open menu

Fylkesårsmøte og nominasjonsmøte i Vestland SV

Velkommen til det aller fyrste fylkesårsmøte og nominasjonsmøte for “Vestland SV”

Vi ynskjer velkommen til fylkesårsmøte og nominasjonsmøte helga 9. – 10. februar. Møtet vert halde på Scandic Flesland i Bergen.

Helga tar til med to korte separate årsmøte, for Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV. På dei separate årsmøta skal fylkeslaga leggast ned, for å så slå oss saman til eitt fylkeslag, Vestland SV. På  dei separate årsmøta vil fylka også velje sine fylkesvise representantar til landsmøtedelegasjonen til SV landsmøtet 29 – 31. mars, godkjenne rekneskap 2018 og beretning 2018.

Saksliste fylkesårsmøte:
Arbeids- og organisasjonsplan
Budsjett
Fylkesprogram for nye Vestland SV
Konstituering
Landsmøtesaker
Fråsegner
Val
Vedtekter

Saksliste nominasjonsmøte:
Val

Sakspapira leggjast ut her: https://www.sv.no/hordaland/arsmotet/

Praktisk om møtet:

Lokallaga vert tildelt delegatar til møta. Delegatfordelinga vart vedteken på årsmøtet i februar 2018, og kan lesast her https://www.sv.no/hordaland/wp-content/uploads/sites/12/2014/02/Delegasjonsregelverk-for-2019.pdf

Lokallag vert fakturert kr 1000,- per tildelte delegat. Summen inkluderar opphald på årsmøte hotellet lørdag – søndag, og reise (ikkje reise i Bergen).

Årsmøtet legg opp til overnatting for alle deltakarar frå laurdag til sundag. Det leggjast opp til overnatting på dobbeltrom. Ynskjer deltakaren enkeltrom, er differansen på enkeltrom og dobbeltrom kr 325,-, og må betalast av deltakaren eller lokallaget.

Påmeldingsskjema til møta finn du her: http://www.anpdm.com/survey-public/42405D417749415E407940/454250437342435F4371&Event=True

 

Del dette