open menu

Hordaland politidistrikt utan tillit

SV meiner at Hordaland politidistrikt må settast under administrasjon.

SV meiner at Hordaland politidistrikt må settast under administrasjon. For å gjenreisa tillita til politidistriktet, må politidirektør og i siste instans justisministeren, ta radikale grep på vegne av innbyggjarane i Hordaland.

Hordaland politidistrikt og politidirektoratet har svikta Monika Sviglinskaja og mor hennar på det grovaste. Men det kan og sjå ut til at det er ein alvorleg systemsvikt ved Hordaland politikammer, og SV vil sette eit stort spørjeteikn om politidistriktet tek vald mot born og kvinner på alvor. SV viser til Monika saka og Franzen saka som døme på dette. Rettferd for kvinner og born kan ikkje vera overlaten til at varslarar og familie må setja helsa si i pant for rettferd.

Hordaland SV krev at dei øvste leiarane i politi – Noreg sikrer at alle vert like for lova og vert trygg på rettvis handsaming.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

SV vil sette politiet under administrasjon: http://www.bt.no/nyheter/SV-vil-sette-politiet-under-administrasjon-3303146.html

SV: – Ingen tillit til politiledelsen: http://www.nrk.no/hordaland/sv_-_-ingen-tillit-til-politiledelsen-1.12210883

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter