at du kan ta med ungane. Gi i så fall beskjed når du melder deg på. Laurdag kveld er det middag og sosialt program. Me kan også ordna med overnattingsplass privat for dei som treng det.

Program (det kan bli mindre endringar):

Konferansierar: Signe Norbotten (Aksdal) og Lars Helge Strand (Sandnes)

Laurdag 10. juni

11.00: Velkommen v/Ingrid Fiskaa (Aksdal) og Lars Helge Strand (Sandnes). Praktisk og presentasjonsrunde.

11.30: Solidaritetsval 2017 v/Solfrid Lerbrekk (Aksdal) og Eirik Faret Sakariassen (Sandnes)
Hovudsak: Kamp mot forskjells-Noreg. Andre viktige saker.
Dei viktigaste argumenta våre.
Spørsmålsrunde og diskusjon

12.30: Lunsj, kombinert med stand

14.00: Argumentasjonstrening v/Trine Meling Stokland (Aksdal) og Eva-Tone Breivik og Elin Dalen-Rasmussen
Kva er dei beste argumenta? Korleis overbeviser me på
stand, og i andre samtalar med potensielle SV-veljarar? Alle
får prøvd seg i realistiske situasjonar.

16.00: Skrivetrening v/Ingrid Fiskaa (Aksdal) og Kristian Fjellanger(Sandnes)
Skriveoppgåver kan vera lesarinnlegg i avis, korte innlegg
på sosiale medium. Korleis skriva godt i ulike samanhengar?
Alle får tilbakemelding, anten av kvarandre eller kurshaldar.

17.30: Lokallaget planlegg valkampen
Kort innleiing v/Eirik Faret Sakariassen (Aksdal) og Kristian Fjellanger ogJeanette Lea Romslo (Sandnes) om planane
Tid for kvart lokallag eller saman med nabolokallag:
Planlegging av aktivitetar, ringerunde til medlemmene eller
andre nyttige aktivitetar.

19.00: Middag og sosialt

Søndag 11. juni

10.00: Slik skal me vinna valet! v/Eirik Faret Sakariassen (Aksdal) og Solfrid Lerbrekk (Sandnes)
Dei viktigaste sakene og dei beste argumenta våre.
Diskusjon.

12.00: Arbeidslunsj

13.00: Avslutning og vel heim