open menu

Ei frisk luft å puste i

Kvar vinter dei seinaste åra har det vore dagar med helseskadeleg luft på Danmarks plass og truleg også i Loddefjord og Åsane.

Kvar vinter dei seinaste åra har det vore dagar med helseskadeleg luft på Danmarks plass og truleg også i Loddefjord og Åsane. I 2010, 2012 og 2013 braut Bergen den lovfesta grenseverdien for årsmiddel NO2 .

I situasjonar med høg luftforureining eller fare for høg luftforureining har det gong på gong synt seg at det høgrestyrde byrådet er handlingslamma. Seinast i førre veke (veke 4) var lufta på Danmarks plass helseskadeleg utan at byrådet sette i gang tiltaka i handlingsplanen sin. Byrådet har gjennom mange år skulda på vekslande regjeringar for at dei ikkje får innført tiltaka byrådet ynskjer utan at dei har vore villige til å gjennomføre tiltaka som allereie er tilgjengelege.

Biltrafikken er den desidert største kjelda til utslepp av helseskadelege nitrogenoksid og må reduserast skal luftkvaliteten kunne verte betre. Tiltak for å redusere trafikken må på plass før lufta er ureina, etter at lufta er blitt helseskadeleg er det for seint. Bergen kommune må setje i gang trafikkdempande tiltak når det er varsla vêrtilhøve som kan føre til skadeleg luft. Ved fare for ureina luft må bompengane aukast radikalt. Nivået på bompengeauka må vurderast fortløpande slik at ein når trafikkmåla.

Byrådet avskaffa i 2011 ordninga med pant for gamle vedomnar, fordi ordninga etter byrådet si oppfatning ikkje var naudsynt lenger. Trass i at 22335 gamle ikkjereintbrennande omnar står får årlege utslepp av 304 tonn svevetøv. Overgang til reinare varmekjelder bør vere eit prioritert tiltak.

Bergen hamn har no infrastruktur for å forsyne eit -1- supplyskip med straum frå lang. Dette er gledeleg, men er også alt for lite og alt for seint. Elektrifisering av hamna er eit viktig tiltak for å betre bylufta og må forserast.

Hordaland SV meiner:

  • Vi må ta i bruk alle tilgjengelege verkty før lufta vert helseskadeleg.
  • Vi må innføre trafikkavvisande tiltak som høgare bompengar når det er fare for høg luftforureining. Tiltaka må innførast før luftmålaren syner raudt.
  • Bergen må bortvise skip frå hamna når det er fare for høg luftforureining.
  • Ein må gjennomføre permanente tiltak for å redusere biltrafikken i kommunen. Desse inkluderer mellom anna kollektiv på alle innfartsårene.
  • Det må leggjast betre til rette for syklistar og forgjengarar. Sykkelvegane må vere slik at alle grupper i samfunnet vert freista til å nytte dei.
  • Arealplanlegginga må leggjast om -med nærbarnehage, nærbutikk og betre blanding av bustad og arbeidsplassar- slik at reisebehovet på sikt vert redusert.
  • Utbygging av utleppsfri kollektivtrafikk må prioriterast: Bybanen til både Fyllingsdalen og til Åsane via Bryggen, og utbygging av trollybuss.
  • Utbygging av landstrum i hamna må forserast. Bergen treng ei handlekraftig politisk leiing som får gjennomført elektrifiseringa av hamna i rimelig tid.
  • Antall parkeringsplasser i Bergen sentrum må halveres innen 2020.

SV meiner innbyggjarane i Bergen fortener eit politisk fleirtal som tek helsa deira på alvor.

Vedtatt på Hordaland SV årsmøtet 14. – 15. februar 2015

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter