Lex Tøsse – og lex Moria

Publisert av: Oslo SV Publisert: 18. mars 2020
Oppdatert: 18. mars 2020
Lesetid: ca. 4 min
Lex Moria er å ikkje bry seg om dei mest sårbare flyktningane som har søkt tilflukt i verdsdelen vår no.

Det er alvor i heimen, i gata, i bygda og byen. Eg har ikkje vore ute og reist det aller minste, bortsett frå til Granvin og Ulvik for snart tre veker sidan. Då datt eg og fekk brot i armen. Det har vore grueleg vondt, men er no om dagen ein fislete bagatell.

Du er sikkert passe lei av å lesa om Corona. Eg også. På ein måte. Samstundes kjenner vi vel alle på at vi må få med oss siste nytt – og er det godt nytt eller dårleg nytt?

Eg sit ved stovebordet og skriv. Det er ikkje noko nytt for meg, og slett ikkje etter at eg vart AFP-pensjonist frå februar. Men det er fyrste gongen eg sit her og skriv og har fått beskjed frå øvste hald i landet at eg helst bør halda meg innandørs. Slett ikkje må eg reisa nokon stad og aldeles ikkje til utlandet. Søndag som var skulle eg reisa og besøkja syskenbarnet mitt i Puerto Rico på Kanariøyane. Det vart slett ikkje noko av, og no er eg letta for at ho er komen heim til sjølvaste lengtefjorden. Det er liksom tryggast der – og her.  Heime.

Alvoret sokk i meg då eg skjøna at statsministeren sine kommandoar om ikkje å reisa til fritidsbustader og ta tilhald der, dei galdt meg og .Det er det eg kallar lex Tøsse. De veit, eg har aldri sett på barndomsheimen Tøsse som nokon fritidsbustad. Tøsse er heime – og Den himmelske freds plass. Bergen er også heime, sjølvsagt. Men at Tøsse skulle definerast som ein plass eg ikkje skulle ha lov til å reisa til – det kunne aldri ha falle meg inn! Nokon tryggare plass enn Tøsse greier eg ikkje å førestella meg. Især ikkje viss det er om å gjera å halda seg for seg sjølv. Tøsse er verkjeleg grisgrende strok. Men eg kjem jo sjølvsagt ikkje til Tøsse utan å vera i lag med folk, det vere seg på ferja, på butikken for å handla, eller når me får skyss over fjorden og opp til brua og gardsvegen til heimegarden. Tenk om eg skulle smitta nokon på vegen utan at eg var klar over at eg hadde smitte! For ikkje å snakka om viss eg skulle bli sjuk og trengja helsetenesta. Det ville ta ressursar i ein liten kommune. Så statsministeren hadde sjølvsagt rett. Eg skal halda meg i skinnet, og eg er på hennar lag når det gjeld å få på heimveg desse tusenane som har forskansa seg i Hallingdal og krev å bli unnatekne den kollektive fornuft. Du kan lita på meg, Erna. Eg skal etterleva lex Tøsse!

Lenge hadde vi på stoveveggen på Tøsse eit stort bilete av onkel Alfred, pappa sin eldste bror, fødd i 1911. Han døydde 20 år gammal av tuberkulose. Dei fleste familiar vart råka av tuberkulosen, og mange leid tap, slik som pappa og dei gjorde det. Framleis steller vi grava til onkel Alfred, 90 år etter at han døydde. Det er rart med det, kjenner eg, med ein kjærleik til ein onkel som døydde over 20 år før eg vart fødd.

Eg er gammal nok til å hugsa alvoret i doktorbesøk. Ein gong hugsar eg at doktor Molland kom med doktorbåten på sjukebesøk til pappa. Eg var liten, men hugsar doktor Molland sa til pappa at han kom det fortaste han kunne «då eg høyrde du var sjuk.» Pappa var ikkje tittgjengd til doktor. I desse dagar tenkjer eg ofte attende til 60-talssamfunnet. Der er det lærdom å henta for oss i 2020.

Vi er individualistar blant fjord og fjell, og den allmenne velstanden har fått oss til å gløyma at det kunne koma tider når vi ville måtta stå saman og underordna oss dei mest inngripande pålegg i fredstid. Det er nok difor det luggar i Hallingdal og Hemsedal. Og det er nok difor eg måtte ta ein time-out med meg sjølv før eg erkjende klokskapen og det naudsynte i at eg ikkje nett no kan reisa til min himmelske freds plass. Men her si teg trygt i stova mi med full fryseboks og såpass med matlager at eg slett ikkje treng handla kvar dag. Det er altså ikkje synd på meg. Ikkje det minste.

Kontrasten er æveleg stor mellom St. Torfinns veg i Bergen og dei over 20.000 menneska som nett no finn seg i Morialeiren på Lesvos, 1800 av dei einslege born. 7.500 born til saman er det siste talet eg minnest. No nærmar Corona-viruset seg styggeleg denne leiren der eit barn for berre tre dagar sidan omkom i ein brann då familien laga seg mat over open eld. Angela Merkel meiner at EU får fordela 1500 av borna mellom seg. I Noreg har både Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger oppmoda regjeringa til å få oppretta ei luftbru slik at desse kommunane, i alle fall, får ta imot det talet på born/flykningar dei meiner seg i stand til.

Det er i desse dagar eitt år sidan eg stod på talarstolen i bystyret og fremja forslag om at Bergen kommune skulle be regjeringa om å henta hit til vår by 100 flyktningar direkte frå Lesvos. Det fekk ikkje fleirtal den gongen, men eitt år seinare har Bergen slutta seg til dei andre største byane i Noreg i ein humanistisk flyktningedugnad. Regjeringa lyttar førebels ikkje. Ikkje til Merkel og ikkje til storbyane. Justisminister Monica Mæland vil ikkje eingong snakka om flyktningar, og i grunnen ikkje born, heller. «Migrantar», seier ho – og høyrest ut som eit ekko av FRP-justisministrane før henne. «Migrantar». Ein slags turistar, altså,lukkejegerar,  eventuelt arbeidssøkjande? Det er så nærsynt at det er til å bli dårleg av! Og kva menneskesyn det botnar i, det orkar eg nesten ikkje å tenkja på. Medan heile Europa er opptekne av å berga seg sjølve, gjev altså alle styresmakter blaffen i å berga dei som er dei absolutt mest sårbare på vårt kontinent. No går høgreekstreme til åtak på både flyktningane og frivillige hjelparar på Lesvos. Legar utan grenser og dei frivillige hjelpeorganisasjonane vågar ikkje vera der eller ha folka sine der lenger. Det er for fårleg. Lokalsamfunnet er pressa langt hinsides brestepunktet. Europa blindar igjen, hardt. Hellas vert ikkje avlasta. Det hjelper ikkje med madrassar og telt!

Eg lurer på om den norske regjeringa og EU har tenkt på kva smittebombe Moria kan verta når Corona-viruset når dit? Eg veit ikkje.  Lex Moria? Lex Moria er å ikkje bry seg om dei mest sårbare flyktningane som har søkt tilflukt i verdsdelen vår no. Lex Moria er å suspendera humanisme, nestekjærleik, menneskerettar og anstendigheit for over 20.000 einskildmenneske som er stranda i nådeløysa. Lex Moria.

Oddny I. Miljeteig