open menu

Sel SV

Sel SV er et lokallag i Innlandet SV.

Kontakt lokallaget

Leder: Anne-Brit Bismo
E-post: b-bism@online.no

Følg Sel SV på Facebook.

Opprop for borna i Moria

Sel kommunestyre har slutta seg til aksjonen «Evakuer barna fra Moria nå» etter initiativ frå Sel SV. Les meir her

Lokallagets møter

Kommunestyret

Sel SV har en representant i kommunestyret: Truls Gjefsen. Her kan du lese mer om Truls.

Trykk på bildet for å lese mer om førstekandidat Truls Gjefsen.

Valprogram 2019

Sel SV er eit lokallag av Sosialistisk Venstreparti, og arbeider i tråd med prinsipprogrammet og arbeidsprogrammet til partiet. Vi har for tida ein representant i kommunestyret.

Her kan du laste ned valprogrammet som PDF.

Miljø

Vi treng ein systemkritisk politikk for å nå målet om eit klimanøytralt samfunn.

Sel SV vil:

  • arbeide for ein offensiv klimaplan i Sel kommune
  • fortsette satsing på energiøkonomisering
  • at Sel kommune stiller miljøkrav ved alle innkjøp av varer og tenester
  • vere restriktive til omdisponering av dyrka mark
  • at bioenergi må få ein større plass, støtteordningar for rydding må halde fram
  • oppretthalde og utvide kjeldesorteringa i Sel kommune
  • ha strenge retningslinjer for bruk av motorkjøretøy i utmarka og fjellområda våre
  • verne om allemannsretten med like rettar for friluftsliv, jakt og fiske for alle i kommunen
  • ha eit godt utbygd løypenett for ski- og turgåing med minst mogleg forstyrringar frå motorferdsel.

Distriktspolitikk

Kommuneøkonomien må styrkast, slik at kommunen kan utvikle best mogleg tenester og styrke lokaldemokratiet.

Sel SV vil:

  • arbeide for å få fleire arbeidsplassar i regionen
  • leggje til rette for busetjing i grendene
  • seie nei til nedlegging av Nortura-anlegget i Sel
  • arbeide for at Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter blir ei drivkraft i helsearbeidet i regionen.

Næring, jord- og skogbruk

Sel kommune må leggje til rette for å utnytte dei store ressursane innan landbruk, handverk og bioenergi.

Sel SV vil:

  • hjelpe dei som ønskjer å starte, eventuelt leggje om, for eksempel innan industri og grøn omsorg
  • at miljøvenlege verksemder må få moglegheiter, støtte og rettleiing for å etablere seg og å utvikle seg
  • at dei som vil drive økologisk matproduksjon, må få støtte
  • at små berekraftige bruk må få tilleggsjord slik at det vert eit levande landbruk i framtida
  • at det vert satsa på fjellandbruk, som er viktig for å auke matproduksjonen.

Sel SV vil:
hjelpe dei som ønskjer å starte, eventuelt leggje om, for eksempel innan industri og grøn omsorg
at miljøvenlege verksemder må få moglegheiter, støtte og rettleiing for å etablere seg og å utvikle seg
at dei som vil drive økologisk matproduksjon, må få støtte
at små berekraftige bruk må få tilleggsjord slik at det vert eit levande landbruk i framtida
at det vert satsa på fjellandbruk, som er viktig for å auke matproduksjonen.

Kommunen som arbeidsgjevar

Vi treng eit trygt og organisert arbeidsliv, der faste stillingar er hovudregelen.

Sel SV vil:

  • vera bevisste arbeidsgjevarrolla vår
  • fremme fagorganisering for å utvide vanlige folks økonomiske makt, og for eit betre arbeidsliv
  • ha likestilling i hele kommunen
  • arbeide for å auke grunnbemanninga innan helse og barnehagar
  • arbeide for å avgrense bruk av midlertidige tilsette
  • at dei tilsette skal få tillit og moglegheit til å bruke tida og kompetansen sin på det som gjev den enkelte best tenester
  • seie nei til privatisering
  • opprette fleire lærlingplassar.

Helse og sosial tryggheit

Vi må arbeide for å utvikle helse- og sosialtenestene vidare. Vi vil kjempe for å sikre full finansiering av tenestene.

Sel SV vil:

  • at mødrer som kjem heim med eit nyfødt barn, raskt får besøk av jordmor/helsesjukepleiar
  • ha ei god helse- og sosialteneste for barn og unge
  • ha familievikar som kan støtte familiar i ein vanskeleg situasjon
  • arbeide mot mobbing og finne gode løysingar for dei som blir ramma
  • jobbe mot vold mot kvinner og barn
  • ha god profesjonell hjelp til dei som slit med psykiske problem og rus
  • vidareutvikle tiltak mot barnefattigdom
  • ha tiltak for dei som fell utanfor boligmarknaden
  • at kommunen skaffar utleigeboligar for dei som treng det mest
  • satse på vidare utvikling av det lokalmedisinske senteret
  • at brukarar skal alltid vere med i utforming og utvikling av velferdstenestene
  • at pengar som løyvast til barnevern, skuler og barnehagar skal gå til desse, ikkje til å gjera kommersielle føretak og privatpersonar rike.

Skule og barnehage

I tronge økonomiske tider er det viktig å finne gode løysingar som sikrar gode læringsmiljø og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Derfor støttar vi dei strukturendringane som er vedtekne i denne perioden.

Sel SV vil:

  • halde fram med tiltaka for tidleg innsats i barnehage og skule
  • auke grunnbemanninga
  • ha fleire barnehagelærarar
  • ha godt utdanna fagpersonar til spesialundervisning
  • at pedagogar får stønad til fagleg oppdatering.

Samferdsel

God, trygg og miljøvenleg transport er viktig for levande bygder.

Sel SV vil:

  • arbeide for fleire togavgangar på Dovrebanen og hensiktsmessige busstilbod
  • ha fleire sykkel- og gangvegar
  • ha avlastingsveg forbi Rosten
  • etablere terminal på Otta for omlasting av gods frå veg til jernbane.

Kultur

Kultur skapar trivsel og utvikling for innbyggjarane våre.

Sel SV vil:

  • støtte eit allsidig og inkluderande idretts- og kulturtilbod i kommunen
  • styrke kulturskuletilbodet
  • auke tilskotta til dei frivillige organisasjonane
  • oppretthalde kinotilbodet i kulturhuset, inkludert seniorkinoen.

EØS

EØS-avtalen har mange negative konsekvensar for Kommune-Noreg.

Sel SV vil:

  • arbeide mot meldepliktsdirektivet, som vil la EU styre kva norske kommunar kan ta opp
  • arbeide for oppseiing av EØS-avtalen.
Sel SVs Anne-Brit Bismo og Truls Gjefsen.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter