open menu

Hordaland SV støtter Mahamud

Årsmøtet 2017 i Hordaland SV ynskjer å støtte Mahamud økonomisk i ankesaka med kr. 1000 til rettsprosessen.

Tilbakekalling av statsborgarskap må skje ved dom, ikkje ved einskildvedtak i UDI.

Bioingeniør Mahad Abid Mahamud er frateken sitt norske statsborgerskap , noko som har skapt sterke reaksjonar i vide politiske kretsar.

I fylgje Utlendingsdirektoratet har Mahamud snakka usant om sin nasjonale identitet ved å hevde at han er frå Somalia og ikkje frå Djibouti.

Mahamud held fast ved at han er frå Somalia, og sidan myndigheitene i Djibouti seier at dei ikkje vil ta imot han, risikerer han å verte statslaus og miste retten til arbeid, om han i siste instans skulle miste sitt norske statsborgarskap.

Mahamud kom til Norge som ung asylsøkjar for 17 år sidan og har sidan den gong fått seg utdanning, stifta familie og fått seg jobb på Oslo universitetssykehus. Han er eit døme på ein innvandrar som har vorte vel integrert i det norske samfunnet.

Mahamud er ein av fleire fortvilte innvandrarar som har opplevd å kome i denne alvorlege situasjonen. Difor ber no politikarar  regjeringa om å endre statsborgarloven, slik at tilsvarande tilbakekallingar for framtida skal skje ved dom og ikkje som einskildvedtak i UDI. Saksbehandlar og dommar må ikkje vere same instans. Dei ber dessutan om at tilbakekallingssaker som behandlast no vert lagde i bero inntil vidare.

Hordaland SV støtter dette forslaget og forslaget om fri rettshjelp i ankesaker i samband med tilbakekalling av statsborgerskap. Om du er bioingeniør eller taxisjåfør, så skal du ha krav på same hjelp til rettsbehandling. Mahamud har allereie anka saka til domstolen, men treng støtte til å gjennomføre prosessen.

Del dette