open menu

Konferanse: Grøn næringspolitikk for Noreg

01. apr. 12:00 - 02. apr. 14:00

SV-konferanse:
Grøn næringspolitikk for Noreg

Gloppen Hotell på Sandane 1.-2. april 2017

«Over eit fjell, gjennom ein tunnel…» - ungdomen vil heim att – kva kan vi tilby dei?

• Nye grøne næringar er viktig for verda, for Noreg og ikkje minst for oss på Vestlandet!
• Korleis kan vi bruke det grøne skiftet til å skape nye, varige arbeidsplassar i distriktet?
• Vi vil utvikle næringspolitikken til SV i samspel med andre som er opptekne av det same.
• Vi vil vise fram døme på dei nye næringane, på bedrifter som tenkjer nytt, og få innspel om kva som må til for at dei skal lukkast.

Program laurdag 1. april:

12.00-12.30: Frammøte og registrering
12.30-13.15: Lunsj med lokale spesialitetar

13.15-13.45: Velkomen til grøn næringskonferanse ved 1. kandidatane Vibeke Johnsen, Sogn og Fjordane og Yvonne Wold, Møre og Romsdal

13.45-14.45: Lise Chapman, TANGO Seaweed AS: Framtida ligg i havet – taresatsing i Norge frå eit gründer-perspektiv
Høve til spørsmål og kommentarar
14.45-15.00: Pause

15.00-15.30: Steinar Sørli: Villa Åmot – det gode liv i Sunnfjord skal delast

15.30-16.00: Merete Løvoll Rønneberg: Grøn fjord-partnarskap for ivaretaking og utvikling av verdsarven.

16.00-16.30: Gloppen Hotell presenterer satsinga si på lokal mat.
16.30.- 16.45. Pause med påfyll.

16.30 - 17.00. Helsing frå Hans Petter Gilleshammer. LO
17.00-18.00: Dag Jørund Lønning, rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling: «Berekraftig fellesskaping. Om attraktive og verdiskapande lokalsamfunn». Høve til spørsmål og kommentarar.

18.00-18.45. Fylkesvis/regionvis gruppearbeid
18.45-20.00: Pause

20.00- Middag med lokal mat, underhaldning og sosialt samvere utover kvelden.
Boklotteri. Ta med ei bok du har til overs!


Program søndag 2. april:

08.30-09.00: Frukost

09.00-09.15: Kort oppsummering av gruppearbeida

09.15-10.15: Alf Holmelid: Ein raud og grøn næringspolitikk som skaper arbeidsplassar. Høve til spørsmål og kommentarar

10.15-10.45: Tore Skjølberg: Elkem Bremanger – frå slagg til suksess
10.45-11.00: Pause

11.00-11.45: Prosjektleiar Elisabeth Kjerstad Bøe, Sogn og Fjordane fylkeskommune: Hydrogensatsinga i Sogn og Fjordane

11.45-12.30: Brødrene Aa: Vision of the fiords/ hydrogenbåtar
12.30-13.00: Lunsj

13.00-13.45: Jøril Hovland/ Hallvard Thomassen, SIMAS avfallsgjenvinning: Sirkulær økonomi- kort kretsløp og lokal verdiskaping – avfall som ressurs i produksjon av mat og energi.

13.45-14.00: Oppsummering og avslutning ved fylkesleiarane

PÅMELDING TIL:
Morten Heszlein-Lossius
Distriktssekretær for Vestlandet (Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane)
Mobil: 99150813 E-post: morhes@sv.no

Konferansen er gratis, men ein må betale reise og overnatting, evt. søkje lokal- eller fylkeslag om støtte

Overnatting ordnar ein sjølv.
Gloppen hotell http://www.gloppenhotell.no/heim/ 57 86 53 33 Sei at du skal delta på SV-konferansen.
Prisar:
Overnatting i enkeltrom, inkl. lunsj laurdag og søndag, middag laurdag kveld og frukost søndag: kr. 1775,- pr. person.
Overnatting i dobbeltrom, inkl. lunsj laurdag og søndag, middag laurdag kveld og frukost søndag: kr. 1420,- pr. person.
Dei som overnattar utanfor hotellet må betale ein dagpakkepris til hotellet.

Dagpakke med lunsj: 375,- pr. dag
Middag laurdag: 395,-

Gloppen camping: Der er og høve til rimelegare overnatting på Gloppen camping, som ligg ca 3 km frå hotellet. Her må ein også tinge direkte.
http://www.gloppen-camping.com/ 57 86 62 14
E-post: post@gloppen-camping.no
Tlf: (+47) 948 00 309
Fax: (+47) 57 86 81 05
Mobil: (+47) 41 46 84 33
Gloppen Camping tilbyr:
1 hytte med 2 soverom, dusj og toalett - pris kr. 900,-.
2 leilegheiter med 3 soverom - pris kr. 1100,-
1 leilegheit med 1 soverom - pris kr. 700,-

Det kan ligge to på kvart soverom.

Vi arbeider og med eit alternativ med gratis privat overnatting om nokon skulle ynskje det.

Reise til Gloppen/ Sandane

Det er mange vegar til Sandane:

Med bil/ buss (ca-tider):
Frå Ålesund: 2 timar 30 minutt
Frå Volda: 50 minutt
Frå Måløy: 1 time
Frå Florø: 1 time 30 minutt
Frå Stryn: 1 time
Frå Førde: 1 time
Frå Sogndal: 1 time 25 minutt
Frå Bergen: 3 timar 30 minutt
Frå Oslo: 6 timar

Med fly:
Det er flyplass både på Sandane, i Førde og i Volda/Ørsta. Diverre går det ikkje så mange fly i helga som på vekedagane, men vi vonar alle finn eit alternativ.
Vi er nok fleire som køyrer både frå Førde og Volda/Ørsta, så berre spør om nokon vil lande på/ reise frå dei flyplassane så prøver vi å ordne skyss!

Sandane
http://www.wideroe.no/fly-til/sandane?gclid=CJrisOvWo9ICFU5JGQodf4AJIQ)
Førde
http://www.wideroe.no/fly-til/forde?gclid=CKPQraTXo9ICFRNUGAodLZQIZg
Volda/Ørsta
http://www.wideroe.no/fly-til/orsta/volda?gclid=CJHahNvXo9ICFVDGsgodwEUOYA
Mbh arrangementskomiteen

Eldrid Skudal, Sande i Sunnfjord, tlf. 95236653
Bjarte Lending, Førde, tlf. 41200611
Ingrid Opedal, Volda, tlf. 90780534
Eldar Høidal, Sykkylven, tlf. 90018419

Lokasjon

Sørstrandvegen 16
Sandane, 6823 Norway

Del dette Del på Facebook Del på Twitter