open menu

På tide med gratis barnehageplass – for alle!

Hordaland SV, samla til årsmøte 14. og 15. februar 2015, meiner at det no er på høg tid å realisera vårt langsiktige mål om gratis barnehageplass til alle born.

Hordaland SV, samla til årsmøte 14. og  15. februar 2015, meiner at det no er på høg tid å realisera  vårt langsiktige mål om gratis barnehageplass til alle born.

I år fyller SV 40 år, og kravet om gratis «daghjem»/barnehageplass for alle born har vore med oss like sidan starten.  Ein av dei aller største sigrane frå regjeringsperioden vår var det store lyftet i barnehageutbygging som har gjort at så godt som alle born no har tilbod om barnehageplass.  Barnehageretten for borna er sikra gjennom lov.

Det neste store steget må vera gratis barnehageplass, til liks med skuleplass.  Maksprisen, som vi greidde å halda fast på gjennom heile regjeringsperioden, var i realiteten eit steg på vegen mot gratis barnehage.  Gratis kjernetid er eit anna steg,  inntektsgradert betaling eit tredje.
Gratis barnehageplass vil vera ei stor velferdsreform, i klasse med gratis skule for alle. Barnehageretten må vera like sterk for alle born uavhengig av foreldres betalingsevne. Dei siste månadene har NRK avdekka at kommunar over heile Noreg, og ikkje minst dei store byane, kastar ut born på grunn av manglande foreldrebetaling.  Kunnskapsministeren slår fast at det er lovstridig å ta frå born barnehageplassen når foreldre ikkje betaler.  Uansett skal barnet ha rett til å få ny barnehageplass ved neste opptak.

Årsmøtet i Hordaland SV skjønar det slik at Utdanningsdirektoratet no gjer eit større juridisk arbeid for å vurdera barnehageretten versus manglande betaling.  Etter vårt skjøn vil eikvar avgrensing i barnehageretten vera eit tilbakesteg for barnehageborn i Noreg.
Årsmøtet i Hordaland SV meiner at juridisk spissfinderi må leggjast til side. Regjering og Storting må skjera gjennom og gjera klårt at barnehageretten er overordna foreldrebetaling – for bornas beste.

Denne saka viser at det er på høg tid å reisa debatten om å realisera målet om gratis barnehageplass til alle born. Hordaland SV utfordrar med dette alle parti om å våga å ta denne debatten.

Årsmøtet er visse på at dei andre partia må koma etter når SV konkretiserer tidfesting av måla og lagar ein overordna nasjonal plan for arbeidet.  Når SV fyller 50 år, då skal gratis barnehageplass for alle born i Noreg vera på plass!

 

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter