open menu

Hent asylborna i Afghanistan heim! – Anundsen ut or Justisdepartementet!

Hordaland SV, samla til årsmøte 14. og 15. februar 2015, krev at alle asylborn/asylfamiliar som er sende ut til Afghanistan under Anders Anundsen som justisminister, vert henta heim.

Hordaland SV, samla til årsmøte 14. og 15. februar 2015, krev at alle asylborn/asylfamiliar som er sende ut til Afghanistan under Anders Anundsen som justisminister, vert henta heim. Årsmøtet krev også at justisminister Anders Anundsen straks går av. Justisministeren har ført både Stortinget og det norske folk bak lyset i sakene som gjeld utsending av asylborna, både i eigen person og ved statssekretær Jøran Kallmyr .

Tvert imot vurderingane og tilrådingane frå FNs Høgkommissær for flyktningar, Landinfo og UDI mangedobla Noreg tvangsreturane av born til Afghanistan frå seinsommaren i fjor. 6. august endra Flyktningekommissæren sine tilrådingar til eintydig å frårå tvangsreturar til internflukt for barnefamiliar. Då hadde Anundsen gjeve politiet klår melding om at det totale måltalet på 1900 asylreturar for 2014 skulle nåast.  I august vart 20 born tvangsreturnerte til Kabul, i september 12, i oktober 10, i november 19. Høgste talet tidlegare på ein månad var fem. Samla tal for 2014 var 84 tvangsutsende born til Afghanistan.  Mange av desse borna hadde budd i Noreg i mange år.

I oktober beroliga Anundsen Stortinget, og især Venstre og Krf: Han hadde ingen meldingar gjeve som hadde ført til massiv utsending av lengeverande asylborn. Det var altså ikkje sant, og det var ikkje einast til Afghanistan at tvangsutsendingane av asylfamiliar vart intensiverte.  Men i Kabul vekte den kraftige auken i tvangsreturar merksemd (BT 29.01.). Protestar vart fremja til parlamentet, dei folkevalde sende brev med fleire spørsmål til flyktningedepartementet, og afghanske media byrja å interessera seg for saka.  2. november sende så det afghanske utanriksdepartementet eit brev til norske styresmakter som BT har fått omsett frå dari. Afghanistan uttrykkjer sterk uro over at «deporteringsgraden av afghanske familier i Norges Kongelige stat i disse dager (er) i stadig økning; noe som har bekymret Direktoratet for flyktninger og returnerende sterkt.» Brevet grunngjev uroa si med «fryktelige sikkerhetsomstendigheter og sikkerhetsforhold, økonomiske forhold, arbeidsløshet, manglende tak over hode og manglende mulighet til utdanning og hensiktsmessig miljø for barn oppvekst og sikring av deres øvrige interesser i Afghanistan….» Brevet konkluderer med å be Noreg å tilby familiar frivillig retur og «unngå å deportere disse da ved deportering vil slike familier ellers bli avvist ved innreise til Afghanistan.»

Dette brevet har ikkje justisministeren funne det for godt å senda over til Kontrollkomiteen i Stortinget. Statssekretæren hans har nekta for at brevet omhandlar familiereturar og fornekta at brevet kom avdi Noreg intensiverte utsendinga av asylborn.  Bergens Tidende har offentleggjort brevet  på papir og på nett – slik at vi alle kan sjå at statssekretær Kallmyr talar usant. Det kan også sjå ut til at  omsetjingspraksisen til norske styresmakter av brev frå «afghansk» har ein noko amatørmessig karakter.

No har Afghanistan sendt den fyrste tvangs-utsende asylsøkjarfamilien i retur frå Kabul til Noreg. Det er skammeleg for Noreg at  vi ikkje respekterer afghanske styresmakter og Afghanistan som likeverdige Noreg – og at Noreg oppfører seg så arrogant betrevitersk overfor eit land vi har atskilleg å svara for i. NOAS kjenner til fleire saker den siste tida der kvinnelege asylsøkjarar med born har vorte returnerte til Afghanistan utan mannen. Afghanistans ambassadør til Noreg har no teke initiativ til at ein delegasjon frå Noreg kan koma til Kabul og diskutera spørsmålet om returavtalen på høgt politisk nivå.  Ho skal også ha oppfordra Justisministerens statssekretær til at Nroeg skal invitera Afghanistans nyinnsette flyktningeminister.

Justisministeren har møtt for Kontrollkomiteen i Stortinget til høyring, og Kontrollkomiteen går no gjennom det som har kome fram i høyringa. Imedan vert fleire asylborn-familiar utsende med tvang til Afghanistan. FRPs innvandringspolitiske talsmann Mazyar Keshavari meiner Noreg må konfrontera Afghanistan hardt og «virkelighetsorientere dem på en helt annen måte enn vi har gjort hittil.»(Klassekampen 13.02.) Han seier Noreg må bruka det bilaterale forholdet og bistandsmidlane Noreg gir Afghanistan: «Det er et språk jeg er overbevist om at afghanerne skjønner.»

Årsmøtet i Hordaland SV protesterer skarpt mot ei slik nykolonial behandling av Afghanistan og afghanske styresmakter. Vi utfordrar statsminister Erna Solberg: Er det denne regjeringas politikk å seia ein ting frå Stortingets talarstol når det gjeld tvangsutsending av asylborn, gjera det motsette av det som vert sagt – og tala usant om m.a. heilt ekte brev frå afghanske styresmakter? Korleis vil regjeringa Solberg få til ein forsvarleg omsetjingspraksis av brev frå land Noreg tvangsreturnerer asylsøkjarar til? Er det regjeringa Solbergs politisk vedtekne praksis å senda ut born til fåre for liv, tryggleik og framtid for at justisministeren med lygn og løynd skal nå FRPs måltal for utsending av asylsøkjarar? Har regjeringa ei så nedlatande holdning til Afghanistan og afghanske styresmakter som dei FRPs innvandringspolitiske talsmann gav uttrykk for i Klassekampen 13. februar?

Årsmøtet i Hordaland SV krev at regjeringa hentar heimatt alle born og deira familiar som har vorte tvangsutsende til Afghanistan fom. 01.01.2014. Årsmøtet krev også at alle born m/familiar  som er tvangsutsende fom 01.01.2014 får sakene sine behandla etter nytt regelverk og med gratis rettshjelp. Justisministeren si behandling av asylbornpolitikken stettar ingen krav til anstendighet, ærlegdom og humanitet. Difor tilrår vi statsminister Erna Solberg å løysa Anders Anundsen frå justisminister-ombodet – no.

Årsmøtet bevilger en utgave av forvaltningsloven og en innføring i menneskrettighetene til justisminister Anders Anundsen og statssekretær Jøran kallmyr som sendes i gave i posten.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter