open menu

U-864 – Kvikksølvet må bort frå havet.

Det er no snart 12 år sidan vraket av U-864 blei funne vest for Fedje. Ein reknar med at den var lasta med omlag 67 tonn metallisk kvikksølv.

Det er no snart 12 år sidan vraket av U-864 blei funne vest for Fedje. Ein reknar med at den var lasta med omlag 67 tonn metallisk kvikksølv.
Mykje utgreiing er gjort, men ikkje noko kvikksølv har kome opp frå havbotn. Derimot lek det omlag 4 kg kvikksølv årleg ut i havet.

Kystverket var ferdig med si siste undersøking i mars 2014, sidan er saka sendt til samferdselsdepartementet for vidare handsaming. Det er no snart eit år sidan!

Det er forståeleg at ei heving av kvikksølvet må gjerast på ein sikker og trygg måte, og at ein må ta omsyn til faglege råd, men må det ta så lang tid?  Ein kan undrast på om ei slik miljøbombe lokalisert i Oslofjorden ville teke like lang tid å få gjort noko med.

Stadige utredningar og vurderingar  og nye rundar, skapar på ny tvil og sinne hos heile kystfolket i Hordaland. Ei tildekking fjernar ikkje kvikksølvet, heller ikkje den uvissa som vil vera knytt til utsleppa i generasjonar framover.

Vi ønskjer å bu ved kysten og kunne hausta av eit reint hav – og vi ønskjer at borna våre skal kunne gjera det same ! Hordaland Sv krev difor at kvikksølvgifta vert fjerna på forsvarleg vis.  Vi forventar at regjeringa  slår dette fast, klårt og tydeleg, og handlar deretter.

Noreg kan ikkje, verken som fiskerinasjon eller miljønasjon, ha på seg at kvikksølvproblemet ikkje vert løyst ein gong for alle og på ein 100 prosent truverdig måte. Folk som bur og verkar ved kysten, turistane, og dei som kjøper norsk sjømat, har krav på å vita at havet er reint og at norske styresmakter handlar når situasjonen krev det.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter