Leve Cornerteateret!

I år har Høgre og FRP – og Venstre og KrF også – teke påskehelgas Svarteper-spel på forskot. Vermeldingane for påskehelga er førebels så ymse, og i dårleg påskever er helgedagane brettspelas og kortspelas tid. Svarteper høyrer dårleg påskever til. Men alldeles ikkje kulturpolitikken. Og slett ikkje Cornerteateret, dette etterlengta kulturhuset med smålåte ytre som står og skin nede på Møhlenpris, og der små og store menneske fyller salar, rom og gangar dag etter dag og kveld etter kveld.

 

I år har Høgre og FRP – og Venstre og KrF også – teke påskehelgas Svarteper-spel på forskot. Vermeldingane for påskehelga er førebels så ymse, og i dårleg påskever er helgedagane brettspelas og kortspelas tid. Svarteper høyrer dårleg påskever til. Men alldeles ikkje kulturpolitikken. Og slett ikkje Cornerteateret, dette etterlengta kulturhuset med smålåte ytre som står og skin nede på Møhlenpris, og der små og store menneske fyller salar, rom og gangar dag etter dag og kveld etter kveld.

I kommune-Noreg står mange staselege kulturhus som monument over…..hm, eg er ikkje heilt sikker på kva. Felles for mange av dei er diverre at det har vore stor prestisje i å få dei bygde – og like store vanskar med å fylla dei med tilgjengelege aktivitetar for innbyggjarane. Ikkje få av desse er dyre å bruka, for høge investeringskostnader gjev høg husleige.

I eit slikt bilete er Cornerteateret som ei Kjerringa mot strømmen å rekna. Her er inkje stormannsgalenskap å sjå. Ei tilsett har Cornerteateret – det er ikkje mykje flottenfeieri med det. Den frie scenekunsten har med Cornerteateret endeleg fått noko dei kan kalla ein heim. Dersom Bergen kommune, og for den del fylkeskommunen og jamvel staten, meiner noko med alle festorda om dei frie scenekunstgruppene, kan ikkje scenekunstgruppene vera tvinga til å leva på legd.

Sju månader gammalt er Cornerteateret. Sju månader. Det er ingen alder, og slett ikkje for eit teaterhus. Men etter sju månader brenn det altså i dubbel forstand eit blått lys for Cornerteateret. Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Kulturrådet sytte alle for at det kom investeringsmidlar slik at teaterhuset kunne sjå dagens lys. Men det nyttar ikkje med investeringsmidlar om ein ikkje fylgjer opp med driftsmidlar. Det skulle ta seg ut om staten ikkje sytte for driftsmidlar til Den Nasjonale Scene!

Cornerteateret søkte for 2014 kommunen om 1,8 mill i driftsmidlar, men fekk 1,4. Dei søkte fylkeskommunen om 800.000 kr, men fekk null. (Høgre, FRPog Venstre på fylket har ikkje merkt seg ut ved å prioritera kulturbudsjettet,for å seia det som det er.) Cornerteateret vil ikkje ha pengar til å betala husleiga etter sommaren. Det er tolv månader i eit år, og det må betalast husleige for alle månadene, ikkje berre dei sju som kommunen og dei har løyvd pengar til.

Den nye, blå-blå regjeringa har proklamert at dei skal setja kulturen fri, ei slags kulturen Slepp fangane laus-reform. Så langt har det på nasjonalt hald vore vanskeleg å sjå kva denne fridomsreforma skal innebera – bortsett frå lågare statlege løyvingar. Lågare løyvingar til nynorske barnebøker til dømes. Og til pressestøtte. Her i byen er det tverrpolitisk semje om at Bergen skal vera ein framståande kulturby. Rett nok brukar bystyrefleirtalet lite pengar på bibliotek, definitivt ein kulturens berebjelke, men eg har aldri oppfatta at byrådspartia har som politikk å la kulturen segla sin eigen sjø. Dvs. det er ikkje heilt sant. For det var i grunnen det nyss avgått byråd Gunnar Bakke sa då det vart kjent for bergensarane nyleg at Cornerteateret ville måtta stengja om ikkje dei fekk dei nøkterne tilskota dei hadde søkt om, og som drifta var tufta på.

No har byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen snudd på flisa og funne 311.000 kroner til 2014-drift av Cornerteateret. Det skal ho ha. Men fylkesordførar Tom Christer Nilsen frå same parti og –varaordførar Mona Hellesnes frå Venstre, dei pukkar på at dei ikkje har ei krone å gje, sjølv om dei ikkje har gjeve noko før heller. Det pussige er at det er nett dei same som styrer både byen og fylket. I alle fall Høgre og FRP. Så er KrF med i byen og Venstre på fylket (og Venstre ville så inderleg gjerne ha vore med i byen også. Men førebels held dei seg for nasa for FRP.) – og til saman vert det regjeringa med støtteparti. Det betyr at det ikkje finst nokon andre å skulda på for noko parti, ikkje i byen og ikkje i fylket. Ikkje eingong favoritt-tidsrekninga «SV har site 8 år i regjering» (som er den stuttaste tidsrekninga eg har høyrt om) duger no. Og Monica Mæland og Erna Solberg sit vitterleg nokså sentralt i regjering no, veit eg?

Eg trur ikkje Cornerteateret må leggja ned. Eg trur ikkje at dei styrande partia torer å sjå på at Cornerteateret må leggja ned drifta avdi Høgre og FrP og Venstre og KrF ikkje veit kor mange månader ein må betala husleige i eit år. Eg trur ikkje dei vågar å låsa døra for Cornerteateret og stengja ute hundrevis av born saman med den frie scenekunsten. Det må laga seg med dei siste 200.000. Men det skulle ha laga seg utan politisk Svarteper-spel. Det skulle det. Leve Cornerteateret!

 

Oddny I. Miljeteig

På trykk i BA 9. april 2014