open menu

Endeleg forslag til fylkestingslista

Ei samla nominasjonsnemnd for SV i Hordaland og Sogn og Fjordane legg fram forslag til valliste for nye Vestlandsfylket.

Styrande for arbeidet i nominasjonsmeda har vore samordning av to fylkeslag, etablering av gode arbeidslag både for valkamp og praktisk politisk arbeid i fylkestinget, god kjønnsfordeling, tilnærma 3-delt fordeling mellom byen (B) og land (H+SF), likevel slik at flest mogeleg lokallag er representerte på lista. Ved oppfylling av lista har ein prøvd å velja dei ‘yngste’ kandidatane, slik at me får rekruttert / appellert også til yngre veljarar. På slutten av lista er sett opp vakse folk med godt renommé og god erfaring!

Nominasjonsnemda er einstemmig.
Nominasjonsmøte blir 10. Februar på Scandic Flesland i Bergen

Nominasjonsnemnda sine faste medlemer har vore:
Mette Homefjord Olsen, Hordaland –leiar
Andreas Madsen Berg, Hordaland
Kjartan Haugsnes, Hordaland
Magne P. Årdal, Sogn og Fjordane
Bente Nilsen, Sogn og Fjordane
Stijn Poland, Sogn og Fjordane SU

Presentasjon av kandidatane:

Marthe Hammer (39)  har lang politisk erfaring. Ho sit i dag i fylkestinget i Hordaland, som nestleiar i utval for miljø og samferdsle. Ho har site i sentralstyret  og landsstyret i SV som kvinnepolitisk leiar i mange år. Til dagleg jobbar ho som leiar for Fagsenter for innovasjon ved Haukeland Universitetssjukehus. Ho er samfunnsøkonom av utdanning og sit også i nasjonal skatteklagenemnd. Marthe har fire barn og bur i Bergen.

Marthe har stått på barrikadane for abortlov og kvinners rettar, ho har jobba for rettferdig fordeling innan makt og rikdom. I fylkestinget er ho mest nøgd med å ha vore med å sikra ein miljøvennleg marin industriell ferjerevolusjon. «Klimakampen saman med ulik fordeling av makt og rikdom er vår tids største utfordring. Ferjevedtaka viser at det er mulig å handle lokalt, det er eg stolt over», seier Marthe.   Ho synes det er hyggeleg å verta nominert på topp av nominasjonskomiteen, og ho er klar for å fortsetja kampen for betre klima og miljø i det nye Vestland fylke.

Åsmund Berthelsen (66) har vore sekretær i SV, fylkesleiar i Sogn og Fjordane, varaordførar i Naustdal og er elles både frilufts- og miljømann. Han leier no programarbeidet for nye Vestland SV.  Yrkesbakgrunn er lærar og journalist.  Åsmund er glad for å få kjempe for SV-politikk i det nye fylket.  Det vert viktig å stoppa dei store fjordkryssingane og heller prioritera meir midlar til fylkesvegar og rassikring.  Å sikra reine fjordar og hindra dumping av tonnevis av gruveavfall er viktig miljøsak. Me må kunna driva gruvedrift og mineralutnytting utan dagbrot og fjordfyllingar.

Symphorien Pombe (44) Kom til Noreg frå den demokratiske republikken Kongo i 2002 som kvoteflyktning. Symphorien er sosialist, feminist og ikkje minst aktivist i SV. Han sit no i sin 2. periode i Sund kommunestyre og er 2. vara for Audun Lysbakken på Stortinget. Hans hjartesaker er internasjonal solidaritet, rettferd og born og unge. Symphorien er ein kraftfull politikar for minoritetatar sine vilkår i det norske samfunnet.  Symphorien har og vore organisatorisk nestleiar i Hordaland SV.  Med 14 års erfaring i SV vil Symphorien bidra positivt i fylket vårt og ikkje minst få oss til å løfta blikket utover eigne fylkesgrenser.

Marianne Sæhle (52) har mange års erfaring frå politisk arbeid i Hordaland, no som organisatorisk nestleiar i fylkeslaget.  Hennar arbeid som tillitsvald for sjukepleiarane og mange års erfaring fra organisasjonslivet gjev gruppa ei god fagleg tyngde.   I fylkestinget vil Marianne jobba for eit godt arbeidsmiljø, bygd på tillit og respekt for kvarandre. Fylket må stilla krav til at de bedrifter den inngår kontraktar med, har eit forsvarleg arbeidsmiljø og klare tilsettingsforhold. Der det er muleg må leverandørar forplikta seg til å ha lærlingar.

Aud Kari Isane (58) sit i dag i formannskap og kommunestyre i Balestrand. Gjennom arbeidet i Fellesnemnda for nye Sogndal kommune får ho erfaring med å utvikla  felles kultur og identitet, noko som vil tena det nye fylkestinget.  Aud Kari seier det er kjekt og ærefullt å bli med i topp 5 på SV lista, og som Nordfjording som bur i Sogn og jobbar i Bergen i Skatteetaten, så gleder ho seg til å bli med i topplaget til SV i nye Vestland og skapa det nye fylket.

Jeffrey Meijer (19) er leiar i Sogn og Fjordane SU; og studerer for tida i Bergen.  Han er klar for jobben som den fremste ungdomen på lista, og som folkevald vil han arbeide for dei mange, ikkje dei få.  «Vi skal vere eit folkestøttande fylke for både bygd og by, som prioriterer folk, miljø og skule framfor grådigheit», seier han. Vidare vil han fylket skal sette solide arbeidsrammar i skulen, eit skulemåltid skal inn i kvardagen, pensum skal moderniserast og krav til miljøvennlege løysingar skal settast.

Se heile lista her:
Endeleg forslag til fylkestingslista Vestland SV 2019-2023

 

 

Del dette