Nabolag for god eldreomsorg

Publisert av: Oslo SV Publisert: 28. august 2019
Oppdatert: 28. august 2019
Lesetid: ca. 4 min
Fridom er ikkje eit ord som skal setjast i hermeteikn. Å leva eit fritt liv med mest mogleg sjølvråderett, det er kjenneteiknet ved den gode eldreomsorg.

Eldrebylgja er den som kjem og tek oss når vi trudde vi hadde fått til gode planar om ei god eldreomsorg.  Eller? I alle fall er det slik framskrivingar av folketalsutvikling og alt anna med «eldre» i må tolkast.  Det vil vera for få yrkesaktive bak kvar alderspensjonist til at det er «berekraftig.» Det vil alltid vera for få sjukeheimsplassar, alltid vera for få «hender» i eldreomsorga,  spesialisthelsetenesta vil «fløyma over» av eldre.  Nedover på kontinentet ser vi ei eldreomsorg vi ikkje vil ha – kan hende «Kirche-Küche» ikkje var noko godt fundament for notidas og framtidas eldreomsorg?

Eg kjenner eg vert forarga av slike «endetidsprofetiar» for eldreomsorga. Somme forskarar tek heldigvis til motmæle og påpeikar at eldre er superaktivistar i frivillegheita, at dei er spreke lenger enn ein har rekna med til no, at teknologisk utvikling vil hjelpa hjelpetrengjande til å bu heime lenger.

Eg har forresten ein kjepphest når det gjeld det med å bu heime lengst mogleg. Er det no sikkert at «alle» vil det? Eller er det vi frå 75 og nedover som vil det? Er det planleggjarar mellom 30 og 50 som overfører sine eigne tankar som 30- og 50-åringar til den eldste generasjonen heller enn den eldste generasjonen som genuint vil bu heime «lengst mogleg»? Samstundes seier vi at einsemd er vårt samfunns største problem, eller utfordring, om du det vil. Einsemd i eldrebefolkninga kjem med at stadig fleire i eigen generasjon går bort eller i alle fall får problem med å bevega seg utanfor  eigen heim.  Eg skulle ynskja at vi ville kartleggja psykisk helse og einsemd blant dei eldre i Bergen, ikkje som overvaking, men for å velja dei rette tiltaka i eldreomsorg.

Kan hende er det nabolaget vi må ha som utgangspunkt for den gode eldreomsorg?  I alle nærmiljø bør det finnast eit breitt bustadtilbod slik at du ikkje må flytta frå gode grannar og trygge sosiale nettverk når behov og livssituasjon endrar seg.  Nærbutikk, ein kafe, biblioteket – du snakkar meg om førebygging! Lågterskeltilbod som er for alle, ikkje einast dei eldre, dessutan.  I nabolaget finst vonleg alle generasjonar.  Eg bur rett bak Gimle oppveksttun med barnehage og ungdomsskule. Like ved lik Frikirken. Opp Hunstadsvingen ligg Kronstad skule. Og sjukehotellet. Og Årstad kyrkje.  Det manglar min santen ikkje på lokale, store eller små. Nærbutikk har vi også, forresten fleire. Og vi har konditoriet til Lie-Nielsen som ein nydeleg nabolagskafe, forholdsvis lett tilgjengeleg. På Sletten senter kjem bibliotek.   Eldstesonen vår meiner at mannen min og eg bur i eit bakvendt hus med for mange trapper.  Men det må då vera sunt med trapper? Så finst det vonleg eit husvære med alt på eitt plan om og når vi skulle trengja det? Og ein mindre buss som køyrer på kryss og tvers i bydelen?

Det vert så lett tale om sjukeheimsplassar når det kjem til eldreomsorg.  Kan hende skulle det ha vore det gode, eldrevenlege nabolaget vi snakka om fyrst? Men: Så lenge det er for få sjukeheimsplassar, vil sjukeheimsdekninga vera det store temaet i eldreomsorga.  Når vi kjem så langt som at vi treng sjukeheimsplass, då må plassen finnast.  Vi er alle redde for at det ikkje skal finnast sjukeheimsplass for oss når vi treng det. Og vi er redde for å enda opp som svingdørspasientar når vi vert skrøpelege og sjuke. Eg kjenner uroa i meg for eigen del, her eg sit og skriv.  Partiet «mitt» har foreslått at vi må byggja ein ekstra sjukeheim i tillegg til dei planlagde for å bøta på mangelen som elles vil vera.  Vi kan ikkje ha det slik at eldre gruar seg i årevis for den dagen når vi treng til sjukeheim  – og at pårørande gruar seg minst like lenge. Det fører ikkje noko godt med seg.

Vi kjem ikkje utanom å investera meir i eldreomsorga i åra som kjem. Det må også staten ta innover seg. Det er kommunane som må bruka ei statleg krone to gonger for at eldreomsorga skal vera forsvarleg. «Forsvarleg» er forresten eit forferdeleg ord for alle slags tenester. I praksis betyr det fagleg minstemål av kvalitet.  Vi må erstatta «forsvarleg» med «god», «trygg»  – eller kvifor ikkje «det beste»? Nei, eg tullar ikkje. Kva anna skulle vi ha som mål, eigentleg?

Fridom er ikkje eit ord som skal setjast i hermeteikn. Å leva eit fritt liv med mest mogleg sjølvråderett, det er kjenneteiknet ved den gode eldreomsorg.  Nei, eg meiner ikkje «fritt brukarval» når eg skriv fridom. «Fritt brukarval» er høgresida sitt devaluerte fridomsomgrep for eldreomsorga – og handlar om at kommersielle selskap skal yta tenester i til dømes heimeteneste og heimesjukepleie. Så skal ein kunna velja kva firma ein vil nytta. Det er då ein skrøpeleg fridom! Fridom handlar om å kunne bestemma innhaldet i sin eigen kvardag. I Oslo har dei ein halvtimes «aktivitetstid» kvar veke for eldre med støttebehov. Det er den eldre sjølv som bestemmer kva tida skal nyttast til, og den eldre kan velja å spara opp fleire halvtimar når halvtimen ikkje strekkjer til.

Vi bur alle i eit grannelag. Eg kjem attende til grannelaget, nabolaget.  Når aksjonsradiusen vår minkar, då bur vi framleis i eit grannelag. Sjukeheimar ligg også i eit grannelag.  Enn om «grannelag» eller «nabolag» kunne bli det mest nytta ordet når det kjem til eldreomsorg? Det trur eg ville gje eit friare liv, lenger, for eldre – og kanskje for alle?

Oddny I. Miljeteig