open menu

Marthe Hammer fyrstekandidat for Vestland SV

Hege Lothe vald til leiar i Vestland SV.
I helga vart Vestland SV skipa, eit nytt fylkeslag beståande av dei to fylkeslaga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV.

 

På skipingsmøtet vart Hege Lothe, frå Gloppen, samrøystes vald til det nye lagets fyrste leiar. Med seg i leiarskapen har ho Gina Barstad, frå Bergen, som politisk nestleiar, og Akthar Chaudhry, frå Stord, som organisatorisk nestleiar.

SVs liste til nye Vestland er klar.

Marthe Hammer sit i dag i fylkestinget i Hordaland, som nestleiar i utval for miljø og samferdsle. Ho har vore i sentralstyret og landsstyret i SV som kvinnepolitisk leiar i mange år. Til dagleg jobbar ho som leiar for Fagsenter for innovasjon ved Haukeland Universitetssjukehus. Ho er samfunnsøkonom av utdanning og sit også i nasjonal skatteklagenemnd. Marthe har fire barn og bur i Bergen.

– Klimautfordringa er her, og derfor hastar det med å få på plass ein samferdsleallianse som evnar å førebu oss for framtida og prioritere klima, kollektivtrafikk og tryggleik og ikkje nye gigantiske brukryssingsprosjekt og motorvegar inn til Bergen, seier Marthe Hammer.

– Vi er det klare alternativet for velgjarar som meiner vi må ta klimautfordringane på alvor, lokalt, regionalt, nasjonalt som internasjonalt. Vi kjemper for felleskapsløysingar, og for eit samfunn for dei mange, ikkje for de få, seier Marthe Hammer.

– Klimakampen saman med ulik fordeling av makt og rikdom er vår tids største utfordring. Vestland trenger modige politikarar som tør å stå opp for miljø og rettferd. Hordaland fylkesting har med sine miljøvennlige ferjer vist at ein lokalt kan medverke til ein marin industriell ferjerevolusjon. Ferjevedtaka viser at det er mogleg å handle lokalt i klimakampen, og kutte utslepp med over 90%, dette trenger vi meir av, seier Marthe Hammer

Åsmund Berthelsen frå Naustdal vart nominert som andrekandidat for Vestland SV.

Åsmund har sidan 2015 sittet i kommunestyret i Naustdal for SV.
Då hadde Berthelsen hatt pause frå lokalpolitikken i 12 år etter 16 års teneste, mellom anna ein periode som varaordførar.

-Det var planane om å fylle Førdefjorden med steinstøv som fekk meg inn att i partipolitikken, seier Berthelsen som har vore aktivt med i miljøkampen frå 1970-talet. – Det at det er alvorlege planar om å sende tonnevis med steinstøv ut i ein fjord no på 2000-talet er heilt vanvittig, meiner han.
-I tillegg til miljø-og klimakampen er arbeidet for eit samfunn med små skilnader det viktigaste, seier Åsmund. -Det er avgjerande for både folkehelsa, verdiskapinga og gode, sosiale fellesskap.

Etter den nye regjeringa vart danna har det komme over 1750 nye medlemmar til SV. Og det er vanskelig å ikkje forklare medlemsrushet med at folk gjer opprør mot den nye regjeringa, og alt den står for. SV vert opplevd som det reelle opposisjonspartiet til alt den står for, både som et reelt alternativ til å snu forskjellspolitikken, tøff og tydelig i klimakampen, og et parti som står stødig i kampen for noe så grunnleggande som kvinners abortrettar

Del dette