Moria er ikkje Soria Moria!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 08. januar 2020
Oppdatert: 08. januar 2020
Lesetid: ca. 4 min
Noregs justisminister får seg til å seia offentleg at Noreg ikkje må vera med og berga menneske frå havet – då det vil føra til at fleire legg frå land på andre sida av Middelhavet. Det er den ufyselegaste tingleggjering av menneske eg kan hugsa her på berget.

Moria-leiren på øya Lesvos i Hellas er ei skam for Europa. Leiren er dimensjonert for 3000 personar, no husar leiren snart 20.000 flyktningar. Her manglar alt: husvere, mat, helse. Europa overlet til Hellas å hanskast med båtflyktningane som kjem til greske øyar. Noregs justisminister får seg til å seia offentleg at Noreg ikkje må vera med og berga menneske frå havet – då det vil føra til at fleire legg frå land på andre sida av Middelhavet. Det er den ufyselegaste tingleggjering av menneske eg kan hugsa her på berget.

Vi har nett feira fødselen til barnet i krubba, han som i ord og gjerning slo fast alle menneskes likeverd og menneskeverd. Gøymd bak pakkehav har vi kunna skimta han i juletreet og i julekrubba, som ein provokasjon. Det er gjerne meir bekvemt å feira solsnu – slik at vi ikkje får desse krava om miskunn og nestekjærleik hengde opp midt i synet for oss? Jesusbarnet er dessmeir verdas mest kjende flyktningebarn. Det går ikkje an å snu på det.  Enn om Jesus hadde vore i Moria-leiren, der stortingsrepresentant Karin Andersen frå SV oppheld seg nett no og rapporterer hit til Noreg?

Mange frå Noreg reiser til Lesvos og Moria for å hjelpa. Frå Bergen kan eg nemna sjukepleiar Marthe Valle og lege Hanne Edøy Heszlein-Lossius. Frå Os/Bjørnafjorden reiser Ole Lars Strønen fire gonger om året. Han pensjonerte seg frå rektorjobben for å kunna reisa til Moria for å hjelpa til. Tre veker om gongen er han der – og betaler reise, mat og overnatting av eigne pengar. Dei store norske hjelpeorganisasjonane er ikkje der. Eg begrip ikkje kvifor. Dei seier at dei prioriterer andre oppgåver – og det er minsanten nok av dei. Men at ikkje nokon er på dei greske øyane, dit 60.000 flyktningar kom i fjor? Eg forstår det ikkje.

Hellas får økonomisk støtte frå både EU og Noreg for å halda flyktningane og migrantane i landet og ikkje sleppa dei nordover i Europa. Ikkje sleppa dei nordover i Europa? Nehei? Det er som ein Trump-mur som skal stogga flyktningane, beint fram. Avdi vi i velstands-landa i Europa ikkje vil ha dei. Rett og slett.  Vi tolererer at menneske lever under umenneskelege vilkår – ute av auga, ute av sinn. Med litt pengar til eit bankerott Hellas, som heilt tydeleg ikkje maktar oppgåva å ta vare på flyktningane, betaler vi vår avlat og vaskar hendene våre.

Men altså ikkje alle av oss.  Når dei store hjelpeorganisasjonane ikkje viser seg, er det «Dråpen i havet» som organiserer hjelpearbeid frå Noreg. «Dråpen i havet» oppstod i 2015, det store flyktningeåret i Middelhavet, fyrst som Facebook-gruppe, så som organisasjon. Verksemda til «Dråpen i havet» er finansiert med gåver, pengar frå faste gjevarar og innsamlingsaksjonar. I 2017 hadde «Dråpen i havet» samla inntekter på 6,1 millionar kroner.  I dag driv «Dråpen i havet» aktivitetssenter fire stadar i Hellas, tre på fastlandet og eit på Lesvos. Dei driv særleg med opplæring, men har også senter for gravide og småbarnsmødrer, vaskeri, sykkelutleige og DropShop, eit eige konsept for distribusjon av klede, sko og utstyr.

Korleis det hadde sett ut på Lesvos utan «Dråpen i havet» og dei frivillige som reiser for å hjelpa til? Det er knapt så ein kan våga å stilla spørsmålet.  Det er ikkje leveleg der, sjølv med humanitær hjelp. Då må ansvarlege statar handla. I september stilte FN krav om evakuering av Moria-leiren etter at ei afghansk kvinne og eit lite barn omkom i ein brann. Hellas si nye, konservative regjering har lova å senda folk til fastlandet, men førebels har berre eit fåtal vorte flytta.

Før jul gjennomførte Vatikanet og pave Frans ein «humanitær korridor» – ved at særleg sårbare flyktningar kunne få koma til Frankrike, Italia og Andorra. 33 kom seg ut frå Moria ved hjelp av denne avtalen i desember, skriv avisa Vårt Land. Ein dråpe i havet? Ja, nett det. Men også eit eksempel til etterfylging. «Sånn kan det gjerast. Kva ventar vi på, her i Norge?» skreiv Oslo-biskop Kari Veiteberg.

Karin Andersen ristar frå Lesvos i Noregs og EUs flyktningepolitikk: «I Moria går folk til grunne, ganske enkelt. Og det skjer medan Noreg nesten ikkje mottek flyktningar. Me har pengar, me har kapasitet, så her bør regjeringa trø til. Hjelpeorganisasjonar bør få norsk støtte direkte slik at fleire kan få det betre her på Lesvos – og dei mest sårbare, særleg einslege mindreårige, kan hentast til Noreg.» (Vårt Land) Karin Andersen ber utanriksminister Ine Eriksen Søreide om sjølv å reisa til Lesvos og sjå med eigne augo kva som møter flyktningane som kjem seg over frå Tyrkia. «Til våren skal eg tilbake, saman med resten av Storingets kommunalkomite», seier ho som er leiar for komiteen.

I desember var Marthe Valle med og starta ein epost-kampanje til utanriksministeren med krav om å initiera ei felleseuropeisk løysing for å evakuera alle barnefamiliar og einslege mindreårige frå Moria. Epost-kampanjen har no vorte utvida med ein spleis for å samla inn pengar til ein Lesvos-billett til utanriksministeren, så ho får vitja Moria-leiren. Til Vårt Land heilt nyleg sa Marthe Valle at oppslutnaden om aksjonen har vore god. Medan statssekretæren til utanriksministeren, Jens Frølich Holte, seier at Noreg ikkje vil handla på eiga hand. Dessutan har Noreg sidan 2012 gjeve Hellas 57 millionar gjennom EU-støtta til å styrkja Hellas sitt arbeid med flyktningane. 57 millionar frå 2012 altså. Det er avlaten sin, det!

Moria er så visst ikkje noko Soria Moria. Difor må evakuering av i alle fall dei mest sårbare flyktningane prioriterast – no. Med ein einaste gong. Fleire norske kommunar har sagt at dei/vi kan ta imot fleire flyktningar til busetjing enn regjeringa har spurt om. Norsk humanitær handling må ikkje overlatast einast til einskildmenneske og «Dråpen i havet.» Dei må bli føredøme for ei omfattande hjelpeverksemd frå norsk side, ikkje den einaste hjelpeverksemda. Maken til ansvarsfråskriving frå norske styresmakter har knappast funne stad. Det er så ein kan grina blod.

Oddny I. Miljeteig