Dette er Anne Frank. Tenk sjølv. Alltid.

Publisert av: Oslo SV Publisert: 05. desember 2019
Oppdatert: 05. desember 2019
Lesetid: ca. 5 min
Når eg ser og høyrer mange argumenterer med likskap for lova, då får eg ein frykteleg ekkel smak i munnen. Ikkje avdi eg har vore med og skjult flyktningar på tvers av norsk lov. Men avdi blind lydnad til lova kan få fælslege konsekvensar.

«Dette er Anne Frank. Hun blev beskyttet af mennesker, der brød loven.

Hun blev slået i hjel av mennesker, der fulgte loven.

Tænk selv. Altid.»

Hugsar du historia om Anne Frank? Den unge jødiske jenta som førte dagbøker i to år medan ho sat i skjul på eit innebygd loft i Amsterdam for ikkje å bli teken av tyskarane? På nettet heilt nyleg fann eg eit bilete av Anne Frank med ovanståande tekst.

Store norske leksikon skriv om Anne Frank (1929-1945): «Anne Frank ble født i Tyskland, men familien flyttet til Nederland da hun var fire år gammel etter at forholdene var blitt vanskelige for jøder i Tyskland. Familien besto av Anne, hennes tre år eldre søster Margot, faren Otto og moren Edith. Faren hadde en forretning i Amsterdam, og det var på loftet over det tilknyttede bakhuset at han fikk innredet et skjulested i tilfelle det skulle bli nødvendig å gjemme seg for nazistene som hadde okkupert Nederland i 1940.» Og vidare: «I 1942 ble søsteren Margot innkalt til arbeidstjeneste i Tyskland. Familien forsto hva det innebar, og flyttet umiddelbart inn i skjulestedet. I tillegg til familien Frank bodde det fire andre mennesker på loftet: Peter Van Pelz og foreldrene hans, og tannlegen Fritz Pfeffer.

Anne Franks dagbok er ført fra 14. juni 1942 til 1. august 1944. Tidlig i august 1944 ble de åtte funnet og sendt til Auschwitz. Søstrene Frank ble sendt videre til konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen, der de begge døde av tyfoidfeber og underernæring i mars 1945.» Berre faren overlevde konsentrasjonsleirane.

Historia til Anne Frank set oss på prøve. Ville du og eg ha skjult henne? Med fåre for våre eigne liv? På tvers og imot lova? I Noreg hjelpte gode nordmenn under siste verdskrig mange, både nordmenn og andre, til å flykta over til Sverige eller England for å berga liva deira. Shetlands-Larsen var ein av dei som med livet som innsats berga mange flyktningar med skøyta si.

Så hoppar vi til her og no, nett no: Arne Viste og Gunnar Stålsett har brote norsk lov. Med vilje. Begge har dei gjeve arbeid til såkalla «papirlause» asylsøkjarar. Det er asylsøkjarar som har fått avslag på opphald, men som ikkje kan reisa heim, til dømes av di Noreg ikkje har returavtale med landet den/dei papirlause kjem frå – eller som Noreg meiner at dei kjem frå.

I fylgje norsk lov/forskrift skal ein ikkje hjelpa eller gje arbeid til papirlause. Då Erna Solberg i si tid var asylminister i regjeringa Bondevik II, sende ho ut direktiv til norske kommunar om at asylsøkjarar som hadde fått endeleg avslag, dei skulle ikkje få noka hjelp. Altså: Dei skulle ikkje eingong få sosialhjelp til mat, medisin, eller tak over hovudet. Den gong protesterte mellom andre sosialbyråd frå FRP i Oslo, Margaret Eckbo og vår eigen sosialbyråd Trude Drevland. Det raud-grøne styret i Trondheim sa tydeleg ifrå om at dei ikkje ville fylgja ordre. Erna Solberg  slo frå seg i Adresseavisen og i Dagbladet i september 2004: «- Å gi urettmessige asylsøkere mat og tak over hodet, vil gjøre Trondheim til Somalias største by.»  – Hvis politikerne lokalt vil gjøre Trondheim til Somalias største by, så vær så god. Men selv synes jeg ikke det er en god idé». – Jeg sier det fordi dette forslaget i praksis vil bety fri innvandring av mennesker fra Afrikas horn. Det skal bli interessant å følge fristaden Trondheim, sier kommunalministeren tørt.» Det osa arroganse og forakt og sjølvrettferd av Noregs dåverande asylminister. No er ho statsminister og lyfter ikkje ein finger i humanismens namn.

Arne Viste, jærbuen som har formidla og gjeve arbeid til papirlause, meiner at retten til arbeid, som er nedfelt i Grunnlova, er ein absolutt rett som gjeld det einskilde menneske som oppheld seg i Noreg. Dessutan argumenterer han med sine grunnleggjande verdiar som kristen – plikta til å hjelpa sine medmenneske. Norsk rett er ikkje samd med han. I alle fall ikkje tingretten. Og slett ikkje statsministeren.

No er det biskop emeritus Gunnar Stålsett som er sett under tiltale for å ha gjeve arbeid til ei  av dei papirlause. Kvinna er ureturnerbar avdi ho kjem frå Eritrea. Dit sender ikkje Noreg asylsøkjarar med avslag. Justisminister Kallmyr, du veit han som meiner vi ikkje må berga folk frå drukningsdøden i Middelhavet avdi «vi» då risikerer at endå fleire legg ut på same fårefulle flyktningferd, han meiner at endå fleire vil nekta å reisa heim viss somme får hjelp til ulovleg arbeid. Nett slik som Erna Solberg i 2004 meinte at Trondheim ville bli ein fristad i Somalia. Det står eit uhyggjeleg, menneskefiendsleg gufs av utsegnene og handlingane deira. Både Solberg i 2004 og Kallmyr i 2019 er altså viljuge til, i ytste konsekvens, å la menneskeliv gå tapt for å statuera eksempel overfor andre.

Eirik Sivertsen, stortingsrepresentant for AP, og Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk seier begge at dei har respekt/sympati for Stålsett, men at lova må vera lik for alle. Ingen av desse to stiller spørsmål ved sjølve lova. Sivertsen frå AP burde i alle fall hugsa at i Noreg har det vore lov for papirlause å arbeida, inntil den raud-grøne regjeringa, av alle, tok vekk retten i 2011, var det vel. Eg var usamd den gongen, og eg har alltid meint at ein må fylgja samvitet sitt når det kjem til å hjelpa menneske. Vi som vedkjenner oss til kristne verdiar, vi kan ikkje lata som om den miskunnsame samaritan ikkje finst i Bibelen. Vi kan for den del heller ikkje unndra oss at Maria og Josef flykta til Egypten med Jesus for å berga livet hans på tvers av dekret frå kong Herodes. Eg seier ikkje dette for å vera prektig eller såkalla «politisk korrekt». Forresten, det politisk korrekte når det kjem til både Arne Viste og Gunnar Stålsett, det må då i så fall vera å fylgja lova.

Korkje Arne Viste eller Gunnar Stålsett eller andre som hjelper ureturnerbare flyktningar risikerer livet sitt sjølv om dei hjelper sine medmenneske på tvers av lova. Stålsett veit at han bryt lova, Arne Viste meiner rejgeringa og Stortingsfleirtalet tek feil når dei ikkje forvaltar retten til arbeid som ein rett for alle menneske i Noreg. Felles for begge er at dei tenkjer sjølv, som frie menneske som fylgjer sine grunnleggjande overtydingar. Det kan senda dei begge i fengsel. I rettsstaten Noreg.

Eg kan ikkje hjelpa for det. Når eg ser og høyrer mange argumenterer med likskap for lova, då får eg ein frykteleg ekkel smak i munnen. Ikkje avdi eg har vore med og skjult flyktningar på tvers av norsk lov. Men avdi blind lydnad til lova kan få fælslege konsekvensar. Vi må aldri gløyma Anne Frank. «Tenk sælv. Altid.»

Oddny I. Miljeteig