Forside Ledig stilling som administrasjonssekretær på partikontoret Ledig stilling som administrasjonssekretær på partikontoret
Publisert av: Eli Ulvestad
Publisert: 03. mai 2022
Oppdatert: 03. mai 2022
Lesetid: ca. 2 min
Vi søkjer etter ein ryddig og serviceinnstilt person med engasjement for SV, til å vere ein del av førstelinja på partikontoret. Vi leiter etter deg som vil sørge for at folk som kontaktar SV får eit godt inntrykk av partiet, og gode svar.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Mottak og handtering av førespurnader på telefon, e-post og sosiale medium
- Sørge for at kontorlokala er trivelege og imøtekomande for både kollegaer og besøkande
- Delta i arbeidet for forbetra medlemspleie, m.a. gjennom oppdatering av medlemsregisteret, oppfølging av kontingentinnbetalingar og utsending av velkomstpakkar til nye medlemmer
- Oppfølging av ulike forretningsavtalar
- Bidra til utvikling av SVs nettbutikk
- Administrere bestillingar av fysiske og digitale møterom
- Forarbeid og praktisk tilrettelegging ved møter og nasjonale arrangement, mellom anna partiet sine landsstyremøte og landsmøte, samt møte og konferansar i regi av dei ulike utvala våre
- Bidra i organisasjonsteamet sitt arbeid med å utvikle partiorganisasjonen, i tråd med SVs vedtekne arbeidsplan
Vi leitar etter deg som:
- Er utadvendt, serviceinnstilt og med gode samarbeidsevner
- Kan gje folk eit høfleg og profesjonelt møte med partiet
- Arbeider ryddig og effektivt, med god gjennomføringsevne
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kan handtere eit breitt spekter av arbeidsoppgåver
- Har kjennskap til SV sin organisasjon og politikk
- Har god datakunnskap og meistrar Office-pakken godt
Vi kan tilby eit kreativt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø. Det daglege arbeidet blir utført på partikontoret til SV på Tøyen. Det er fleksibel arbeidstid i stillinga, og det må påreknast noko kvelds- og helgearbeid i samband med møter og seminar. Løn i samsvar med tariffavtale mellom HK og AAF.
Oppstart august 2022.
Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn.
Vil du søkje på stillinga?
Søknadsfrist er 23. mai. Send oss ein søknad, der du fortel oss om motivasjonen din for å søkje jobb hos oss. Legg også ved CV-en din, slik at vi ser kva bakgrunn og kompetanse du har. Begge dokumenta lastar du opp i søknadsportalen på finn.no.