open menu

SV fekk fleirtal for vurdering av nærskuleprinsippet i Vestland fylke

SV fekk i går fleirtal for fylgjande i fellesnemnda for nye Vestland fylke: “Fellesnemnda ber om at nærskuleprinsippet vert utgreidd i det vidare arbeidet med val av inntaksystem til saka kjem i oktober 2019. Gjerne etter modell frå Trøndelag.”

  • SV vil gje alle elevar rett til å gå på nærskulen sin, og istadenfor eit inntak basert på karakterer. Prinsippet om fritt skuleval, som eigentleg berre er eit fritt val for dei med best karakter, fører til at populære skular kan velja blant elevar med best karakter, seier Aud Karin Oen, medlem av fellesnemnda for SV.
  • Det karakterbaserte opptaket fører til at fleire skular får ei svært homogen elevgruppe. Det går ut over elevar både med gode og mindre gode karakterar, seier Aud Karin Oen.

SV ynskjer at nærskuleprinsippet vert lagt til grunn ved inntaket til den vidaregåande skulen. Dette er det per i dag ikkje fleirtal for i fylket, men SV fekk med seg AP og SP og fekk dermed fleirtal for å greia ut nærskuleprinsippet. Dermed vert nærskuleprinsippet ein del av utgreiinga når saka skal opp på nytt i oktober.

Del dette