open menu

2013 – Politietterforskninga på anmeldelsar i økonomiske saker generelt og bidragssaker spesielt må prioriterast

Det har vore, og er ein debatt gåande på politiet si evne til å etterforske økonomisk kriminalitet. Hordaland SV ynskjer at nødvendige strategiar og tiltak skal settast i verk slik at politiet, i alle politidistrikt, er i stand til å prioritere desse sakene.

Norske fedre, det er stort sett fedre, skuldar omlag 3 mrd. kr i barnebidrag. Dette er pengar som skulle kome barn til gode. 60-70 personar vert årleg anmeldt. Desse anmeldelsane vert ulikt følgt opp.

Hordaland SV ynskjer at desse sakene vert skikkeleg følgt opp frå politiet, uavhengig av politidistrikt. Det skal ikkje vere slik at i nokon politidistrikt kan ein risikere at desse sakene vert mangelfullt følgt opp, pga. manglande evne og/eller prioritering.

Dette er viktig for i sikre «betalingsvilje» hos dei som skal betale barnebidrag, slik at desse barna får betre oppvekstvilkår. Det er også viktig for å redusere økonomisk kriminalitet generelt, at samfunnet sikra at økonomisk kriminalitet vert etterforska og domfelt.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter