Valnemnda til SV i Hordaland og Sogn og Fjordane foreslår Hege Lothe som den fyrste leiaren i historia til Vestland SV.
Vestland SV blir stifta 9. – 10. februar på Scandic Flesland.
– Vestland SV har god medlemsauke og medvind i målingane. Det er difor spennande å få lov til å vere med på å utvikle to fylkeslag til ein slagkraftig og effektivt valkamporganisasjon fram mot fylkesting og kommunevalet, seier Hege Lothe.
Hege Lothe (46) er kommunestyrerepresentant i Gloppen for SV og er i dag direktevald landsstyrerepresentant. Ho er tidlegare fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV. Ho bur på Sandane og er tilsett som informasjons- og organisasjonskonsulent i Noregs Mållag.
SV sa nei til samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.
– Vi vann ikkje fram, så no er den viktigaste utfordringa å skape eit nytt storfylke som er tenleg både for bygdene i distrikta og for byen i sentrum. Då trengst SV for å lage miljøvennlege kollektive løysingar og ein solid politikk for tenester og utvikling i heile fylket, seier Hege Lothe.
Valnemnda foreslår i tillegg Gina Barstad frå Bergen som politisk nestleiar og Akhtar Chaudry frå Stord som organisatorisk nestleiar.
Heile innstillinga finn du her:
Sak 6 Val Innstilling til fylkesstyre for Vestland SV
Foto: Katrine Anita Haugerøy Heggelund