Innspel frå Møre og Romsdal SV til Grønn Ny Deal-dokumentet

Publisert av: Møre og Romsdal SV Publisert: 21. august 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 6 min

Fylkesstyret i Møre og Romsdal SV, har i samarbeid med næringspolitisk nettverk og miljøpolitisk nettverk, laga eit innspelsdokument til Grøn Ny Deal

Dette er truleg det mest radikale økonomiske programmet som noko parti har lagt fram etter krigen. Stor honnør til dei som har sett i gang dette prosjektet, og alle som har bidrege. Dette er heilt nødvendig politikkutvikling i ei tid som sårt treng nye løysingar.

Så er det også ein radikal og dramatisk situasjon vi står i. Programmet Grøn ny deal (GND) har som ambisjon å gje ein ny modell for verdiskaping i Norge, ei oppskrift på å vri pengestraumen og samfunnet sine ressursar i ein grøn retning. Dette fordi vi ikkje har noko anna val om vi skal greie å redusere klimagassutsleppa med 60 % innan 2030.

GND-programmet går gjennom alle samfunnsområde som påverkar klima og miljø, som økonomi, arbeidsliv, næringsliv i vid forstand, utdanning og transport. GND har også ein del som vert kalla Bygda 2.0, der hovudbodskapen er at heile landet må takast i bruk fordi ressursane er spreidde ut over heile landet, og det må bu folk der for å foredle dei ressursane. Dette er den kortaste, og fagleg sett tynnaste, delen av programmet. Her blir mange spørsmål ståande utan svar. Dette kapitlet burde vore meir utdjupa, særleg i høve til tiltak, jmf fleire av dei tidlegare kapitla som er svært detaljerte (dette går både på land/skogbruk, fiskeri og nye næringar frå havet, td taredyrking). Det bør også inn eit eige punkt om fysisk infrastruktur/samferdsel i distriktet, i tillegg til den digitale biten. Gul midtstripe, trygge kvardagsvegar, grøne ferjer som går kvart 20. minutt og gode, fleksible kollektivløysingar (dette er omtalt andre stader, men er svært viktig for å halde oppe busetnad i distriktet). Etter korona kan det og fokuserast sterkare på at spreidd busetnad og det å halde oppe desentraliserte tenester, særleg innanfor helse, er viktig med tanke på å hindre smittespreiing. 

Også spreidd busetnad har ein ressursbruksdimensjon som ikkje vert omtala. Noko einsidig verkar framhevinga av kystfiske som førebiletleg og ønskjeleg i motsetnad til trålfiske og havfiske som vert framstilt som ikkje berekraftig eller framtidsretta. Teknologioptimismen som preger dokumentet når det gjeld transportsektoren og industrien omfattar ikkje trålarflåten. Her treng kanskje SV ein prinsippdiskusjon om kystfiske kontra trål; her trengst det meir kunnskap.  

Hovudgrepet i GND er å vise korleis miljøomsyn må gripe inn i alle samfunnsområde. Det gjeld også bank- og pengevesenet: Gjennom politikk må vi regulere bank- og finansvesenet gjennom krav og standarder slik at det blir dyrere å kanalisere penger til kontraproduktive investeringer. Sentralbanken må få i oppgave å jobbe for en bærekraftig økonomi og bekjempe klimarisiko. En grønn statlig investeringsbank kan bidra til å styre kreditten langsiktig og i riktig retning.»

Dette er ein logisk konsekvens av at vi meiner det må skje eit gjennomgripandegrønt skifte. Slik styring av pengeflyten i samfunnet krev sterk statleg kontroll av finansvesenet, men vil utan tvil møte motstand i vide krinsar, noko som ganske visst vil gjere omlegginga krevande. Men bra at SV vågar å gå føre når det gjeld å peike på at det er naudsynt med dramatiske grep. 

Store endringar vil også kome innan utdanning og opplæring. Dokumentet omtalar godt trongen for satsing på yrkesopplæring, både i dei nye grøne yrka og innanfor helsesektoren. Her trengst eit megaløft! Og viktig at dette vert kobla mot eit anstendig arbeidsliv.

