open menu

2013 – Endringar i eigedomsskattelova

Stord kommune har innført eigedomsskatt på alle eigedomar og verk og bruk. Eigedomsskattelova gjev kommunane høve til botnfrådrag, differensiert skattesats og fritak for eigedomsskatt for nye bustadar.

 

I prosessen med innføring av eigedomsskatt er det først og fremst husstandar (føresatt +born) med ei inntekt som har teke kontakt med Stord SV. Dei hevdar at eigedomsskatten gjer det vanskelegare økonomisk for familien, og at det hadde vore meir rettvist at husstandar/ eigedomar med ei inntekt hadde høve for å få redusert eigedomsskatt.

Hordaland SV meiner at kommunane må få større høve til å redusere eigedomsskatten til husstander med einsleg forsørgar og utan oppsparte midler (formue)

Det viktigaste her er høve til å redusere eigedomsskatten til husstandar med einsleg forsørgar og utan oppsparte midlar (formue).

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter