Få slutt på helseføretaka!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 10. februar 2021
Oppdatert: 10. februar 2021
Lesetid: ca. 3 min
Helsepolitikk vil aldri vera nøytralt. Eit føretak tufta på marknadsprinsipp er så u-nøytralt at det ropar.

Helseføretaksmodellen er tjue år, innført i 2001 under Stoltenberg I-regjeringa, med Tore Tønne som helseminister. Eg var imot før modellen vart innført, eg har vore mot alle år seinare, eg er imot no. Det er galenskap å driva spesialisthelsetenesta som ein slags offentleg marknad. Stykkprisfinansiering – eg vert arg berre ved tanken. Språket frå marknaden. Det gjev ikkje meining. Å kalla eit helseføretak for ei bedrift – det har ingenting godt ført med seg. Men sjukehusa  vart rett og slett pålagde å driva etter bedriftsøkonomiske prinsipp. 20 regionale helseføretak driv sjukehustenester, ti helseføretak driftar medisinske fellestenester som IKT og luftambulanse.

Med helseføretaksreforma (alt vert kalla reformer, uansett kor bakstreversk det er) vart ansvaret for sjukehusa flytta frå fylkeskommunane over til fristilte helseføretak  med sine underføretak. Lokal politisk styring vart bytt ut med helsebyråkratar og direktørar i fleng, høge løner og bedriftsøkonomisk tenking. Det har vore ei helsepolitisk mare.

Eg sat i styret for Helse Bergen med Ranveig Frøiland som styreleiar i fleire år. Det hadde vorte raud-grøn regjering, og brått var det politikarar i føretaksstyra att. Det gjorde, trur eg, at kommunane skrudde opp forventningane til at styret ville ta omsyn til befolknninga i nedslagsfeltet sitt på ein annan måte. Det igjen påverka styret. Og med ei styreleiar som hadde vore både stortingsrepresentant i 20 år og statsråd, sa det seg sjølv at styret under Ranveig Frøiland si leiing tenkte helsepolitikk. Vi argumenterte mot skeivdelinga vi i Helse Bergen var utsette for i sjukehusøkonomien, til dømes. Vi vann fram. Kommunestyra var ottefulle for framtida til Voss sjukehus – om føretaksstyret skulle tenkja i New Public Management. Framtida til Voss sjukehus var aldri truga. Det har vore verre med Odda sjukehus, slik sett. Men sjukehuset finst, i alle fall. Marknadsvokabularet veikna. Stykkprisfinansieringa såg dårlegare dagar.

Med regjeringsskiftet i 2013 skulle foretaksstyra «profesjonaliserast.» Det betydde, spør du meg, høgrefolk i alle ledd, forkledde som ekspertar, profesjonelle styremedlemer. Ekspert og ekspert, kva kunne til dømes bankmannen Svein Gjedrem, med all respekt, om helsepolitikk og sjukehusdrift?

Arbeidarpartiet var dei som innførte helseføretaksordninga. Økonomen Jens Stoltenberg var som forblinda av marknadstenking. Tore Tønne vart sett på for å gjennomføra ordninga. Dødsfallet hans gjorde at det var uråd å diskutera helseføretaksmodellen med Arbeidarpartiet i fleire år. Slik opplevde i alle fall eg at det var. Helseføretaksordninga var som ein gaukunge i norsk helsepolitikk og har ført til dømes til nedlegging av fødeavdelingar i fleng.

No pressar sterke krefter som LO og Fagforbundet på for store endringar. Takk og lov. Mindre forbund har rett og slett ikkje same slagkrafta. Det er kjøtvekta som tel. Dei store krev ei grundig utgreiing for å avklåra om det trengst reform eller revolusjon i Helse-Noreg, skreiv avisa Klassekampen fredag. Må føretaksmodellen skrotast og erstattast av noko nytt – i så fall kva?

Føretaksreforma var ei kontrarevolusjonær «reform». Då skulle svaret på kva som trengst vera ei revolusjonær reform. Det revolusjonære ligg i at sjukehusa må leggjast under lokalt/regionalt demokrati. Noko meir politisk enn spesialisthelsetenesta finst knapt. Helsepolitikk vil aldri vera nøytralt. Eit føretak tufta på marknadsprinsipp er så u-nøytralt at det ropar.

Mette Nord, leiaren i Fagforbundet, meiner at manglande demokrati og avpolitisering av styra er hovudproblemet i føretaksmodellen. Ho peikar i Klassekampen på at heile poenget med ordninga var at ein skulle kunna ansvarleggjera helseministeren. Han var eine og åleine den politisk ansvarlege for spesialisthelsetenesta. Eller skulle vera. I prinsippet, i alle fall. I praksis? Vel, det er langt til helseministeren for innbyggjarane. Og, som Mette Nord seier det: Helsestatsråden peikar på alle andre når problem oppstår. (Og det har sanneleg min hatt vorte mange å peika på i mylderet av byråkratar og direktørar!)

Mette Nord peikar på at dei tilsette har fått mindre medråderett i føretaksmodellen – og at forankringa til helsetenesta i lokalbefolkninga altså er svekka. Sjukehusa er underfinansieerte – medan pengar renn ut av sjukehusa for å finansiera behandling hos private aktørar gjennom såkalla fritt behandlingsval.

Fagforbundet har ikkje konkludert med om problema best kan løysast innanfor eller utanfor helseføretaksmodellen. SV og Senterpartiet og Raudt er alle motstandarar av helseføretaksmodellen. Fleire stader i landet er innbyggjarane i ope opprør mot helseføretaka. Lokale sjukehusaksjonar, sentraliseringsmotstandarar, fagfolk og parti danna nyleg gruppa Alternativ til helseføretaksmodellen. Den skal greia ut nye løysingar og leggja press på partia fram mot stortingsvalet i september. Det er ei lukke. Helseføretaksmodellen har gjort meir enn nok skade. Det er jammen på tide å skrota heile ordninga!

Oddny I. Miljeteig!