Pensjon frå fyrste krone!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 12. juni 2019
Oppdatert: 12. juni 2019
Lesetid: ca. 4 min
Logikk er ikkje arbeidsgjevar- og høgresidas sterkaste side. Det kan vi trygt slå fast. I alle fall ikkje når det gjeld obligatorisk tenestepensjon.

Det er streik i sjukehusa. LO Stat har teke ut medlemer i Fagforbundet og Fellesorganisasjonen, i Helse Bergen, Oslo Universitetssjukehus, St. Olavs hospital og Sørlandet sjukehus. Konflikta? At også deltidstilsette under 20 år med mindre enn 20 prosent stilling skal tena opp pensjon.

I dag er det slik at du berre har rett til tenestepensjon for den delen av løna som er høgare enn grunnbeløpet i Folketrygda (ein G) på 96.883 kroner. Det betyr at ein tilsett med låg løn ikkje får pensjonsopptening på ein langt høgare del av løna enn ein tilsett med høg løn. Tener du 370.000 kroner, får du ikkje pensjon for meir enn 275.000 kroner, tener du 600.000, får du pensjon for over 500.000 kroner av løna di. Dette er eit system med innebygd urettferd og solidaritet snudd på hovudet. Rett og slett.

Det er forresten ikkje «berre» det at dei med låg stillingsbrøk ikkje tener opp pensjon. Dei får heller ikkje forsikringsordningar knytte til uførleik – og ikkje etterletnepensjon.

Kravet om pensjon frå fyrste krone og fyrste arbeidde time er ikkje nytt. Dette er gjeldande avtale i kommunesektoren og har vore det over fleire år. Altså: Ein helsefagarbeidar som jobbar for kommunen i 19 prosent deltidsstilling tener opp pensjon, ein som har tilsvarande stilling i sjukehus, gjer det ikkje.

75 prosent av dei som vert råka er kvinner – med små stillingar og låg løn. Kostnadene ved å innføra rettvis pensjon for alle i sjukehusa er minimale, om lag 100 millionar kroner, 0,1 prosent av all samla løn i sjukehusa i Noreg, som er på 60 milliardar kroner. For dei deltidstilsette handlar pensjon frå fyrste krone om mykje pengar. La oss sjå på eit døme til: Ein tilsett i 19 prosent stilling og 85.500 kroner i årsløn (19 prosent av 450.000) vil tapa 300.000 kroner i si alderspensjonsbeholdning. Endå større utslag gjev dette viss ein tilsett i under 20 prosent stilling vert ufør. Då kan ein tapa 70.000 kroner i året, frå du vert ufør til pensjonsalder. I tillegg misser den tilsette opptening til alderspensjon som ligg inne i ei uføreforsikring. Ved tidleg død misser familie og born etterletnepensjon på inntil 20.000 kroner årleg. Dette er mykje pengar for dei som har lite frå før!

I Stortinget var det AP og SV som i 2018 foreslo å gje pensjon frå første krone uansett alder og stillingsbrøk. Også unge under 20 år må få tena opp pensjonspoeng, foreslo dei to partia.

Arbeidsgjevarsida gjekk bananas over AP/SV-forslaget. Mellom anna meinte NHO at ei slik «vesentlig omlegging ved pensjonssystemet» ville kosta verksemdene det ville treffa 3-3,5 milliardar kroner. Dessutan ville ordninga treffa skeivt – arbeidsintensive bransjar med mange lågtløna ville få rekninga, sa sjeføkonom Øystein Dørum til NTB. Javel, men dei lågtløna, då? Hadde ikkje NHO ein smule omsorg for dei, dei som berre tener brøkdelar av NHO-toppsjiktet sjølve? Vel, NHO-Dørum sa ikkje noko om dei lågtløna.

Bedriftsforbundet ville ikkje vera noko dårlegare: «Dette er virkelighetsfjern populisme fra AP og SV,» sa administrerande direktør Olav Thommessen, han som jamvel har vore nestleiar i Vinstre. Jaha, «virkelighetsfjern» kva då? For det er ikkje det minste «virkelighetsfjernt» at folk jobbar i 19 prosent stilling, tener under hundre tusen og for den del er under tjue år. Slett ikkje alle desse har framfor seg eit godt løna yrkesliv. Slett ikkje. Dessutan finst det mange nok døme på at folk vert «låste inne» på stutte kontraktar og vert vippa ut før pensjonsrettane slår inn. Det heiter sosial dumping, men det uroar korkje Dørum eller Thommessen, ser det ut som. Heller ikkje uroar det Høgre, vetle-Høgre (Venstre) eller FrP. KrF har det uroa, men det var kan hende før regjering og ikkje no?

I alle fall, no er det streik for pensjon frå fyrste krone i sjukehussektoren. Ein må minst vera skruppellaus arbeidsgjevarside eller ditto høgreside (les regjeringa) for ikkje å sjå at det er eit rettferdskrav som vil koma dei til gode som tener minst. At arbeidsgjevarsida sparer pengar på sine aller mest lågtlønte, det skulle då beint smaka vondt?

Det er utruleg å sjå kva påstandar som vert hevda mot rettferdskravet, og det i fullt alvor. Pensjon frå fyrste krone «vil gjera vegen inn i arbeidslivet vanskelegare,» seiest det ute på arbeidsgjevarflanken (dei har berre ein flanke, høgre flanke, om nokon skulle vera i tvil). Kven i all verda får seg til å presentera slikt seriøst? «Pensjonsreforma kan ikkje behandlast bit for bit,» seiest det også. Nehei? Når det berre er siste biten som står att for rett til tenestepensjon, så skal ein altså ikkje behandla den? Og så, toppen på doloket, hadde eg nær sagt: «Det bryt med arbeidslina å gje pensjon frå fyrste krone.» Frå fyrste arbeidande krone, altså. Arbeider ein, så arbeider ein. Er ikkje det definisjonen på å vera i arbeid? Kan hende høgresida har ein annan definisjon på arbeid, som at definisjonen ikkje slår inn før på den 20. prosenten?

Logikk er ikkje arbeidsgjevar- og høgresidas sterkaste side. Det kan vi trygt slå fast. I alle fall ikkje når det gjeld obligatorisk tenestepensjon. Takk og lov for at LO er seg sitt ansvar medvite! Eg ynskjer dei streikande og deira organisasjonar lukke til. Eit meir innlysande streikegrunnlag har knappast funne. Må de berre vinna fram!

Oddny I. Miljeteig