Solidaritet i ei ny framtid

Vedteke av Innlandet SVs fylkesstyre 25. april 2020

Pandemien og dei inngripande tiltaka som styresmaktene har sett i verk har endra våre liv, i alle fall for ei stund. Samtidig har mange sett og forstått kor viktige arbeidsfolk på golvet er for å halde samfunnsmaskineriet i gang, og for å sikre at vi alle får tenester vi er avhengige av. Dette er helsearbeidarar, reinhaldarar, pedagogar, tilsette i butikkar, renovasjon, transport, for å nemne nokre. På ein dag som 1. mai skal vi minne kvarandre på at dei er like viktige i den vanlege kvardagen som i kriser. Og vi skal halde fram å støtte dei i kampen for høgare status og høgare løn.

Koronakrisa rokkar ikkje ved betydninga av å løyse klimakrisa. Likevel har pandemien endra ein del føresetnader, m.a. at verdsøkonomien er redusert. Dette endrar også premissane i den politiske debatten. Oljeforbruket kan vera forbi sin historiske topp, og vil truleg gå ned i takt med at klimapolitikken får meir og meir gjennomslag. I denne situasjonen må vi prioritere ressursar inn i sektorar som peikar i ei langsiktig retning mot nullutsleppsamfunnet. Tida er ikkje inne for å støtte oljenæringa gjennom ekstraordinære tiltak, skattelette og opning av nye område i Barentshavet nord. Pandemien kan positivt bidra til å opne verdssamfunnet sine augo for at utfordringar som trugar vår felles eksistens, kan og må løysast gjennom målretta og forpliktande internasjonalt samarbeid.

1. mai er arbeidarane sin kampdag for betre arbeidsvilkår, velferdsordningar og solidaritet. Det er også ein kampdag for kloden vår, samfunnet vårt og demokratiet vårt. Denne eine dagen i året er viktig for å minne oss om at desse kampane må kjempast kvar einaste dag, både lokalt, nasjonalt og i heile verda. Vi må kjempe for dei 70 millionar menneske i verda som er på flukt, for å stoppe rasering av regnskogane og for å hindre at det er verdas fattige som skal betale for dei rike landa sine klimatiltak. Samtidig må vi stå opp og forsvare dei rettane som dei organiserte arbeidsfolka i Norge har kjempa fram gjennom mange år og framleis kjempar for, for trygge og gode arbeidsmiljø, heile stillingar, rettferdige lønningar og gode velferdsordningar.

Mange arbeidstakarar har vorte oppsagte eller permitterte frå arbeidsplassen sin og mista den faste inntekta si. Unge arbeidstakarar og lærlingar kan vera ekstra sårbare i prosessar med nedbemanning og permitteringar. Studentar kan koma i ein situasjon der dei ikkje greier å betale sine faste utgifter. Vi har eit felles ansvar for å vise solidaritet med alle som står utsett til i studie- og arbeidslivet, og som kan ha behov for særlege ordningar eller innsats for å sikre daglegliv, levekår og framtid. Vi støttar Fellesforbundet si oppmoding om ein brei dugnad for å hjelpe meir enn 4.000 læringar til å få fullført fagutdanninga si og koma seg i jobb.

Koronakrisa har til fulle vist at vi er avhengige av at alle bidrar til å finansiere fellesskapet og velferdsordningane. Slik kan staten ha økonomiske musklar til å setja inn tiltak for å hindre kollaps, når katastrofar eller andre alvorlege situasjonar som lammar samfunnet oppstår. Dei sosiale skilnadene er likevel aukande, også i Norge. Vi kan ikkje akseptere ei utvikling der ein elite i  samfunnet skal bli rikare, medan sikkerheitsnettet i velferdsordningar og rettane og goda som det organiserte arbeidslivet har kjempa fram, blir svekka.

Derfor kan vi heller ikkje akseptere arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Eit seriøst og godt arbeidsliv er avhengig av ei bevisstgjering og ein koordinert innsats. Derfor må vi førebygge og forfølgje handlingar som bryt med norske lover, utnyttar arbeidstakarar, vrir konkurransar mellom bedrifter og svekker strukturane i samfunnet vårt.

Innlandet har med sine naturressursar og sin næringsstruktur både spesielle moglegheiter og utfordringar i møte med arbeidslivet etter koronakrisa, og i møte med klimakrisa. Reiselivet er ei stor næring og vil krevja særlege tiltak, m.a. på grunn av at sysselsettinga i stor grad er sesongbasert. Landbruket er livsviktig for matproduksjon, sjølvforsyning, sysselsetting og verdiskaping. Koronakrisa syner kor avhengig landbruket har vorte av utanlandsk arbeidshjelp. Til dels har denne arbeidshjelpa vore underbetalt, noko Arbeidstilsynet har avdekt gjennom tilsyn. Dersom landbruket skal kunne skaffe nok arbeidskraft framover, må alle arbeidsgjevarar også i den næringa følgje arbeidslivet sine reglar.

Vi må endre forbruk, infrastruktur, produksjonsmåtar, avfallshandtering og levemåte i ei grønare og meir klimavennleg retning. Fagorganiserte i Innlandet må vera pådrivarar for ei slik utvikling. Det handlar om å sjå moglegheitene i å skape trygge, framtidige, grøne arbeidsplassar.

Dei viktigaste steinane i grunnmuren er trua på oss sjølve og kvarandre, tilliten til kvarandre og dei som styrer oss og gir oss faglege råd. Og solidariteten med dei som treng ei hjelpande hand for å stå oppreist. Derfor må kampen for rettferd, demokrati og solidaritet halde fram. Slik bygger vi eit godt arbeidsliv og eit godt samfunn for alle.