open menu

Bergen SVs alternative bybudsjett for 2019

Her finner du SVs alternative bybudsjett for Bergen for 2019.

For de mange, ikke for de få – SVs alternative bybudsjett for 2019

 

Skattefinansiert velferd, helse- og sosiale tenester og omsorg gjennom stat og kommune gjer at ingen må stå med hua i handa og takka for milde gåver. Ingen skal måtta kjenna på ei audmjukande takksemd ved å ta imot hjelp. Å yta etter evne og ta imot etter behov er ingen forgangen klisje, men målet for ein sosialt utjamnande stat og kommune.

SV erkjenner at Bergen er ein økonomisk og sosial forskjellsby. Regjeringas politikk som så langt har gjeve 24 milliardar i skattelette til dei som har mest, men kutt i uføretrygd, alderspensjon og barnetrygd viser også att i Bergen. Inntil 5000 born lever i fattige familiar. Ein fattig er ein for mange i velferdsbyen som er målet vårt!

I ein by som lyfter alle inn i fellesskapen Bergen må det leggjast til rette for menneske med funksjonsnedsetjingar og for dei som slit med psykisk uhelse, anten dei er yngre eller eldre. Som kommune må vi gå til felts mot einsemd på alle tenkjelege vis. Når barnetala har gått ned og folk flytter på seg, vert familieband skjøre i kvardagen. I livets siste fase trengst det sterk offentleg omsorg. Vi må ikkje grua oss til å koma på sjukeheim, men vita at byen har ei «omsorgstrapp» som er tilpassa oss alle. Alternative buformer må snarast prøvast ut i eldreomsorga – og for andre kommunale bustader.

I byen for alle er barnehagen, som grunnskulen, knytt til skulekrinsen, på bornas premiss. Gåbyen vert eitt steg nærare realisering. Skulefruktordning for alle vil hjelpa på læring, og det vil skulemat gjera endå betre. Nærmiljøa må tilpassast born og rørslehemma; då vert dei betre for alle. Grøne lommer må gjerast levande til urbant landbruk og nærmiljøaktivitetar. Ein by for alle er ein grøn by. Her har Bergen langt att. Bylufta må bli helsesam for alle, ikkje berre dei som har råd til å sikra seg bustad i dei mest helsebringande områda i byen. I byen som i landet og verda: Skal vi berga miljø og klima, må den raude og sosialt utjamnande politikken liggja i botn. Det er dei mange som må stå opp for framtida om vi skal lukkast. Og einkvar må yta etter evne.

Dei tiltaka vi kan gjera på kommunenivå for klima og miljø er ikkje bagatellmessige. Munnhellet om å handla lokalt og tenkja globalt må liggja som eit premiss for all planlegging for areal og samferdsel. Byfjella utfordrar oss på godt naturvern og bruk for sauene til bønder i byn.
Bergen kommune er ein stor arbeidsgjevar, også i nasjonalt perspektiv. Myndiggjorde medarbeidarar som opplever tillit frå arbeidsgjevar vil auka kvaliteten på tenestene monaleg. Arbeidstider som er til å leva med i eit heilt yrkesliv vil gje medarbeidarar med overskot og kreativitet. Vi må setja oss som mål å innføra seks timars arbeidsdag og inkludera dei tilsette sine organisasjonar tett i eit slikt arbeid. Tillitsreforma må utvidast til alle tenesteområde. Bergen må bruka styrken vår til å ta rollen som pådrivar for likeløn i offentleg sektor.

I byen for dei mange og ikkje dei få er kulturtilbod av høg kvalitet tilgjengelege uavhengig av lommeboka til den einskilde borgar. Nasjonal kulturpolitikk må strekkja seg lengre enn til Oslo-gryta. Kode må bli statleg til liks med Nasjonalgalleriet. I stort og smått må det syda av amatørverksemd – og av profesjonelle kunstverksemd i kulturbyen Bergen.

Kommersiell stripping, trafficking og prostitusjon er utbyting av kvinner og kvinnekroppen. Bergen må byggja vårt internasjonale perspektiv på ikkje-utbyting. Utbytte kvinner må få hjelp til eit fritt liv av og i byen vår. I handel og vandel må Bergen kommune sikra oss mot at vi er med og gjev forteneste til krigsherrar og okkupantar.

Bergen har gode tradisjonar når det kjem til å kjempa for ein human asylpolitikk og ein inkluderande integreringspolitikk. Likevel veit vi at minoritetskvinner lever i undertrykkjande forhold og miljø og at born og unge ikkje får den fridom og tryggleik dei skal ha. Bergen kommune må styrkja arbeidet for at også desse skal få leva frie liv i byen sin.

Språkleg frigjering er også frigjering. Å kunna nytta sjå sitt eige skriftmål nytta av kommunen er viktig for dei av oss som nyttar nynorsk.» Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasen si skuld,» sa Tarjei Vesaas.

I eit Bergen for dei mange og ikkje for dei få vil dei av oss som har best råd, måtta yta meir etter evne. Velferd, ikkje velgjerd, må vera den raude tråden i all kommunal politikk. Ein rettvis eigedomsskatt, dvs. med eit solidarisk botnfrådrag, vil gjera Bergen betre i stand til å vera velferdsbyen som tryggjer innbyggjarane dei tenestene og ordningane vi treng for å vera trygge og frie innbyggjarar når vi lever våre liv i byen blant dei sju fjell.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter