Hjarta ligg alltid til venstre

Publisert av: Oslo SV Publisert: 12. september 2019
Oppdatert: 12. september 2019
Lesetid: ca. 4 min
I alle dei kommunar der vi venstresosialistar har gått fram ved dette valet, der skal det merkast: Hjarta ligg alltid til venstre.

I skrivande stund tysdag er det berre to ting som held meg gåande etter både valkamp, kommunalt valarbeid valdagen og så valvake: Kaffi i store koppar – og SV sitt valresultat på 8,3 prosent i Bergen. Det er det nest beste valresultatet vi har hatt i dette årtusenet,  så det er altså gleda verd.  Tenk, det er berre seks år sidan vi var nesten dødsdømde som parti. Hadde det ikkje vore for partileiar Audun Lysbakken som den gongen for landet og især Bergen og Hordaland rundt som ei politisk lysfontene, ja, så er det ikkje godt å vita kvar vi hadde vore no.  Så er vi her altså – med seks mandat i bystyret og ein framgang frå førre val som var på sju prosent. 

Hjarta ligg sjølvsagt til venstre.  No ligg Bergens raude hjarta lengre til venstre. Blindtarmen ligg til høgre, som vi plar seia det.  I Bergen også.  Viss du synest at dette er ein plattityde,  så er det heilt sant. Men litt artig likevel, då.

Valkampen i år har vore ei blanding av born og unge som ropar varsku og krev handling mot klimakrisa – og eit sterkt straumdrag av vaksne som ropar opp om bompengar, som ikkje vil ha bybanen i Bergen, men rom for bilen. Noko godt har det kome ut av bompengeforliket i regjeringa: Bergen får 66 prosent statleg tilskot til bybanen.  I Osloregionen får dei ……. 100 prosent dekning av kostnadene til skinnegåande transport. 

Dagen etter valet er det dags å lyfta blikket. Alle vegprosjekta, ikkje minst monsterprosjekt som Hordfast, dei må skrotast. Landet vårt ser ut slik som det gjer. Tunge veginvensteringar kjem til å melda seg med tunge vedlikehaldsutgifter for borna og barneborna våre. Det kan bli dyrt – og bakstreversk.  I framtida må vi ta høgde for at mangt må gjerast annleis om det i det heile skal finnast ei framtid. Og ver så snill: Sei ikkje at det ikkje betyr noko kva vi gjer her oppe i vesle Noreg. Når det gjeld framtida, klimaet, naturmangfaldet og den sosiale rettferda, då må alle ta sin del.  Framtida er ikkje langt vekke – framtida er faktisk no! Vi kan ikkje lulla oss inn i at andre skal ta kostnadene ved framtida og at vi kan sitja her oppe på berget og tvihalda på oljepengane til eigen velstand. Rikdom er ikkje ein rett. Gjennom handel og vandel og alt samkvem over landegrenser er verda liten.

I Noreg aukar dei økonomiske skilnadene ved at dei rikaste dreg ifrå. Dette er ein vilja politikk frå Høgre og FRP si side. Kva det nye bompengepartiet meiner når det kjem til velferd, det veit vi lite om.  Men vil dei kutta eigedomsskatt og bompengar til like, vert det kjapt mindre pengar til eldreomsorg og slett ikkje born og unge fyrst.  Når vi lyfter blikket, må vi sjå fram og ikkje attende.  Og vi må sjå langt. Hadde eg trudd at jorda var flat, hadde eg sagt at vi måtte ha sett like til den rundkvelvde kanten.  Forresten, kva tenkjer du om at det no er ei aukande rørsle av menneske som står fram og hevdar at jorda er flat? Det må då faktisk vera kunnskapssamfunnets falitt om dei får anna enn mikroskopisk oppslutnad. Men det har dei vel allereie?

Eg er barn av Statens Lånekasse for utdanning, arbeidarrørsla og venstresidas satsing på kunnskap for unge frå alle sosiale lag og klassar.  Studielånsordninga har gjeve hundretusenvis av unge levekår og yrkesval ingen av generasjonane før oss har hatt.  Då er det eit paradoks at når vi aldri har vore rikare, då held vi oss med ei regjering som er både nærsynt og Noreg sjølv nok.

Ved Middelhavets strender, dit så mange av oss her på berget har råd til å reisa på ferie, der flyt daude flyktningar i land mest like ved solsengene våre. I overfylte mottaksleirar i Hellas, Italia og Spania misser menneske vona om ei framtid. Somme i vårt land finn det for godt å kalla dei «lukkejegarar» – som om ikkje det er nedlagt til det inste av menneske å søkja tryggleik og framtidsvon. Og lukke, bevares, skal vi ikkje søkja lukke, alle? Viss ikkje vi søkjer lukke, då har vi jo ikkje livsvon? Men jamvel KrF i regjering meiner no at Noreg ikkje skal henta Middelhavs-flyktningar til Noreg, det får andre gjera.

Regjeringa vår er ikkje blant dei som rekkjer handa ut til menneske i naud, sjølv om vi har ein hyperaktiv utviklingsminister frå Sunnmøre og Bergen.  Regjeringa rekkjer ikkje eingong ut handa til innanlandske etterkomarar av Harald Hårfagre, i alle fall ikkje om dei er avhengige av arbeidsavklåringspengar, uføretrygd eller statleg bustøtte. Eller sosialhjelp.  Du skal alltid vegast, tvilast på og mistruast om du er avhengig av velferdsstaten. Med helsing regjeringa Solberg. Tvang, eller arbeidsplikt, det er mantraet – sjølv om det ikkje finst arbeid å tilby. Humanitet og humanisme er overførte til denne regjeringas framandordbok.  No vert regjeringa, heldigvis, utfordra av heidersmannen Arne Viste frå Jæren, som tilbyr jobb til «ureturnerbare», «papirlause» flyktningar.  Det har han ikkje lov til, må vita. Ikkje lov til! Men no går Arne Viste i klinsj med den norske stat, og måtte alle gode krefter vera med han. Skulle han bli dømd til fengsel for reinspikka humanisme, då vert Noreg lite. Trongt. Nærsynt. Seg sjølv nok.

Uansett: Hjarta ligg alltid til venstre. I alle dei kommunar der vi venstresosialistar har gått fram ved dette valet, der skal det merkast: Hjarta ligg alltid til venstre.

Oddny I. Miljeteig