open menu

Ledig vikariat som administrasjonssekretær

20% stilling fra september 2020 til oktober 2021

Ein av administrasjonssekretærane på SV sitt partikontor skal ha delvis permisjon frå hausten, og vi søkjer etter ein vikar i 20% stilling som kan ta over hennar arbeidsoppgåver.

Vi søkjer etter ein ryddig og serviceinnstilt person med engasjement for SV, til å vere ein del av førstelinjetenesta vår. Vi søkjer deg som vil sørge for at folk som kontaktar SV får eit godt inntrykk av partiet, og gode svar. 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere: 

  • Handtering av sentralbord og førespurnader på e-post og sosiale medier . 
  • Oppdateringar og utvikling av medlemsregisteret.  
  • Oppfølging og oppdatering av e-postlister og nettsider. 
  • Kontorfunksjonar som bestilling av rekvisita, møteromsbestillingar m.m.

Vi leitar etter deg som: 

  • Kan gje folk eit høfleg og profesjonelt møte med partiet.  
  • Arbeider ryddig og effektivt, med god gjennomføringsevne. 
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. 
  • Har kjennskap til SV sin organisasjon og politikk. 
  • Har god datakunnskap og meistrar Office-pakken godt. 
  • Har gode samarbeidsevner. 

Hos oss får du:

  • Fast arbeidsdag kvar tysdag, på partikontoret til SV på Tøyen. 
  • Fleksibel arbeidstid, med kjernetid frå kl. 10 til kl. 15.
  • Eit godt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø. 
  • Løn i samsvar med tariffavtale mellom HK og AAF, og SVs lokale lønspolitikk.
  • Oppstart september. Vikariatet varer til 31. oktober 2021.

Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. 

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Eli Ulvestad på eli.ulvestad@sv.no

Søknad og CV (ingen andre vedlegg) sendast innan 14. august.

Sosialistisk Venstreparti er i vekst og søkjer deg som vil vare med på laget. SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få. 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter