Nytt krabbefelt peika ut el-ferjer eller Romsdalsaksen

Publisert av: Møre og Romsdal SV Publisert: 07. oktober 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 1 min
-Gledeleg at Regjeringa stadfestar at dei satsar på nytt krabbefelt over Ørskogfjellet, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal SV, Bjørn Jacobsen.

– Med dette peikar Regjeringa ut kursen for korsen vi skal krysse Romsdalsfjorden i framtida, seier Jacobsen. – Det blir el-ferje eller Romsdalsaksen og ingen omveg ut til Midsund. – Tungtrafikken kjem ikkje til Tomrefjord og Helland kan og kanskje sleppe unna, seier fylkesleiaren.

-Dette passar som hand i hanske med dei 85 millionane som er gitt til E 39 Lønset-Hjelset og er veldig viktig i høve bumiljø for folk i Molde og naturen i Moldemarka, seier ein glad Bjørn Jacobsen.

-I praksis betyr det at motorveg gjennom Molde og Moldemarka kan skrinleggast, seier fylkesleiar Jacobsen.

-Regjeringa stiller seg på lag med fleirtalet i Molde kommunestyre som ikkje vil ha 4-felts motorveg gjennom Fannestranda og det er svært gledeleg for oss i fleirtalet, seier Bjørn Jacobsen i SV. – I tillegg vil dette motivere og forsterke motstanden mot å rasere Moldemarka ved Kringstadsetra. – Eg er kjempeglad for at denne saka som no er ute på høring får enda eit godt argument for å ta vare på friluftsinteressene, seier Bjørn Jacobsen, fylkesleiar i Møre og Romsdal SV.

Kontakt:  Bjørn Jacobsen  900 709 76