open menu

Still krav til dei som produserer søpla !

Både private og kommunale avfallsselskap ber nå myndigheitene stille krav om at emballasje må kunne materialgjenvinnast lettare. Krava til forureinaren har knapt vore stramma inn dei siste 25-30 åra, seier dei.

SV vil lage ein miljøpolitikk som tar forbrukarane på alvor. Det du kjøper av emballasje i butikken, skal kunne handterast på eit miljømessig godt vis. Det beste er  emballasje som kan brukast om igjen, og at ein dermed hindrar at avfall oppstår.  Nest best er det at avfallet kan materialgjenvinnast, og i aller siste omgang kan energigjenvinning godtakast.

Dette vil gå inn i det grøne skiftet på det viset at vi stiller krav til produsenten, forureinaren, om å produsere emballasje som er miljøvennleg og lett kan materialgjenvinnast. Vi kan ikkje overlate til forbrukaren å skulle finne ut korleis emballasjen kan handterast miljøvennleg.

Avfallsmengda i Norge har auka til nær det doble av landa i EU. Men- vi blir stadig flinkare til å kjeldesortere.

Mykje av folk sin innsats i kjøkkenbenken blir bortkasta når plast og anna avfall ikkje blir materialgjenvunne. Så godt som ingenting av den plasten som blir samla inn i  Norge blir handsama her i landet. Den blir send til Tyskland, som sjølv eksportererar plastavfall.

Folk flest vil kjeldesortere. Då må dei sleppe å kjøpe emballasje som er umuleg å materialgjenvinne. Dei må få dokumentert at deira miljøval betyr noko. Når dei tek bryet med å kjeldesortere, må det finnast ein industri som omdannar plasten til nye produkt.

Dette krev politiske løysingar. SV vil arbeide for at avfallspyramiden skal følgjast mest muleg; vi vil gjere det lettare å hindre at avfall oppstår, og vi vil ha mest muleg lokal handsaming av ressursane.  

Det vil også styrke industrien vår. Norge har tatt initiativ til strengare reglar for eksport av plast. Men kva hjelper det når vi ikkje har industriell kapasitet – fabrikk- til å ta oss av eige plastoverskot? SV vil bygge opp industriell kapasitet på dette området som ein del av det grøne skiftet. 

SV vil syte for at når folk gjer ein innsats heime med sortering og næringslivet rundt om sorterar så skal det vere ein industri som omgjer dette til nye produkt.

2,4 prosent av økonomien vår er sirkulær. Dette betyr at 97,6 prosent av materiala vi forbruker i Norge kvart år, blir ikkje ført tilbake til kretsløpet, syner ei fersk analyse. Rapporten syner at 2,4 prosent av økonomien i Norge er sirkulær, og den globale sirkulariteten er målt til 8,6 prosent.

SV vi i det grøne skiftet legge til rette for at vi brukar om ressursane og bygg opp industri som kan gjere dette.

Møre og Romsdal SV
Ingrid Opedal, miljøpolitisk kontakt
Bjørn Jacobsen, fylkesleiar 

Del dette