Slepp kua ut det er vår!

Publisert av: Møre og Romsdal SV Publisert: 23. mai 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 3 min
Vi produserer nok av det meste, men utnyttar ikkje ressursane godt nok. Dette var bodskapen til oss politikarar frå ei samla bondenæring då dei spurte oss om korleis vi vil legge til rette for eit levedyktig landbruk.

Skrevet av: Cecilie Rørstad, landbrukspolitisk kontakt og Bjørn Jacobsen, fylkesleder, Møre og Romsdal SV

Dei einaste kyrne som er ute kan ikkje vere berre dei som er på mjølkepakken. Symbolet på levande bygder er beitande dyr på gode innmarksbeite og i utmarka. Den aktive bruken av beite må halde fram også for mjølkekyrne. Vestlandske Fjordfe vår eiga Gråkolle kan beite myra som ikkje lenger kan dyrkast fordi det ikkje går i hop med klimamåla som skal settast i Paris.

Landbruket og bøndene har stor støtte hos det norske folk og om dei blir endå betre til å produsere lokale grønsaker, frukt, bær og urter får vi fleire arbeidsplassar i bygda og forbrukarane får tilbod om mat dei har godt av å ete. Vi vil utfordre forbrukarane til å kjøpe lokalprodusert og kjøpe sesongvarene. Her i nord er det ikkje muleg å produsere brokkoli heile året for eksempel og han er ikkje råd å lagre, slik som potet, kålrabi, beter og gulrøter.

Den heilnorske NRF- kua er avla fram for å kunne produsere mjølk og kjøt med høg andel av grovfôr på menyen. Difor er også genmaterialet frå denne rasen etterspurt internasjonalt. Vi har stor respekt for det viktige avlsarbeidet bønder og oksestasjonar gjer kvar einaste dag. Vi håper og trur at NRF-kyra også i framtida skal kunne vere ute på beite og utnytte lokale ressursar i staden for å mjølke mest mogleg på kraftfôrbasert kost. Dette er einaste vegen å gå om ein vil utnytte ressursane og ta overproduksjonen på alvor. Vår ambisjon er at mat som kan brukast til menneskemat ikkje skal gå vegen om ein dyremage. Difor vil vi støtte forsking på utvikling av heilnorsk kraftfôr og forskriftskravet om beitebruk.

 Pandemien vi er inne i no gjer det muleg å lage ein ny landbrukspolitikk som bygger på matsikkerheit og lokal produksjon. Tollvernet og jordvernet samt omsyn til miljø, dyrevern og inntekta til bonden og tilsette må ligge i botnen. Vi vil setje kulturlandskapet og bonden i fokus.

 Møre og Romsdal SV har hatt landbrukspolitisk møte. Det kom fram ei rekke forslag som vi vil sende arbeidsprogramkomiteen slik at dei blir med i neste år stortingsval. Vi vil og fremme forslaga i Fylkestinget og i kommunestyre rundt om.

 Her er nokre døme på kva vi tenker å foreslå:

 -Gjermundnes Landbruksskole må byggast ut etter planen slik at bygningar og det tekniske er på stell. Dette er viktig for rekruttering av lærarar og utdanning på eit framtidsretta gardsbruk. Dette er grunnsteinen i opplæring av ungdom og skal føre ungdommen inn i ei ny tid der bygdene og jorda skal haldast i hevd. Då fortener dei gode utdanningsinstitusjonar til verdas viktigaste yrke.

 -Det må bli slutt på å pakke matavfallet inn i plastposar, kjøpt i butikken, og så sende det langt av stad i staden for at det kan skape arbeidsplassar og forståing for biologiske prosessar.

 -Legg til rette for at Bondens marknad og Reko ringar får beste plassane på Torget eller sentralt i byane og tettstadane våre. La det vere synleg at det er dei lokale bygdene sine produkt som kjem til torgs.

 -Støtte samvirkeorganisasjonane og deira rolle og funksjon for utvikling og innovasjon i  det norske landbruket. 

-Støtte og legge til rette for forsking på aktiv beitebruk, på kraftfôr med enda større andel norske råvarer og klimavenlege produksjonsmetodar for grønsaker tilpassa norske forhold.

– Økonomisk stønad til aktiv beitebruk, med tilskot til gjerding og handheving av gjerdeplikt.

-Oppretthalde bu- og driveplikta.

-Kystfiskarane legg til kai ved torget om det leggast til rette med kaiplass og vaskeutstyr.

 Helsing Møre og Romsdal SV

Bilde: «Cows on the hills» by kattebelletje is licensed under CC BY-NC 2.0