open menu

Fylkesbudsjett 2019, Økonomiplan 2019-2022

Partia Ap, KrF, Sp og SV legg med dette fram endringar til rådmannen sitt budsjettframlegg for 2019.

Hordaland fylkeskommune har ein krevjande økonomisk situasjon og inntektene frå staten syner ein nedgang for andre året på rad. Budsjettforslaget er stramt og følgjer opp målsettinga om god økonomisk styring og auka nedbetaling av gjeld. Samstundes er det utfordringar innan alle tenesteområde som treng auka satsing og samarbeidspartia legg difor opp til ein forsiktig vekst på nokre utvalde tiltak. Samarbeidspartia legg fram endringar og omprioriteringar på rådmannen sit forslag til fylkesbudsjett på til saman 178 150 000 kr. Det er auka satsing på:

  •  Klima- og miljøtiltak, næringsutvikling og fornybarsatsing
  • Styrka kollektivtilbod
  • Opplæring og helse
  • Trygge skulevegar og vegvedlikehald
  • Gode kulturtilbod

Endringane skal medverka til å nå regionale og nasjonale målsettingar og sikra gode føreseielege tenester til innbyggjarane.

Fylkeskommunen skal vera ein pådrivar i arbeidet med å redusera klimagassutslepp i nært samarbeide med staten, kommunane, næringsliv, forskings- og utdanningsinstitusjonar og partane i arbeidslivet. Hordaland fylke si satsinga på elektrifisering av ferjene har hausta nasjonal og internasjonal merksemd og skapt store positive ringverknader for verftsindustrien og rederia.

Det mest effektive klimatiltaket er å få fleire til å reisa kollektivt. Rimelege reiser, utbygging av bybana og auka satsing på fleire buss- og baneavgangar har gjeve rekordvekst i talet på kollektivreisande i Hordaland. Auken syner at det no er nær 70 000 000 kollektivreisande i året. Det er innført nye takstsoner som gjer det svært rimeleg å reisa kollektivt i heile fylket. Fleirtalet i fylkestinget vil halda fram denne satsinga i neste års budsjett med nye kutt i prisane, auka rutetilbod og midlar til å sikra betre korrespondanse mellom båt og buss. Det vert skjerpa krav om elektrifisering og bruk av fornybart drivstoff for bussparken og tilskot til elektrifisering av ferja Valestrand-Breistein.

Arbeidslivet er i stor omstilling noko som krev meir satsing på fleire områder. Vi treng meir ressursar til forsking og næringsutvikling. Tilbodet innan etter- og vidareutdanning må styrkjast. I tillegg må det leggjast betre til rette for digitalisering gjennom utbygging av breiband. Trass i desse utfordringane har stortinget gjort store kutt i verkemidla til omstillingsarbeidet.

Fylkestinget vil gjennom budsjettet styrkja rolla som regional utviklar og sikra tilskot til omstilling og utvikling av fornybare energiløysingar og grøn næringsutvikling gjennom øyremerka søkbare midlar.

For fyrste gong vert det dokumentert at fråfallet i den vidaregåande skulen går ned, dette er svært gledeleg. Fleire elevar fullfører vidaregåande utdanning, yrkesfaga styrkjer si rolle og det vert oppretta fleire lærekontraktar. Fleire av ungdomane  som fell ut av utdanningsløpet tar imot tilbod om anna aktivitet, som  ved Hyssingen produksjonsskule.

Produksjonsskuletilbodet skal det kommande året utvidast og etablerast i eit nytt tilrettelagt tilbod, på Hjeltnes i Ulvik. Målsettinga er at alle elevar som fell frå skal kontaktast og få tilbod om alternativt aktivitet. Dette målet er i ferd med å verta nådd.

Det er opna nye skular på Voss og Tertnes i Bergen og  det er fullført store moderniseringsprosjekt ved Katedralskulen og Odda Vidaregåande skule.  Bygging av ny vidaregåande skule i Åsane er starta opp og vert opna i 2020. Fylkestinget vil tilføre auka ressursar for å halda fram den gode utviklinga innan opplæring, gode helseførebyggjande tiltak og sikra eit godt tannhelsetilbod i alle deler av fylket.

Grunnfinansieringa for skulane vert styrka. Det vert auka midlar til spesialundervisning, det vert også sett av ein søkbar pott til opplæringsmidlar for yrkesfag. Det helseførebyggjande arbeidet vert styrka gjennom tilbod om meningokokk-vaksine for alle elevar i vidaregåande skulen. Det vellukka tilbodet om skulefrukost vert forsterka.

Trygge og framkommelege vegar med god standard er avgjerande for å sikra vekst og utvikling i alle deler av fylket. Fylkestinget vil gjennom budsjettet styrkja satsinga på trygge skulevegar, til vedlikehald og til dekkelegging. Fylkestinget er uroa over manglande løyvingar i statsbudsjettet til å styrkja vedlikehald, rassikring og fornying av fylkesvegnettet. I tillegg kjem det stor kostnadsvekst i drifta av ferje- og båtsamband. Fylkestinget vil ta initiativ til eit breitt samarbeida lokalt og nasjonalt for å påverka den nasjonale samferdselspolitikken slik at løyvingane til fylkesvegnettet vert betydeleg auka i åra som kjem.

Fylkestinget vil ta nye steg i arbeidet med å styrkja det friviljuge organisasjonslivet, idretten, kulturinstitusjonane og den profesjonelle scenekunsten. Det er gjort betydelege løft mellom anna med satsing på Hordaland teater, ny scene for Carte Blanche og idrettssatsinga gjennom Campus Bergen. Fylkestinget vil medverka til å sikra gode fritids- og idrettstilbod og eit breitt kulturtilbod i heile fylket. Det gode samarbeidet med dei profesjonelle institusjonane skal styrkjast og fylkeskommunen skal vera ein god samarbeidspartnar for heile det friviljuge organisasjonslivet.

Fylkestinget vil halda fram arbeidet med omstilling og fornying av fylkeskommunen i nært samarbeid med tilsette, tillitsvalde og samarbeidspartnarar. Sjukefråværet går ned og det skal framleis vera ei prioritert satsing. Arbeidet for meir likestilling og likeløn skal styrkjast og det skal leggast til rette for at dei som ynskjer det skal få tilbod om auka stillingsprosent. Fylkeskommunen skal ha ein offensiv innkjøpspolitikk som set klare krav til leverandørar og samarbeidspartnarar, om klima og miljø, restriksjonar på bruk av innleie og til løns- og arbeidsvilkår i samsvar med det ein har i landsomfattande tariffavtalar.

Hordaland skal vera eit godt fylke å bu i for alle. Dette gjelder også for dei som fell utanfor det ordinære hjelpeapparatet og ikkje får grunnleggjande helsehjelp eller tilstrekkeleg med mat. Fylkestinget ser denne utfordringa og vil gjennom løyvingane i budsjettet anerkjenna det gode arbeidet som vert gjort av friviljuge helsearbeidarar gjennom «Helsehjelp for papirløse» og tilboda i regi av Robin Hood huset.

Budsjettet for 2019 og økonomiplanen 2020-2022 vil styrkja arbeidet med å skapa ei trygg og berekraftig utvikling og sikra gode tenestetilbod for innbyggjarane i eit førebyggjande og helsefremjande perspektiv.

Auka aktivitet og drift

Samferdsel

Trygg skuleveg og punktutbetring
Fylkestinget aukar løyvingane til vedlikehald og til mindre investeringar på vegnettet såkalla «punktutbetring» for å medverka til tryggare skulevegar og til meir satsing på samarbeidsprosjektet «Hjertesone» saman med Trygg Trafikk og kommunane. I tillegg skal løyvinga gje oppstart for trafikksikringstiltak i Kvamsbrekka i Lindås, Langhøyane på Radøy og Matre bru i Kvinnherad. 

Auka dekkelegging
Vedlikehaldsetterslepet og manglande midlar til asfaltering er svært utfordrande difor er det heilt naudsynt å auka tilskotet til asfaltering. Fylkestinget sine påplussingar vil gje betydeleg meir midlar til asfalt og sikra tryggare vegar for dei reisande.

Auke dekkelegging 45 000 000
Trygg skuleveg og punktutbetring, søkbar pott 42 000 000
 Sum 87 000 000

 

Kollektiv
Fylkestinget legg til rette for at fleire skal nytta kollektive reisemåtar gjennom auka ruteproduksjon på bybane, båt og buss. Det vert takstfrys på periodebillett barn, takstfrys på periodebillett ungdom, billegare periodebillett student, billegare periodebillett vaksne, gratis for born opp til 6 år – dette gjeld ikkje reiser med skuleskyss. Aldersgrensa for barnebillett vert auka til 18 år og prisen på periodekort for honnørreisande vert sett ned . 

Båtsambanda Rekstern-Våge-Os og båtsambandet i Ølen vert vidareført og det vert ingen kutt i rutetilbodet Askøy-Bergen. Ferjetilbodet i Hordaland vert vidareført.

Kollektiv
Auka ruteproduksjon på Bybanen/buss BERGEN 10 000 000
Gratis å reise kollektivt med born opp til 6 år 800 000
Takstfrys periodebillett barn (385 til 365) 500 000
Takstfrys periodebillett ungdom (385 til 365) 4 000 000
Reduksjon periodebillett student (frå 500 til 460) 3 700 000
Reduksjon periodebillett voksen (frå 830 til 780) 17 700 000
Reduksjon periodebillett honnør (50 % av voksen) 500 000
Barnebillett til 18år 1 800 000
Betre korrespondanse mellom buss, ferge og båt 1 000 000
Vidareføring av sambandet Rekstern-Våge-Os 1 850 000
Askøybåten, ingen kutt i ruteavganger 1 500 000
Takstharmonisering Buss/Båt/Tog 3 000 000
Kvandal-Utne, sommarrute vert oppretthalden 3 000 000
Båtrute Ølen 1 450 000
 Sum 50 800 000

 

Klima- og Miljø, næringsutvikling og fornybarsatsing

Regional utvikling og omstilling er ei sentral oppgåve for fylkeskommunen. Stortinget har kutta dramatisk i overføringane til næringsutvikling og  nyskaping. Dersom dette kuttet ikkje vert kompensert, vil det få store negative konsekvensar for omstilling og nyskaping i Hordaland. Samarbeidspartia løyver 10 000 000 millionar til dette arbeidet. Midlane skal fordelast etter søknad og nyttast til næringsutviklings prosjekter med fokus på fornybarsatsing, ei satsing som kan redusera klimautslepp og andre tiltak innan det «grøne» skiftet.

Plastopprydding i kystsona og vassdrag er eit viktig miljøtiltak. Dette har fått stor merksemd og skapt mykje engasjement. Fylkestinget vil følgja opp det gode arbeidet og set av ekstra midlar til dette formålet. Midlane vert fordelt etter same modell som i 2018.

Ferja mellom Breistein og Valestrand  får eit tilskot til arbeidet med elektrifisering av ferja. Fylkestinget vil med dette uttrykkja støtte til det sterke engasjementet for å vidareutvikla og behalda dette ferjetilbodet.

Energi Vestland er namnet på eit nytt initiativ frå medlemsbedriftene i HOG energi. Målsettinga med det nye nettverket er å styrkja samarbeidet mellom kommunar, fylket, partane i arbeidslivet, forskings- og utdanningsinstitusjonar om energi- og fornybarsatsing.

Næringsutvikling, fornybarsatsing, søkbare midler 10 000 000
Plastopprydning 1 000 000
Breistein Valestrand Prosjektstøtte elektrifisering 850 000
Energi Vestland 350 000
Sum 12 200 000

Opplæring og helse

Dei gode arbeidet som vert utført i den vidaregåande skule og satsinga på førebyggjande helsetiltak har gjeve svært gode resultat. Fylkestinget vil gjennom auka tilskot leggja til rette for ei enda betre satsing i året som kjem. Det vert ei samla pakke til ulike formål på til saman 22 300 000. 

Grunnfinansiering av den vidaregåande skulen vert styrka med 9 000 000 kr . Det har vore fleire år med streng prioritering og tilskotet vil medverka til eit styrka tilbod.

Utstyr til yrkesfag vert vidareført som ein søkbar pott på 4 000 000kr. Det er eit stort behov for oppgradering av opplæringsutstyr. Erfaringane er gode med eit søkbart tilskot, som vert fordelt etter behov.

Ekstern spesialundervisning får eit auka tilskot på 2 100 000 kr. Tilskotet skal sikra at alle som treng ekstra tilpassing av undervisninga, får eit godt tilbod.

Skulefrukost er etablert som tilbod på alle skular. Samarbeidspartia legg inn ekstra løyving for å sikra god kvalitet og styrking av tilbodet.

Meningokokkvaksine for alle elevar er eit førebyggjande helsetiltak som vert innført i 2019, tiltaket har ein kostnad på 3 000 000 kr. Ordninga skal omfatta alle elevar i den vidaregåande skulen. Tilbodet vert gjeve til elevar på alle trinn som ikkje har tatt vaksinen i 2019. Deretter får alle elevar dette tilbodet når dei starta i 1. klasse på vidaregåande skule.

For Manger folkehøgskule sikra fleirtalet vidare drift i 2019, skulen får auka tilskotet med 600 000. Dette sikrar eit tilbod som er svært viktig for musikk- og brassbandmiljøet i heile fylket.

Vil Vite får eit auka tilskot på 500 000 kr.

Fagbrev for vaksne skal verta tilbydd fleire -og samarbeidet med vaksenopplæringsorganisasjonane skal styrkast. Det er ei stor utfordring at mange vaksne ufaglærte arbeidstakarar ikkje har høve til å ta del i etter- og vidareutdanningstilbod. Gjennom betre tilrettelegging og nærare samarbeid med verksemder og tilsette i privat og offentleg sektor, vil fleire kunna ta del i gode etter- og vidareutdanningstilbod. Fylkestinget vil setja av 300 000 til eit prosjekt som skal styrkja tilbodet innan etter- og vidareutdanning. Ein ynskjer i dette prosjektet å invitera partane i arbeidslivet og Vaksenopplæringsforbundet med i gjennomføringa.

Satsing på Havrom. Fagskulen i Hordaland får 300 000 ekstra til arbeidet med å utvikla nye studietilbod som skal tilby næringslivet ny kompetanse innan denne viktige sektoren.

Helsehjelp for papirlause er eit tilbod drive av friviljug helsepersonell. Dei gjev livsviktig helsehjelp til ei utsett gruppe som er utan formelle rettar, dei treng vår solidaritet og støtte.

Robin Hood Huset er også eit tilbod for utsette grupper og dei får ei løyving på 200 000

OPPLÆRING OG HELSE
Grunnfinansiering av skulane 9 000 000
Søkbar pott, utstyr yrkesfag 4 000 000
Ekstern spesialundervisning 2 100 000
Skulefrukost 2 000 000
Meningokokkvaksine for alle for 3 000 000
Manger folkehøgskule 600 000
Vilvite 500 000
Etter- og viderutdanning –  tiltak som kan sikra vaksne fagbrev 300 000
Havrom, tilskot til ny satsing for fagskoletilbod 300 000
Helsesenter for papirlause 300 000
Robin Hood-huset 200 000

 

Kultur
Eit godt budsjettforslag for kultur, idrett og det friviljuge organisasjonslivet vert styrka ytterlegare gjennom fylkestinget sine samla påplussingar med 5 850 000. I tillegg vert auka tilskot til Rafto, Kirkens SOS, FFO og til årlig minnemarkeringen for trafikkofre «Ettertankens dag» dekka innanfor ordinær budsjettramme for «Ymse tilskot».

Konsolidering Museum Vest og Bergen sjøfartsmuseum. Det er svært viktig med gode og hensiktsmessige museumskonsolideringar, og såleis gledeleg at museum vest og Bergen sjøfartsmuseum har gjort vedtak om konsolidering. Det blir lagt inn ei styrking til dette arbeidet på 1 million kroner. Fylkesrådmannen har foreslått 300.000 til ein fartøyvernkoordinator hos Museum vest. Denne summen vert trekt ut att, men om museet vil prioritera noko av auken slik er dette deira vurdering.

Kode og Bymuseet i Bergen. Vi er stolte over arbeidet musea i fylket vårt gjer, og gler oss over gode resultat med knappe rammer. Det er lagt inn ei styrking til både Kode og bymuseet i Bergen på 500.000 kroner.

Fyllingsdalen teater har i mange år vore ein regional talentutviklar innan teater, film og Circus. Gjennom sin eigen modell operera dei i skjeringspunktet mellom amatørfeltet og det profesjonelle, og gjer mange barn og unge ein unik arena for utfolding og læring. Det er lagt inn ei styrking på 200.000 for å bidra til å bygge opp under dette arbeidet.

Espeland Fangeleir, Bullahuset og Fjellberg gamle prestegard. I staden for å opprette ein ny tilskotsordning for regionale og nasjonale kulturminne siste året før fylkessamanslåinga vil Espeland Fangeleir, Bullahuset og Fjellberg gamle prestegard bli ståande i budsjettet. Nye og noverande tilskotsordningar må vurderast samla i den nye fylkeskommunen.

Rosendal kammermusikkfestival ved Baroniet i Rosendal er ein intimfestival som strekke seg over en langhelg i august månad. Festivalen starta opp i 2016 og er eit eksempel på eit vellukka samarbeid mellom profesjonelle og Baroniet som gjev gode synergiar til lokalt kulturliv. For å støtte opp om vidareutvikling av festivalen, bidrar fylket med kr. 300.000.

Det akademiske kvarter var i utgangspunktet støtta med 100.000 men teke ut av rådmannens framlegg. I staden vert tilskotet lagt inn att og auka til 200.000. I tillegg til å vera kulturhus for studentane er Det akademiske kvarter også nytta av svært mange andre i byen, med tilbod om eit vell av ulike konsertar, debattar og liknande. Dei er mellom anna ein viktig scene for artistar i startgropa.

Bergen Døvesenter (BDS) får eit tilskot på 300.000 kroner til. BDS har regionale funksjonar knytt til døvekulturen. Senteret arbeider aktivt både med kulturformidling, opplæring og med kulturelt mangfald. Det er difor naturleg å støtte BDS sitt arbeid inn imot og i det nye vestlandsfylket.

Riksjubileum for Kristenretten. Fylkestinget har tidlegare vedtatt å støtte opp om arbeidet med eit riksjubileum for 1000-årsjubileet for Kristenretten i 2024 på Moster amfi. Fylkesrådmannen har foreslått 100.000 kroner til dette i 2019. Dette blir styrka med ytterlegare 100.000 kroner slik at totalsum vert 200.000 kroner.

Vestnorsk kulturakademi på Voss er eit undervisningssenter og eit regionalt senter for kulturbasert næringsutvikling basert på handlingsboren kunnskap. Bygningssenteret ved Vestnorsk kulturakademi tek på seg oppdrag innan restaurering av bygg med kulturhistorisk verdi og vert støtta med kr. 100.000.

Stiftinga Statsraad Lehmkuhl har ei stor oppgåve i å sørge for at skipet er i god stand og godt rusta til dei aktivitetane som til ein kvar tid går føre seg. Det er høgt fokus på bærekraft og modernisering, mellom anna gjennom installasjon av batteri til bruk inn og ut frå kai. Store utgifter dei seinare år gjer at det blir løyva 1,3 millionar som ein eingongssum i 2019, i tillegg til ordinært driftstilskot.

Kup Midlar, barne- og ungdomsorganisasjonar og historielag. Fylkestinget fjerna nedtrekk i tilskot til Kup Midlar, barne- og ungdomsorganisasjonar og historielag. Desse vert lagt inn igjen.

Friluftsliv og fysisk aktivitet er viktig for å sikre god folkehelse. Fleirtalspartia ynskjer å styrkje folkehelsearbeidet ved å leggje tilhøve til rette for meir friluftsliv og aukar difor tilskotet til Friluftslivets ferdselsårer med 150 000.

KULTUR OG IDRETT
Espeland fangeleir 350 000
Bullahuset 200 000
Fjellberg gamle prestegard 250 000
Rosendal kammermusikkfestival 300 000
Det akademiske kvarter 200 000
KODE 500 000
Fyllingsdalen teater 200 000
Bymuseet 500 000
Døvesenter 300 000
Moster amfi 100 000
Museum Vest – konsolidering 1 000 000
Friluftsliv (følges opp med verbalpunkt) 150 000
Kup-midlar 100 000
Tilskot barne- og ungdomsorg 200 000
Tilskot til historielag 100 000
Vestnorsk kulturakademi 100 000
Statsraad Lemkuhl 1 300 000
Sum 5 850 000

Auka tilskot til Rafto, Kirkens SOS, FFO og til årlig minnemarkeringen for trafikkofre «Ettertankens dag vert dekka innanfor ordinær budsjettramme for ymse tilskudd til saman 235 000 kr. Restsum i ordninga ber fylkestinget om at rådmannen lyser ut i januar 2019.

Ymse tilskot (auke innanfor avsett ramme)
Rafto 75 000
Kirkens SOS engangssum. Jubileumsgave 2019 40 000
FFO 70 000
Minnemarkering, “Ettertankens dag” 50 000

Saldering

Det er henta 60 millionar frå Havbruksfondet desse midlane er ekstraordinære inntekter i 2018 og skal – gitt eit positivt driftsresultat, ikkje inngå i det ordinære driftsresultatet.

2019
Udisponert i rådmannen sitt budsjettframlegg −15 000 000
Konsulentbruk −3 000 000
Nedtrekk administrasjon generelt −5 000 000
Driftsfinansiert investering −21 800 000
Redusert avdrag, lån −29 000 000
Auka skatteanslag −5 000 000
Auka kollektivinntekter som følge av fleire reisande −8 000 000
Økte billettkontroller skal dekkes innen budsjettrammen −7 000 000
Ny tilskotsordning for regionale og nasjonale kulturminne −800 000
Hordaland kunstsenter −350 000
Fartøyvernkonsulent −300 000
Redusert ekstraløyving (region) −4 000 000
Disponering overskot 2017 −3 085 000
Konsesjonskraft −10 000 000
Disposisjonsfond (Havbruksfondet m.m.) −65 815 000
TOTALT −178 150 000

Verbalpunkt

Disponering av overskot i 2018
Ved disponering av overskot for 2018 vil fylkestinget vurdera ytterlegare nedbetaling av gjeld utover handlingsregelen.

Kutt i klimautslepp og meir satsing på fornybar energi
Hordaland Fylkeskommune er føregangsfylke i overgangen til fossilfrie energiløysingar. Hordaland sine miljøkrav i buss- og ferjeanbod utløyser stor innovasjon i næringslivet, og det styrkjer Landet/Vestlandet  sin verdsleiande posisjon i marin -fossilfri teknologi.

Fylkestinget ber fylkesrådmannen fremja ei sak om korleis Hordaland fylke som regional utviklingsaktør kan medverka til eit breitt samarbeid nasjonalt og lokalt med kommunar, næringsliv og interesseorganisasjonar om styrka finansiering av tiltak som kan gje reduksjon i klimautslepp gjennom auka bruk og produksjon av fornybar energi her under biogass, hydrogen.

Internasjonalt samarbeid og klimautfordringar
Hordaland fylkeskommune deltar i fleire internasjonale fora gjennom Nordsjøsamarbeidet og medlemskap i CPMR. Klimautfordringane og satsing på grøn teknologi og auka bruk av fornybar energi er sentrale satsingsområde i det internasjonale arbeidet og i ei rekkje andre samarbeidsprosjekt innan næringsutvikling og forsking som fylkeskommunen er involvert i. Fylkestinget ber fylkesrådmannen leggja fram ei sak på korleis ein kan styrkje samhandlinga mellom strategi for internasjonalt arbeid, regionalt forskingsfond og andre samarbeidsprosjektet knytte til eksempelvis miljøprosjektet, energisamarbeid og grøn næringsutvikling.

Kutt i klimagassutslepp frå oppdrettsanlegg
Fylkestinget ber om at det vert stilt krav om nullutslepp av klimagassar eller bruk av fornybart berekraftig drivstoff for alle nye anlegg.

Klimavenlege tenestereiser
Fylkestinget ser at tenestereiser med fly er ei kjelde til utslepp av klimagassar. Fylkestinget vil oppmoda politikarar og tilsette i fylkeskommunen til å nytta seg av tog på reiser til Oslo for å redusere talet på flyreiser. Videokonferansar bør og takast meir i bruk både av politikarar og tilsette.

Strekninga Vågsbotn – Klauvaneset
Trafikkbelastninga på strekninga Vågsbotn-Klauvaneset har fått eit omfang som skapar store køproblemer med aukande fåre for ulykker med personskader og tap av liv. Fylkestinget ber fylkesordføraren ta initiativ til eit møte med samferdselsdepartementet, SVV, Bergen kommune og kommunane i Nordhordland for å få fram konkrete løysingar som kan sikra raskare framdrift av planlegging og betring av vegen mellom Vågsbotn og Klauvaneset.

Nasjonal plan for satsing på fylkesvegane
Hordaland vil arbeide for at det vert utarbeidd ein heilskapleg, nasjonal plan, for opprusting og skredsikring av fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. Planen må leggjast fram ved første rullering av NTP, med ei tidsramme for gjennomføring på 12 år.

Hordaland Fylkeskommune skal ta initiativ til ei nasjonal samling for fylkeskommunar og interesseorganisasjonar der tema skal vera status og utfordringar for fylkesvegnettet etter reforma i 2010. Manglande ressursar til vedlikehald og fornying av fylkesvegnettet er ei nasjonal utfordring som må løysast gjennom ein nasjonal handlingsplan som vert finansiert med ekstraordinære midlar.

Gratis å ta med sykkel på båtsambanda
Fylkestinget ber Skyss leggja til rette for at det skal bli gratis og ta med sykkel på båt slik at det vert enklare å kombinera båtreise med bruk av sykkel.

 Fritak for bompengar
Fylkestinget vil utgreia fritak/rabatt for bompengar for hydrogenbilar, utsleppsfrie varebilar og lastebilar. Det kan opprettast ein klimaklasse, det vil sei differensiert fritak for bioetanol- og biogass-, samt ladbare hybrid-lastebilar.

Oppfølging av samarbeidsprosjekt i Nordhordland
Samarbeidet mellom skulane og næringslivet i Nordhordland er historisk godt og Nordhordland Næringslag og Regionrådet er godt samkøyrde på å finna nye løysingar på utfordringar knytt til vidaregåande utdanning og fagopplæring. Regionen er i ferd med å få på plass eit prosjekt som skal gje elevar innan yrkesfag ein læreplassgaranti. Dette vi styrkja yrkesfaga og medverka til auka rekruttering av fagarbeidarar. Samarbeidet mellom næringsliv og vidaregåande skular vert tettare og meir av praksisopplæringa kan gjerast ute i verksemdene. Fleirtalspartia vil be fylkesrådmannen følgja opp samarbeidsprosjektet og at det vidare arbeidet med samarbeidsprosjektet vert kopla til arbeidet med planlegging av nye vidaregåande skular i regionen og at ein startar dette allereie i 2019.

Klasseoppfylling
For å sikre god ressursutnytting er det viktig med god klasseoppfylling. Normalt vil klassar med lågare oppfylling enn 85 % ikkje starta opp. Ap, Krf, Sp og SV meiner likevel at ein kan omgå oppfyllingskravet på 85 % dersom distriktspolitiske eller faglege høve ligg til rette for dette.

Fagopplæring
Fylkestinget ber om at Hordaland Fylkeskommune saman med opplæringskontora syta for at det vert gjennomført bedriftsbesøk tidleg i opplæringsperioden slik at eventuelle manglar knytt til arbeidsmiljø, lønn eller opplæringsplan kan rettast opp tidleg. Dette arbeidet kan koordinerast med partane i arbeidslivet, lærlingombodet, opplæringskontora og andre aktørar som har kontakt med lærebedriftene.

Samarbeid skule næringsliv
Fylkestinget ønskjer å vidareføra det gode samarbeidet ein har mellom skule og næringsliv, der ein kan utnytta opplæringsutstyr på ein betre måte og samarbeide om investeringar og innkjøp.

Heiltidskultur
Fylkestinget meinar at heile stillingar skal vera hovudregelen og vil at arbeidet med å auka talet på heile stillingar skal intensiverast. Fylkesrådmannen vert beden om å koma attende med sak. 

 

 

Del dette