open menu

2013 – Sats på Rus og psykiatribehandling på Valen sjukehus.

I «Nasjonale faglige retningslinjer for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse, ROP-lidelser», er pasientgruppa med både ei psykoseliding og ei rusliding omtala som ei gruppe som i periodar vil vera i behov av lange sjukehusinnleggingar, opptil 6 månader.

Post A på Valen sjukehus er eit behandlingstilbod for pasientar med dobbeldiagnose, til den «sårbare» gruppa med både ein psykosediagnose og eit alvorleg rusproblem. Behandlinga av lidingane skjer parallelt.

Det er i ei årrekke lagt ned mykje arbeid i utvikling av kompetanse på psykosebehandling og etter kvart rusmisbruk. Personalet på post A har vore stabilt. Posten har såleis ei solid fagleg ballast når det gjeld kompetanse på behandling av desse lidingane.

I tillegg til behandling av rusmisbruket, bygger behandlingstilbodet på posten på dei same prinsippa som god psykosebehandling bygger på. Der har ein i dag, i tillegg til tradisjonelle behandlingstilnærmingar, også fokus på utvikling/ styrking av friske og sterke sider hjå pasienten. På dette området har post A nytta seg av dei ressursane Valen sjukehus kan by på: Ergoterapitilbodet, naturen omkring og skuletilbodet på Valekrossen.

Hordaland SV ser med uro på nedbygging av døgnbehandlingstilboda innan rus og psykiatri ved Valen Sjukehus.

Behandlingsplasser for denne pasientgruppa vil gå tapt og ventetida vil auka.

Det kan resultere i fare for liv og helse!

Behandlingstilbod for pasientar med rus og psykisk liding på Valen må bestå!

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter