open menu

Odda sjukehus – oppretthald kirurgisk akuttberedskap!

Vedteke på fylkesårsmøtet i Hordaland SV

Ny helse- og sjukehusplan har sett ned prosjektgrupper i alle helseforetak for å vurdera akuttberedskap og ev. nedlegging av einskilde sjukehus.

For Odda sjukehus er forslaget å leggja ned kirurgisk akuttberedskap.

Konsekvensane ved å leggja ned denne beredskapen ved det minste sjukehuset i landet er så store at det ikkje på nokon måte kan godtakast.

To-fire timar til næraste sjukehuset, ras og flaumutsette vegar, storindustri, aukande reiseliv/fjellturisme, trafikknutepunkt aust-vest er viktige grunnar til at Odda sjukehus må ha fullverdig beredskap – også kirurgisk –
i Odda og i Hardanger.

Odda sjukehus har god kompetanse, og det er attraktivt for turnustenester.
Vert akuttkirurgien teken bort frå Odda sjukehus, vil anestesi og kirurgisk kompetanse forsvinna. Medisinske overlegar og anestesilegar har uttalt at dei ikkje vil arbeida ved eit sjukehus utan ein kirurg på vakt.
Kirurgisk akuttberedskap er og skal vera ein berebjelke på Odda sjukehus.

Hordaland SV vil stå på for å oppretthalda kirurgisk akuttberedskap på Odda sjukehus!

Del dette