Arbeidslivskriminalitet
Eit organisert arbeidsliv med sterke fagforeiningar, faglege rettar og tariffavtaler er avgjerande for å utjamne maktforholda i arbeidslivet og hindre utnytting av arbeidsfolk. Stadig fleire bransjar opplever arbeidslivskriminalitet, og difor er det viktig å styrke arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og tvangsarbeid. Sosial dumping må bekjempast gjennom å ta tilbake kontrollen over arbeidsmarknaden. Svekkinga av arbeidsmiljølova som Solberg-regjeringen gjennomførte må reverserast.
Den norske modellen, i form av trepartssamarbeidet mellom arbeidarane, arbeidsgivarane og staten, er truga, mellom anna gjennom svekking av arbeidstakarorganisasjonane i delar av arbeidslivet. Useriøse aktørar bidrar til at svart arbeid kan vakse fram. Trepartssamarbeidet og det kollektive avtalesystemet må styrkast og videreutviklast. Det norske arbeidslivet skal vere trygt for alle arbeidstakarar.
SV vil:
- Forsterke nasjonale krav for å hindre sosial dumping ved offentlege innkjøp, etter inspirasjon av Telemarks-modellen og Oslo-modellen. Det bør bli stilt krav om tariffavtale i offentlege anbod der dette er mogleg.
- Avvikle bemanningsbransjen. Me må sørge for at spesielt utsette bransjar blir skjerma totalt inntil dette er gjennomført, og at bruk av slik innleige for øvrig blir avgrensa til reelle vikariat. Fortsatt må me tillate utvida innleige mellom reelle produksjonsbedrifter etter avtale med tillitsvalte i fagforening med innstillingsrett. Brot på reglane må straffast.
- Sikre lovfesta og reell rett til heiltid. Det offentlege skal fremje heiltidskultur som arbeidsgivar.
- Styrke arbeidet mot arbeidslivskriminalitet og tvangsarbeid. Sentra mot arbeidslivskriminalitet må styrkast, og me må vurdere å opprette fleire senter, samt styrke samarbeidet med partane. Det er naudsynt med ein opptrappingsplan for styrking av Arbeidstilsynets arbeid i form av fleire inspektørstillingar og auka tilsyn.
- Styrke Skatteetaten, Økokrim og Arbeidstilsynet vesentleg for å bekjempe skatteflukt og økonomisk kriminalitet. Det norske fellesskapet blir rana for milliardar når store selskap og rike personar ikkje betaler det dei skal.
- Gi fullt skattefradrag for fagforeningskontingent og legge til rette for auka fagorganisering i alle delar av arbeidslivet.