open menu

Hordaland treng Hjeltnes vidaregåande skule som grøn skule i framtida

Hjeltnes vidaregåande skule har lange tradisjonar som ein grøn skule i regionen vår. Framtida til skulen skal handsamast av fylkestinget no i vår og Hordaland SV vil arbeida for å oppretthalda og vidareutvikla Hjeltnes vidaregåande skule.

Hjeltnes vidaregåande skule har lange tradisjonar som ein grøn skule i regionen vår. Framtida til skulen skal handsamast av fylkestinget no i vår og Hordaland SV vil arbeida for å oppretthalda og vidareutvikla Hjeltnes vidaregåande skule.

I samband med skulebruksplanen har det vore arbeidd med eim moglegheitsstudie for Hjeltnes vidaregåande skule. Arbeidet vert avslutta i desse dagar og hovudkonklusjonen er at Hjeltnes bør oppretthaldast som vidaregåande skule med dei tilboda skulen har i dag. Det vert også føreslått fleire nye tiltak som skal styrka tilboda ved skulen, og som vil gje nye utdanningstilbod som det er behov for i fylket.

Eitt av dei føreslåtte tiltaka er at Hjeltnes vidaregåande skule skal verta fylket sin andre produksjonsskule. Det grunnleggjande idé- og verdigrunnlaget til ein produksjonsskule er å skape eit praktisk orientert læringsgrunnlag, som kan gje ungdom lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre ei vidaregåande utdanning eller klare seg på arbeidsmarknaden. Fråfallet frå vidaregåande skule er som kjent høgt, opp mot 30 prosent. Hjeltnes vidaregåande skule er ein liten skule med internat og vaksne rundt elevane døgnet rundt. Dette gjev gode råmer for mange elevar som elles ikkje ville ha fullført vidaregåande skule.

Ein annan konklusjon i moglegheitsstudiet er at Hjeltnes skal vidareutviklast som fagskule med det nye 2-årige fagskuletilbodet «Lokal gastronomi» som no vert sendt til NOKUT for godkjenning. Dette er eit studietilbod som er sterkt ynskt av næringa sjølv innanfor reiseliv, landbruk og matproduksjon. Lokalprodusert mat der ein kan fylgja produktet frå fjell, fjord og jord til bord vert etterspurt av stadig fleire forbrukarar, det er noko som kan gje ny vekst til landbruksnæringa, og er ein berekraftig måte å produsera mat på. Dersom fylket skal heva statusen sin som eit matfylke treng me denne kompetansen.

Saman med dei eksisterande studietilboda innan blomsterdekoratør, anleggsgartnar, fagskuletilbodet arborist og gartnarutdanning for vaksne gjev dette Hordaland unike opplæringstilbod på fagfelt som ein ikkje har andre stadar i fylket. Eit fagskuletilbod i lokal gastronomi vil også utpeika seg i nordisk samanheng. I sum vil dette styrka naudsynt kompetanse i regionen innan naturbruk, matproduksjon, landbruk og reiselivsnæring.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter