open menu

Marthe Hammer toppar Vestland SV

Ei samla nominasjonsnemnd for SV i Hordaland og Sogn og Fjordane forslår Marthe Hammer på topplassen i det nye Vestlandsfylket.  

Visst målingane slår til, reknar me med å få inn 6 faste representantar i det nye fylkestinget på 65. Då er det flott at Marthe får med seg ei god blanding av erfarne og engasjerte tillitsvalde frå Hordaland og Sogn og Fjordane. På bakgrunn av innspel frå lokallaga, sender nominasjonsnemnda sitt første listeframlegg ut til lokallaga.

Me gjer oppmerksom på at det er dissens i framlegget, sjå vedlagt liste

10.desember er frist for lokallaga til gje kommentarar/nye innspel på kandidatar. Nominasjonsmøte blir 9. – 10. Februar i Bergen

Presentasjon av kandidatane:

Marthe Hammer (39)  har lang politisk erfaring. Ho sit i dag i fylkestinget i Hordaland, som nestleiar i utval for miljø og samferdsle. Ho har site i sentralstyret  og landsstyret i SV som kvinnepolitisk leiar i mange år. Til dagleg jobbar ho som leiar for Fagsenter for innovasjon ved Haukeland Universitetssjukehus. Ho er samfunnsøkonom av utdanning og sit også i nasjonal skatteklagenemnd. Marthe har fire barn og bur i Bergen.

Marthe har stått på barrikadane for abortlov og kvinners rettar, ho har jobba for rettferdig fordeling innan makt og rikdom. I fylkestinget er ho mest nøgd med å ha vore med å sikra ein miljøvennleg marin industriell ferjerevolusjon. «Klimakampen saman med ulik fordeling av makt og rikdom er vår tids største utfordring. Ferjevedtaka viser at det er mulig å handle lokalt, det er eg stolt over», seier Marthe.   Ho synes det er hyggeleg å verta nominert på topp av nominasjonskomiteen, og ho er klar for å fortsetja kampen for betre klima og miljø i det nye Vestland fylke.

 

Åsmund Berthelsen (66) har vore sekretær i SV, fylkesleiar i Sogn og Fjordane, varaordførar i Naustdal og er elles både frilufts- og miljømann. Han leier no programarbeidet for nye Vestland SV.  Yrkesbakgrunn er lærar og journalist.  Åsmund er glad for å få kjempe for SV-politikk i det nye fylket.  Det vert viktig å stoppa dei store fjordkryssingane og heller prioritera meir midlar til fylkesvegar og rassikring.  Å sikra reine fjordar og hindra dumping av tonnevis av gruveavfall er viktig miljøsak. Me må kunna driva gruvedrift og mineralutnytting utan dagbrot og fjordfyllingar.  Åsmund vert førestlått til 2. plassen av eit fleirtal på 5 av 6, medan eit mindretal på 1 vil ha Symphorien Pombe på denne plassen.

Marianne Sæhle (52) har mange års erfaring frå politisk arbeid i Hordaland, no som organisatorisk nestleiar i fylkeslaget.  Hennar arbeid som tillitsvald for sjukepleiarane og mange års erfaring fra organisasjonslivet gjev gruppa ei god fagleg tyngde.   I fylkestinget vil Marianne jobba for eit godt arbeidsmiljø, bygd på tillit og respekt for kvarandre. Fylket må stilla krav til at de bedrifter den inngår kontraktar med, har eit forsvarleg arbeidsmiljø og klare tilsettingsforhold. Der det er muleg må leverandørar forplikta seg til å ha lærlingar.

Symphorien Pombe (44) Kom til Noreg frå den demokratiske republikken Kongo i 2002 som kvoteflyktning. Symphorien er sosialist, feminist og ikkje minst aktivist i SV. Han sit no i sin 2. periode i Sund kommunestyre og er 2. vara for Audun Lysbakken på Stortinget. Hans hjartesaker er internasjonal solidaritet, rettferd og born og unge. Symphorien er ein kraftfull politikar for minoritetatar sine vilkår i det norske samfunnet.  Symphorien har og vore organisatorisk nestleiar i Hordaland SV.  Med 14 års erfaring i SV vil Symphorien bidra positivt i fylket vårt og ikkje minst få oss til å løfta blikket utover eigne fylkesgrenser.  Symphorien vert altså førestlått som 2.kandidat av eit mindretal på 1, medan eit fleirtal på 5 ønskjer han på ein 4. plass.

Aud Kari Isane (58) sit i dag i formannskap og kommunestyre i Balestrand. Gjennom arbeidet i Fellesnemnda for nye Sogndal kommune får ho erfaring med å utvikla  felles kultur og identitet, noko som vil tena det nye fylkestinget.  Aud Kari seier det er kjekt og ærefullt å bli med i topp 5 på SV lista, og som Nordfjording som bur i Sogn og jobbar i Bergen i Skatteetaten, så gleder ho seg til å bli med i topplaget til SV i nye Vestland og skapa det nye fylket.

 

Jeffrey Meijer (19) er leiar i Sogn og Fjordane SU; og studerer for tida i Bergen.  Han er klar for jobben som den fremste ungdomen på lista, og som folkevald vil han arbeide for dei mange, ikkje dei få.  «Vi skal vere eit folkestøttande fylke for både bygd og by, som prioriterer folk, miljø og skule framfor grådigheit», seier han. Vidare vil han fylket skal sette solide arbeidsrammar i skulen, eit skulemåltid skal inn i kvardagen, pensum skal moderniserast og krav til miljøvennlege løysingar skal settast.

Vedlagt er liste over dei 20 første i framlegg til SV-nominasjon til Vestland fylkesting.

 

 
Fleirtalsframlegg 
(5/6) 
Alder  

LOKALLAG
2020

Mindretalsframlegg
(1/6)
Alder  

LOKALLAG
2020

1

Marthe Hammer

39

BERGEN      

2*)

Åsmund Berthelsen

66

SUNNFJORD Symphorien Pombe

44

SUND

3

Marianne Sæhle      

52

BERGEN      

4*)

Symphorien Pombe

44

SUND Åsmund Berthelsen

66

SUNNFJORD

5

Aud Kari Isane          

58

SOGNDAL      

6

Jeffrey Meijer

19

BREMANGER      

7

Ingrid Rekkavik

27

BERGEN      

8

Rafael Cobo Garrido

49

ASKØY      

9

Torunn Olsnes

38

BERGEN      

10

Steinar Øydvin,

58

SOGNDAL      

11

Anne Britt Sørenes

40′

BØMLO      

12

Thor Olav Iversen

31

BERGEN      

13

Signe Ekeland

48

STORD      

14*)

Gaute Losnegard

45

ASKVOLL Erik Gullaksen

24

BERGEN

15

Birgitte H.O. Skibenes

38

BJØRNAFJORDEN       

16

Torbjørn Taranger

35′

ALVER      

17

Hege Lothe

56

GLOPPEN      

18

Are Benjamin Sloot Bjøru 

22

BERGEN      

19*)

Eldrid Skurdal

56

SUNNFJORD          Hege Bjørnør           

45  

BJØRNAFJORDEN   

20

Hans Christian Knudsen

19

SOGNDAL      

 

Nominasjonsnemnda sine faste medlemer har vore
Mette Homefjord Olsen               Hordaland –leiar
Andreas Madsen Berg                   Hordaland
Kjartan Haugsnes                         Hordaland
Magne P. Årdal                             Sogn og Fjordane
Bente Nilsen                                Sogn og Fjordane
Stijn Poland                                 Sogn og Fjordane SU
 
 

Del dette