open menu

Nei til forureining av fjordane våre

Hordaland SV er bekymra for framtida til dei norske fjordane.

Hordaland SV er bekymra for framtida til dei norske fjordane. Planar om nye mineralutvinnings prosjekt, med store samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar er under utarbeiding. Mange av desse planane baserer seg på bruk av sjø og fjord for å kvitte seg med restmineral og avfall.

Naturressursar er det alle framtidige generasjonar skal leve av, og desse ressursane må forvaltast slik at dette ikkje vert forhindra. Dagens handlingar må vere bærekraftige for all framtid, både samfunnsmessig, økonomisk, miljømessig og økologisk.

Havet står for ein viktig del av verdas fornybare matproduksjon, men denne er under stadig press frå andre næringar. Difor må det innførast totalforbod mot dumping av gruveavfall i sjø og fjord. Dei fleste land i verda har teke omsyn til dette, Noreg er eitt av fem land som heng etter.

Hordaland SV krev at det vert sett i verksett ein nasjonal forvaltingsplan for dei norske fjordane.

Hordaland SV krev at eksisterande sjø- og fjorddeponi for gruveavfall vert fasa ut, og at det vert totalforbod mot slik avfallsdumping i sjø og i fjord i Noreg.

Hordaland SV krev konsekvensutgreiing for eksisterande næringar i området.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter