Eit opprør for humanisme?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 19. februar 2020
Oppdatert: 19. februar 2020
Lesetid: ca. 4 min
Norske kommunestyre har sagt tydeleg frå at vi har plass og høve til å ta imot fleire flyktningar enn staten ber oss om. Men regjeringa vender det dauve øyra til – og blunkar innforstått til FrP.

Ein god partikamerat av meg hadde eit innlegg på prent i ein heilt annan del av landet, i Tønsberg. Heming Olaussen vart kjend for mange gjennom sine ti år som landsleiar i Nei til EU. Han er opphaveleg sosialarbeidar, og han er mangeårig kommunepolitikar.  Som meg er han godt vaksen.

Det vert sagt at ein vert mindre radikal etter kvart som åra legg seg til. Eg har uroa meg litt for det, for eg vil ikkje svikta dei solidariske verdiane eg har prøvd å leva etter heile mitt vaksne liv. Vår tid tillet ikkje at vi i besteforeldregenerasjonen vert så tjukkhuda at vi knapt ser nasetippen. Heming Olaussen i alle fall ikkje mindre solidarisk enn før – og takk for det.

Det er ikkje lenge sidan vi markerte Holocaustdagen, for det mest umenneskelege som har funne stad på europeisk jord nokosinne. Du kan gjerne innvenda at det kan eg faktisk ikkje vita. Men det vi veit, er Holocaust, eit industrielt folkemord på fyrst og fremst jødar, men også fysisk og psykisk funksjonshemma, homoseksuelle, romfolk, sigøynarar, sosialistar – og endå fleire. Konsentrasjonsleirane som utsletta millionvis, reint industrielt og effektivt. Heilt systematisk. Aldri skulle vi vel  meir ha konsentrasjonsleirar i vår midte eller nær oss.

I Tønsberg Blad spør tidlegare Nei til EU-leiar Olaussen: «Er Norge medskyldig i vår tids konsentrasjonsleire? Der kvinner og menn voldtas, barn drepes, amputasjoner og lemlestinger  er dagligdags, der alt er tillatt. Og som finansieres av oss?»

Ved kvar markering av Holocaust eller Krystallnatta, nasjonaldagen og frigjeringsdagen  seier vi at historia ikkje må gjenta seg. No er det nesten ingen att av tidsvitna frå andre verdskrigen. Eg er fødd ni år etter 1945 og vaks opp med mange forteljingar i heimen frå krigens dagar. Eg har hatt onklar som stridde som soldatar, den siste av dei døydde over nitti år gammal for få år sidan. Mine born har altså møtt dei som hugsa krigsåra. Men for deira born att kjem det til å liggja generasjonar imellom. Når dei vert vaksne, er det hundre år sidan andre verdskrigen starta. Enno har vi ikkje funne ut korleis vi skal overføra også dei tøffaste og mest skilsetjande hendingane mellom generasjonane. Ja, er vi i det heile i stand til å gjera det?

«Aldri meir!» seier vi med desperasjon i røysta. Aldri meir Hiroshima, aldri meir folkemord, aldri meir konsentrasjonsleirar!

Men historia gjentar seg. Framføre augo våre. Om vi vil sjå, og om vi vil ta det inn over oss.

Journalist i Dagbladet, Gunnar Thorenfeldt, har laga ein oppsiktsvekkjande og grufull reportasje om flyktningeleirane i Libya. Reportasjen baserer seg på omfattande dokumentasjon frå både CNN, FN og WRC. FN har i ein rapport dokumentert omfattande overgrep mot flyktningar og immigrantar i Libya. Women’s Refugee Commission har utarbeidd ein rapport som skildrar mellom anna seksuell vald, valdtekt av menn med penis eller objekt, menn som vert tvinga til å valdta andre, også døde menneske. Vidare tortur, inkludert brannskadar og lemlesting og elektrosjokk mot kjønnsorgana, kastrering og amputasjon av penis, påtvinga incest. Ein tvilling vart tvinga til å valdta tvillingsyster si. Valdtekt av born ned til seks år, ofte med dødeleg utgang.

Eg veit ikkje om eg greier å lesa det eg nett har skrive. Eg kjenner kvalmen breier seg. Vi vil helst ikkje tru at dette er røyndom nett no i dag. Men det er det. I flyktningeleirane i Libya, men også i andre nord-afrikanske land og i Tyrkia. I leirar finansierte av EU – og av Noreg.  Gjennom Frontex, som igjen er ein organisasjon innan Schengenavtalen. Som Noreg er med i. I Libya som Noreg var med og teppebomba, i fridommens namn.

Vi er moralsk medskuldige i det som skjer – avdi EU og Noreg ikkje vil ha flyktningar til vårt kontinent. Difor let vi Erdogan i Tyrkia halda oss i ei  inhuman skrustikke – trumfkortet hans er at han kan opna Tyrkias grenser mot Europa. Det er betre at dei døyr, flyktningane, at dei vert valdtekne, mishandla – enn at Noreg skal måtta ta imot meir enn den minimumskvoten som regjeringspartia fastsette då FRP sat i regjering. No har Frankrike sagt seg viljuge til å ta imot 400 av 7000 einslege born frå flyktningeleiren Moria på Lesvos i Hellas. Det er ikkje all verda å skryta av. Men det er 400 meir enn ingen. Norske kommunestyre har sagt tydeleg frå at vi har plass og høve til å ta imot fleire flyktningar enn staten ber oss om. Men regjeringa vender det dauve øyra til – og blunkar innforstått til FRP.

Eg vender attende til Heming Olaussen: «Jeg vil ta til orde for et opprør mot denne politikken. I humanismens navn. I minnet fra nazistenes konsentrasjonsleire. I motstand mot avhumanisering og umenneskeliggjøring av vår egen samvittighet. Vi skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer oss selv. For hva blir det igjen av oss dersom vi stilltiende aksepterer at disse medmenneskene skal ofres for at vi skal beskytte oss mot dem. Fordi de er svarte? Fordi de ikke er akkurat som oss? Fordi de bærer et håp om et bedre liv? Blir vi ikke alle nazister – innvendig – på denne måten? Det åpner seg en avgrunn der vi sier vi vil bygge broer. Den avgrunnen er vi i ferd med å falle ned i. Hitler må le høyt fra det hinsidige.»

Han brukar sterke ord og bilete, partifellen min. Men kva skal han gjera for at humanismens røyst skal høyrast gjennom alt det fælslege – og likesæla? Han oppmodar oss til å hjelpa, med pengar, med å gje ei hjelpande hand til dei som lir på Lesvos. Same kor lite det er, så hjelper det. Mest av alt oppmodar Heming Olaussen til å byggja ein opinion i landet vårt fram mot Stortingsvalet i 2021 som stiller heilt konkrete krav om ein ny, medmenneskeleg flyktningepolitikk. Vi må stilla partia i eige land og EU til ansvar. «Vi må kreve at ethvert parti som stiller til valg i Norge i 2021 forplikter seg til å arbeide for en helt annen, raus og medmenneskelig politikk. Hvis de skal fortjene din stemme. Du har makt til å forandre – hvis du ønsker forandring.» Eg har berre eitt å leggja til: Amen.

Oddny I. Miljeteig