Leirskule – eller barnefengsel?

Publisert av: Oslo SV Publisert: 15. januar 2020
Oppdatert: 15. januar 2020
Lesetid: ca. 4 min
Europa har to slags born: born som ikkje kan fengslast - og asylsøkjarborn.

Europa har to slags born: born som ikkje kan fengslast  – og asylsøkjarborn. Det er altså «våre» born og «deira» ungar. For «deira» ungar gjeld ikkje same reglar som for «våre» born. Born sitt vern og born sitt verd blir altså graderte, i Noreg også.

Born under ti år blir ikkje fengsla i Europa, avdi dei tek skade av det. Men regelen gjeld altså ikkje asylborn. Ikkje i Noreg heller – landet med verdas fyrste barneombod. Dei fleste vestlege statar nyttar internering av born som verktøy i innvandringspolitikken, skreiv avisa Klassekampen i ein større artikkel laurdag som var. USA er dei som mest av alle nyttar fengsling av born i innvandringspolitikken – med opp imot 70.000 fengsla born i fjor. Noreg har internert 982 born sidan 2013, 97 dei siste to åra.

Det let seg ikkje talfesta kor mange mindreårige migrantar som vert fengsla i heile Europa. Mange land leverer ikkje ut statistikk. Har dei einslags skammavit? Ikkje veit eg. Berre eitt EU-land har forbod mot å internera born: Irland.

Frankrike og Hellas er verstingane i Europa når det kjem til fengsling av asylsøkjarborn. Dei er felte i den europeiske menneskerettsdomstolen ei rekkje gonger.

EU, det lova landet for dei største partia i Noreg, vil ha meir bruk av fengsling før deportasjon og vil tillata mykje lengre internering enn Noreg gjer. Vi får håpa regelverket ikkje vert ein del av EØS……. Den norske regjeringa vil no gje politiet meir tid til å halda barnefamiliar pågripne. Ein kan få politisk vondt i magen av mindre. Aldri har vi visst meir om kva som skader born. Og så skal vi altså internera, dvs. fengsla born lenger.

I 2017 fastslo Borgarting lagmannsrett at staten hadde utsett fire afghanske sysken frå Lillesand, i alderen 7 til 14 år, for umenneskeleg eller nedverdigande behandling og krenka fleire andre av menneskerettane deira. Dei vart haldne i 20 døgn på Trandum, medan politiet leitte etter eldstebroren på 15 år. Han var ikkje heime då familien vart pågripen. Då retten drog på synfaring til Trandum, hadde professor Mads Andenæs (som førte saka for familien), med studentar. Ein av dei talde kor mange gonger vaktene låste opp dører og portar. Han kom til rundt 18. Det seier alt. Trandum er ikkje eit internat, men eit fengsel!

Vesle nyårsaftan 2017 overtok Haraldvangen, tidlegare leirskule, som interneringsstad for barnefamiliar. Like etterpå vart lova innskjerpa: 24 timar vart den maksimale tida politet kan halda born pågripne utan rettsleg kjennelse. Sidan starten i 2018 har 97 born vorte haldne her. I fjor vart Haraldvangen brukt 15 gonger for til saman 30 born.

Styresmaktene kallar ikkje Haraldvangen eit fengsel; namnet er «familieenheten». Den er ein filial av Politiets såkalla utlendingeinternat på Trandum. Trandum ser ut som eit fengsel, vert opplevd som eit fengsel – og vart til slutt så omstridd at det vart erklært ueigna for born.

«Hvis noen har gjort noe galt, stjeler eller dreper noen, så bruker man fengsel. Hva har jeg gjort? Jeg er i fengsel! Jeg har jo gjort ingenting! Jeg var bare i Norge! Er det derfor jeg er i fengsel? Jeg hadde det veldig dårlig», sa ei 13 år gammal jente som vart intervjua om korleis ho opplevde å bli pågripen, internert ved Trandum og tvangssend ut av Noreg. Ho vart sitert i ein rapport frå Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) og Redd Barna i 2017.

Haraldvangen verkar mindre skremmande enn Trandum. Innelåste born ser grantre utanfor vindaugo, ikkje piggtråd. Vaktarane går i vanlege klede, ikkje uniform. Borna er ikkje innelåste i rom om natta. Dei vert fråtekne mobilar og verdisaker (som før), og foreldra deira må kle seg nakne og vert kroppsvisiterte, men borna slepp å sjå audmjukinga.

Dei 97 borna som har vore på Haraldvangen dei siste to åra, var saman med foreldra sine. Dei fleste var her under eitt døger, men 16 vart haldne mellom eitt og tre døger. Ein tenåring var internert i ni døger – som er maksimum i den nye lova. I tillegg har fem einslege mindreårige vore internerte i denne perioden, alle i 2018 og alle på Trandum, opplyser politiet.

EU-kommisjonen har lenge kritisert Noreg for ikkje å føra tilsyn med sjølve tvangsutsendinga av avviste asylsøkjarar. Det synest dessutan å vera slik at Tilsynsrådet for Politiets utlendingeinternat i praksis ikkje fører tilsyn med interneringa av born før dei vert sende ut. Det betyr at internerte asylsøkjarborn har vorte usynlege for det offisielle og offentlege Noreg etter at Haraldvangen vart teken i bruk. At staten har halde fram praksisen med å internera born etter Borgarting lagmannsrett si avgjerd i 2017 – men flytter dei slik at dei ikkje vert underlagde tilsyn, det er svært alvorleg, meiner advokatfullmektieg Andre Møkkelgjerd i advokatfirmaet Sulland. Han har tidlegare arbeidd i NOAS  og stått bak rapportar om fengsling av born og alternativ til internering.

Internering av born er ikkje ein siste utveg og er aldri til barnets beste. Difor bør det alltid vera forbode, meiner Manfred Novak, austerriksk menneskerettsjurist som leidde FNs rapport om å berøva fridommen frå born. Det kan aldri rettferdiggjeraast å internera born for å halda familiar samla eller for å «verna» dei når det ikkje finst alternativ omsorg, meiner han.

Kvifor held vi på slik, i Europa og i Noreg? Europa vil ikkje ha desse borna. Ikkje foreldra deira, heller. Difor gjev vi blaffen i å overhalda menneskerettane til små menneske og rett og slett fengslar dei, heilt ned i babyalder. Det tener oss til lita ære. Justisdepartementet vil jamvel gje Haraldvangen meir slakk slik at mindreårige kan haldast lenger enn 24-timarsfristen.  No skal det seiast at regjeringa like før jul foreslo å gje politiet meir høve til å bruka meldeplikt og liknande som kan gjera internering unødvendig for barnefamiliar.

Imedan kan born framleis fengslast i Noreg dersom foreldra deira har søkt asyl og ikkje reist frå landet friviljug etter avslag. Nei, det er ikkje ei naudsynt praktisk forordning. Det er brot på i alle fall borns menneskerettar. Den slags bør vi definitivt halda oss for gode til i Noreg!

Oddny I. Miljeteig