Valgprogram 2023 – 2027

Du kan laste ned Valprogrammet for Møre og Romsdal SV 2023 – 2027 i PDF her.

Eit grønt og rettferdig Møre og Romsdal

Klima- og naturkrisa er den største utfordringa i vår tid, og trugar sjølve livsgrunnlaget vårt. Tap av natur og biologisk mangfald rokkar ved økosystema og forsterkar klimaendringane. Samstundes lever vi i ei tid prega av aukande forskjellar, dyrtid og aukande fattigdom. Vi i SV er tydelege på at desse to krisene ikkje kan sjåast kvar for seg, men må løysast saman.

Det hastar å ta fylket vårt vidare gjennom den grøne omstillinga, der vi løyser miljøproblema, bremsar klimaendringane og stoggar tap av natur før det er for seint. Omstillinga må skje på ein rettferdig måte, slik at ikkje dei med minst frå før må ta den største kostnaden. Rettferdig fordeling må gå hand i hand med det grøne skiftet. Vi treng eit rettferdig, grønt skifte.

Verda er prega av krig og kriser. Mange opplever ein meir utrygg kvardag. Det er dyrtid og fleire slit med å få endane til å møtest. Då trengst sterke fellesskaps-løysingar endå meir enn før. Det betyr noko at kollektivtilbodet er rimeleg og tilgjengeleg, at den vidaregåande skulen ikkje er for langt unna, og at den offentlege tannhelsa blir utvida til nye grupper. Det betyr noko å kunne delta i kultur- og samfunnsliv, og vere del av eit trygt og seriøst arbeidsliv. Vi går til val på eit sterkt  offentleg velferdstilbod som gir fridom til den enkelte.

Tida vi står i, krev også at vi opprettheld eit variert næringsliv med rom for nyskaping. Vi i SV vil bidra til eit sterkt, lokalt forankra næringsliv der tydelege miljøkrav gir konkurransefortrinn, teknologiutvikling og utsleppskutt. Vi ønskjer politisk styring over krafta, og har som prinsipp at våre felles naturressursar må kome fellesskapet til gode.

Vi i SV ønskjer eit likestilt, raust og inkluderande Møre og Romsdal, der bakgrunn eller økonomi ikkje avgjer kva moglegheiter du har. SV ønskjer ein desentralisert samfunnsstruktur der folk kan leve og bu der dei ønskjer, og ha tilgang på gode, offentlege tenester i heile fylket. SV ønskjer eit rettferdig og solidarisk samfunn som også har blikk ut over våre eigne fylkes- og landegrenser.

Bli med oss å byggje eit grønt og rettferdig Møre og Romsdal!