open menu

Eit godt fødetilbod og barselomsorg er eit politisk ansvar

SV si fråsegn blei samrøystes vedteken av fylkestinget i Hordaland.

Fylkestinget er uroa over ulike oppslag media om tilbodet til dei fødande kvinnene på Haukeland.

Ei undersøking gjennomført av Folkehelseinstituttet syner at barselavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus scorar lågast på fire av fem kvalitetspunkt. Spørjeundersøkinga er gjort blant kvinner som fødde i siste kvartal av 2017. Over 8000 kvinner har blitt spurde.Det er kvalitetar som går på relasjon til personalet, informasjon om barnet, rammer og organisering og ivaretaking av partnar som gjev botnresultat for Haukeland. Dette er andre året dei får eit slikt resultat.

Dei tilsette har i lang tid vore uroa for at bemanninga er så lav at pasientane vert utsett for risiko. No seinast med varsling til fylkeslegen og Arbeidstilsynet.

Den nye fødeklinikken i Bergen vert bygd utan barselrom. 40 prosent av kvinnene skal ut 6–24 timer etter fødsel, noko som og mange ønskjer. Det betyr likevel ein sterk reduksjon i gjennomsnittleg liggetid som i dag er 2,7 døger. Løysinga er at kommunane får ansvaret. Samstundes syner ei berekning frå Jordmorforeninga at det på landsbasis manglar mellom 600–700 jordmorårsverk i kommunane. Det er og registrert ei auke i psykiske plager hjå mødre etter fødselen, noko som vert sett i samanheng med kort liggetid.

Eit godt fødetilbod og barselomsorg er ein indikator på korleis samfunnet prioriterer, og er eit politisk ansvar. For Hordaland fylkesting er det viktig å vera trygg på at det vert gjeve eit godt og forsvarleg tilbod til våre fødande kvinner og borna deira.

Del dette