open menu

Private barnehagar skjuler utbytte

Titals millionar kroner forsvinn frå private barnehagar i skjult utbytte.

Titals millionar kroner forsvinn frå private barnehagar i skjult utbytte. Rapporten Gullgraving i sandkassa? Profittmuligheter og uttak av verdier fra private barnehager som Telemarksforskning har utarbeidet for Kunnskapsdepartementet slår dette fast. Dette skjer i form av konsernbidrag, godt betalte tenester til eigarar, åtskiljing av eigedom, støttetenester og registrering av eigarar i skatteparadis

Oppblåste kostnader
Sjølv om storleiken på talet  er noko usikkert,  vert det gjort greie for at barnehageeigarar kan ha motiv for å skjula uttak av verdiar frå barnehagane.  Stort uttak kan svekkja barnehagens argument for høgare tilskot eller medføra risiko for avkorting. I dei åra tilskotet kunne vore avhengig av barnehagen sine kostnader gjennom kostnadsdekkingsprinsippet, hadde private barnehageeigarar særlig sterke insentiv til å leggja fram rekneskap med høge kostnader, heiter det i rapporten

På nasjonalt plan skjer det ei overfinansiering av pensjonsordningane til private barnehagar. Kidsa barnehagar i Bergen har gått med 53 millionar kroner i overskot dei to siste åra.

Barnehagebaronar gjer store pengar på midlar som skulle gått attende til born og barnehagen.

Det er ekstra stor fare for at privat barnehagedrift skal enda som private monopol, særleg i mindre kommunar. Når barnehageeigaren har hand om både spesialbygde eller spesialinnreidde barnehagar og drifta av dei, skal det noko til for konkurrentar utan tilsvarande eigedomar å melda seg i konkurransen.

Difor ønskjer Hordaland SV å arbeide for at ingen barnehager skal eigast og drivast av kommersielle aktørar.

Hordaland SV meiner at lov og forskrifter må avgrensa høve  til å ta ut utbytte/forteneste og forby verdioverføringar i barnehagesektoren på lik linje med i privatskulelova.

Hordaland SV meiner at retten til like lønns- og arbeidsvilkår for alle tilsette i barnehagar må lovfestast.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter