Ver eit fjell: Stø kurdarane!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 16. oktober 2019
Oppdatert: 16. oktober 2019
Lesetid: ca. 4 min
Vi kan i alle fall visa solidaritet og ropa så høgt vi kan om urettferda overfor det kurdiske folket.

Kurdarane. Eit gjennomsvikta, gjennomsvike folk.  Eit kurdisk ordtak lyder slik: «Kurdarane har ingen vener anna enn fjella.» Difor, skreiv ein ven av meg på fjesboka nyleg: «Ver eit fjell. Stø kurdarane!» Eg gjer orda hans til mine. Det er umåteleg skammeleg, nesten barbarisk, av Vesten å leika «ball i hatt» med kurdiske liv nok ein gong.

Det er så altfor tydeleg at det ikkje finst anstendighet overfor dei som på bakkeplan har vore hovudkrafta i å nedkjempa IS. Når det passar større makter, kastar dei vrak på kurdarane  og deira innsats.  Ei tid var det nærast på moten i Vesten å hylla Peshmerga-styrkane med dei modige kvinnene.  Med ei skuldertrekning er også Peshmerga kasta vrak på.

Spaltisten har ikkje sans for USA sin gjøren og laden i Midtausten.  Ikkje i Syria, heller.  No har USA meint seg å stå med styrkar for ein slags lov og rett i Nord-Syria. I lag med til dømes Frankrike.  Erdogan i Tyrkia har halde seg i skinnet og ikkje gått over den  syriske grensa.  Men det var før presidenten i USA snakka med presidenten i Tyrkia i telefonen. Eller var det på Twitter? Nei, det var visst i telefonen.  For Erdogan må det ha tona som musikk i øyrene at Trump sa han ville trekkja amerikanske styrkar ut og sør. Erdogan brukte ikkje lange stunda på å gå over grensa til Syria med eigne styrkar og den tyrkisk-støtta FSA-militsen.

 I fylgje Erdogan er neste mål Manbij, ein by med 100.000 innbyggjarar 40 kilometer frå den tyrkiske grensa. Erdogan har sagt at han forventar at kurdiske styrkar forlet byen, og at han vil gje den til sine «arabiske brødre,» slik  NRK skreiv på nettsidene sine i går. Byen er i hovudsak arabisk befolka og var okkupert av terrorgruppa IS fram til kurdarane overtok.  I fylgje CNN i går står tyrkiske styrkar ved bygrensa, klare til å rykkja inn.

Hovudårsaka til at Tyrkia går til åtak på Syria er offisielt at dei ynskjer ei buffersone på 30 kilometer inne på suyrisk side, seier direktør Henrik Urdal ved fredsforskingsinstituttet PRIO.  Han skildrar det tyrkiske åtaket som eit forkjøpsåtak.  Tyrkia ser på dei kurdiske sjølvstyresmaktene nord i Syria som eit trugsmål, sjølv om det reelle trugsmålet no er  lite. Tyrkia har i dag 3,6 millionar syriske flyktningar. Dette er upopulært blant mange tyrkarar.  Så skunda då også Erdogan seg å truga med å opna grensene mot Europa straks han sansa at framferda hans ikkje vekte berre åtgaum i EU. For utanriksministrane i EU fordømde den tyrkiske militæroffensiven.

Generalsekretær Stoltenberg i NATO bad Erdogan pent om å vera tilbakehalden med framrykkinga si på syrisk land og ikkje valda for mykje skade – ein human krig, så å seia. Jommen sa eg smør. Men norske styresmakter gav seg med i laget – ikkje noko sjølvstende herifrå! SV-nestor Inge Myrvold tok til tastaturet: « Har jo slitt med norsk utenrikspolitikk til tider. Men Stoltenbergs kommentarer til Tyrkias angrep på kurdiske områder i Syria er bånn i bøtta. De som tok hovedjobben mot IS. De som sitter med titusenvis av fanger som kommer fra andre land, bl.a. Norge. Som vi ikke tar ansvar for. En folkegruppe som har vært undertrykt i generasjonaer. At Stoltenberg kan synke så djupt.  Støtte diktatoren i Tyrkia for at han er strategisk i NATO.»  Så langt Inge Myrvold.

Kva så med folkeretten? Den er visst permittert? Det var ein fæla sjau frå vestleg side for fem år sidan då russarane annekterte Krim – hugsar du? No, då Erdogan rullar over kurdisk territorium i Syria og drep dei som gjorde at IS måtte gje opp, då høyrer vi ikkje eit pip om folkeretten frå dei som fordømde Russland for Krim-annekteringa.

Kurdarane er eit folk utan land. Dei har aldri fått landegrenser å leva innom i eit land dei kan kalla sitt.  Dei har vorte undertrykte og forfylgde, miskjende og kalla terroristar.  Dei viste seg likevel å vera dei som vi, det store vi, kunne lita på i kampen mot barbariske IS. Med åtaka frå Tyrkia bryt dei saman, leirar der forbrytarar frå IS har vorte haldne.  Korleis går det med dei norske borna i Al-Hol leiren, ikkje minst den vesle alvorleg sjuke guten som norske styresmakter så langt har gjort alt dei har kunna for ikkje å gjera noko for å berga?

Minst 130.000 menneske er drivne på flukt som fylgje av den tyrkiske invasjonen. Kvar helst skal dei flykta?

I det internasjonale maktspelet tel kurdiske og syriske liv lite.  No er kurdarane tvinga til å be om hjelp frå president Assad i Syria. Hans fremste allierte er Russland.  Så spørst det då, om det er Russland som tek over frå USA når det gjeld makt og innverknad. 

Uansett: Kurdarane har ingen store og mektige allierte.  Laurdag mobiliserte solidaritetsvener av det kurdiske folket i fleire byar i Noreg. Vi kan i alle fall visa solidaritet og ropa så høgt vi kan om urettferda overfor det kurdiske folket.  Ver eit fjell – stø kurdarane, tvers igjennom stormaktsspel og  invasjon!

Oddny I. Miljeteig