GND-dokumentet har ein god bolk om sirkulærøkonomi. Til no har vi produsert lineært; produkta har hatt ei avgrensa levetid og blitt kasta etter at dei har vore brukte ei tid. I tida framover må vi lage produkt som skal vare lenger, og som kan reparerast. Det vil føre til eit skifte frå sal til reparasjon. Vi må utdanne folk som kan reparere, det vil bli mindre trong  for folk i sal. Sirkulærøkonomi er ikkje noko nytt omgrep, men å innrette heile samfunnet sirkulærøkonomisk er nytt og krev ei omfattande omstilling for folk flest. Dokumentet er strengt i domen mot det norske forbrukarsamfunnet; i Norge kastar vi mest forbrukarelektronikk i heile verda, det er også vi som flyr mest i hele verda. GND er klar på at vi ikkje kan halde fram slik. Kanskje næringspotensialet kan understrekast enno meir; i dag er det bedrifter som lagar møblar av plast frå havet td, og det finst tal frå EU på kor mange arbeidsplassar som kan utviklast i reparasjonsindustrien. Gjerne pilotprosjekt med gjenbruksverkstader lokalt her også, der alt som no vert kasta fordi det er litt øydelagt, kan reparerast og kome til nytte. Samarbeid med arbeidsmarknadsbedriftene? NAV?

I notatet er det fokus på at ein må skifte frå fossile energikjelder til fornybare, utsleppsfrie kjelder. I denne samanhengen blir det lagt stor vekt på havvind, som står fram som ein erstattar for petroleumsverksemd, både når det gjeld direkte arbeidsplassar i drift og vedlikehald, og sysselsetjing og verdiskaping for leverandørindustrien på land. Det same gjeld bygging av grøne skip. Den aukande merksemda om dei negative følgjene av vindkraft, både på land og på havet, vert i liten grad nemnt  i rapporten. Større vektlegging av verdien av naturmangfald og korleis vindkrafta verkar inn på det store kretsløpet i naturen bør vurderast. For å unngå same opprivande konfliktane om vindkraft til havs som på land, må ein a) lage ein heilskapleg plan for bruk av havområda og b) ta fiskeriinteressene på alvor, og legge havvindparkane utanom viktige område for fisk (og fugl).

 Ein burde også ha lagt større vekt på andre fornybare energikilder som bølgekraft, solenenergi mm.

Det gode med rapporten er understreking av statens aktive rolle i det grøne skiftet. SV har alltid vore tilhengar av ein sterk offentleg sektor, og det har alltid vist seg at i krisetider kjem det private næringslivet til staten for å få midlar til å overleve. Det er alltid staten som byggjer bru over kriser og lågkonkonjunkturar. Koronakrisa har til fulle vist at staten har både handlekraft og økonomi når kniven nærmar seg strupen: utfordringa er å bruke erfaringane frå koronatida til å skape ein ny grøn normal, å få folk til å forstå at klimakrisa og biologisk mangfaldkrisa er minst like alvorlege som koronakrisa, og at dei krev minst like drastiske tiltak.

 I dokumentet står det mykje om korleis staten som forvaltar av midlar i Norges bank, som lovgjevar og som innkjøpar må brukast for å vri samfunnet i den nye grøne retninga. Berre ein sterk stat kan styre samfunnet gjennom den omstillinga som er nødvendig for at vi som samfunn skal kome velberga gjennom klimakrisa. Oppgåva framover blir å vise staten og fellesskapet som den gode endringsaktør, ikkje som den initiativdrepande regulatør?

Dokumentet presenterer hovudtanken i GND på ein fagleg velfundert måte, men av og til blir dokumentet unødvendig omstendeleg og teknisk. Dette gjeld for eksempel i passasjen om karbonfangst og der ein omtalar korleis dei økonomiske belastningane av miljøtiltaka skal fordelast i samfunnet. Det grunnleggande her er at dei med god økonomi skal betale meir enn dei med mindre midlar. Skal bodskapen bli selgeleg må teksten, og grepet, gjerast  forståeleg. Her står det ein god jobb igjen å gjere. Dette er likevel ein viktig debatt om korleis vi skal få med folk på den naudsynte omstillinga. Bompengedebatten viste at dette er noko som engasjerer, men når den interne debatten er ferdig må vi kunne framstille det på ein måte som er forståeleg for alle. 

Dokumentet må redigerast kraftig om og gjerast meir folkeleg når det skal presenterast for eit større publikum. 

Dokumentet må også etter vårt syn ta opp i seg at den økonomiske veksten i nord/rike land ikkje kan halde fram, verken av omsyn til klima, biologisk mangfald eller bruk av naturressursar. Vi må greie å snakke om det grøne skiftet samtidig som vi seier at veksten i det materielle forbruket, som er innebygd i dagens økonomiske system, ikkje kan halde fram. Grønmåling av kapitalismen er ikkje berekraftig. Vi trur mange er mogne for auka livskvalitet framfor auka forbruk

GND-dokumentet må vere med å skape begeistring, stimulere til endring av eige liv og forbruk. Kva med å bruke konkrete døme på korleis vi må leve det grøne livet? Få meir fokus på dei gode sidene ved dette livet: Kortare arbeidstid. Meir deling. Meir fellesskap. Meir tid til kvarandre  Større samhald. Fleire naturopplevingar.  

 Møre og Romsdal SV