open menu

Ja til reklamefri kollektivtrafikk!

SV er sterkt motstander av meir reklame i byrommet. Vi vil difor røyste mot dette både i Hordaland Fylkesting, og gruppa vår i Bergen bystyre vil også arbeide for ein reklamefri kollektivtransport.

Atter ein gong er det omkamp om store internasjonale reklamegigantar skal få forsøpla vårt felles byrom med reklame.

Hordaland SV er sterkt imot dette og vil stemma mot forslaget frå Frp, H og V når fylkestinget handsamar saka.

Dette gjeld ikkje berre bergensarar, men både bymann og stril. Bergen er heile Hordaland sin hovudstad.

SV er imot å kommersialisere det offentlege rommet, og meiner dette inneber eit demokratisk problem, då det ikkje er mogleg å reservera seg mot reklame.

Reklame fører til auka kjøpepress i eit samfunn som allereide flyt over av materielle godar, som me eigentleg ikkje treng.

Reklame fører til auka kroppspress, særleg mot born og unge og inntekten er små i høve til ulempene.

Del dette