Miljødag for framtid og fjord

Publisert av: Oslo SV Publisert: 06. juni 2019
Oppdatert: 06. juni 2019
Lesetid: ca. 4 min
Det handlar om framtida for fjord og fjell, om at vi ikkje kan eta asfalt og at alle generasjonar må bita og lekkja seg fast mot forureining og gårsdagens likesæle med naturen.

«Han hadde trekt seg frå lokalpolitikken, men saka om fjorddeponiet lokka han tilbake. No har han fått andreplassen på lista til Vestland SV.» Slik skreiv avisa Firda tidlegare i år om Åsmund Berthelsen frå Naustdal. «Det var planane om å fylle Førdefjorden med steinstøv som fekk meg innatt i politikken. Det at det er planar om å sende tonnevis med steinstøv ut i ein fjord på 2000-talet er heilt vanvitig.» Så den gode Åsmund Berthelsen, som i 2015 hadde hatt pause frå lokalpolitikken etter 16 års teneste, mellom anna som varaordførar i Naustdal, han plukka opp hansken på nytt. No står veteranen skulder ved skulder med ungdommen som reiser seg i skulestreikar i land etter land, avdi, som han sjølv skriv det: «Berre ei brei grasrotmobilisering, ei folkeleg rørsle for miljøet og ei grøn mineralnæring kan berga Førdefjorden – og Repparfjorden i Finnmark. «»For å hive avfall i fjordane våre er ei usivilisert handling i 2019!»

Førdefjorden har eg skrive om i spalta før. Det skulle berre mangla. For Åsmund Berthelsen har rett: Fiskefjorden Førdefjorden må halda fram med å vera rein og rik. Uttak av mineral må verta gjort utan å hiva store mengder med restmassar i fjorden og kappa toppen av Engebøfjellet! Det er mogleg å ta ut fleire mineral, til dømes granat og rutil ved å plassera alt trygt på land i ein periode før ein tek restmassar innatt i gruva og etter kvart selja også dei. Det som vert sendt i fjorden, det får ein aldri oppatt.

Ei berekraftig og grøn næring er ei næring som nyttar alt av eingongsressursane og driv utan risiko for miljøskadar. Det har aldri Nordic Mining tenkt med sine planar for utdriving i Engebøfjellet og dumping av gruveavfallet i Førdefjorden. Då Naustdal kommune i 2011 handsama planane til Nordic Mining, var det tale om millionsummar i skatteinntekter. Med reduserte planar og endringar i formues- og eigedomsskatt er dette kraftig redusert. Og ressursane får selskapet gratis. Her er det korkje grunnrente eller ressursskatt.

I 2019, når FNs naturpanel åtvarar mot at vi går strake vegen mot økologisk kollaps, og at ein million av åtte millionar artar på kloten vil forsvinna, då set vi altså i Noreg framleis verdien av natur til – gratis. Gratis og null. Det gjer vi med den landbaserte vindkrafta også, som sprengjer ut store område på grunnen og legg dei under asfalt. Verdien av natur: Null.

Dette er det Noreg byr våre klimastreikande unge. Det – og at Noregs utslepp av klimagassar aukar. Medan all verdas utslepp av klimagassar må nær halverast innan 2030, ja, så auka Noregs uslepp av klimagassar i 2018. Rett nok tilsynelatande lite, med 0,4 prosenent, men tala går altså feil veg her på Oljeberget berre 11 år før 2030! I 2017 gjekk norske klimautslepp ned, men det skuldast ikkje ein offensiv klimapolitikk. Det skuldast at Noreg har lent seg på eit drivstoff av regnskogøydeleggjande palmeolje. Når det vert brukt mindre av slikt drivstoff, ja, så går klimagassutsleppa opp.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen synest meir oppteken av å hakka på opposisjonen i Stortinget enn å ta alvoret for både natur, miljø og klima innover seg. Vi kan ikkje kjøpa oss kvotar og tru at andre kan gjera jobben for oss! Elvestuen skal, seier han, leggja fram ein plan for å kutta minst 45 prosent av utsleppa frå transport, landbruk, bygg og avfall innan 2030. Neste år. Medan Noreg har høgare utslepp i dag enn i 1990!

Det er forresten i denne situasjonen, nett no, at Høgre sår tvil om bybanen til Åsane. Det skulle ikkje vera til å tru! Kommunalminister Monica Mæland utnemner Bergen til Noregs mest attraktive by og grunngjev det mellom anna med bybane og framtidsretta byutvikling. Medan Bergen Høgre vil spenna bein på sikkert det meste av framtidsretta byutvikling og la Bergen bli styrt og utvikla på dispensasjon att. Då Høgre og dei vann valet i 2003, då ville forresten nett Monica Mæland som ny byrådsleiar la Festplassen bli parkeringsplass att. Seinare tok ho som byrådsleiar aldri omkamp om Festplassen, takk og lov.

Vi kan ikkje eta asfalt. Hadde ikkje Åsane vore utbygd enno, håpar eg verkjeleg at vi i 2019 ikkje ville ha vandalisert og valdteke jordbruksland i ei slags tilfeldighetenes hærsetjing av matjord, friluftsområde, utmark og rekreasjonsområde. Men slik vart Åsane utbygd. Almåsgardane vart (førebels) berga heilt på fallrepet av organiserte eldsjeler. Ære vere venelaget som no skjøttar gardane med pietetskjensle og for framtida!

Bybanen har møtt så mange slags motstand på sin veg mot realisering. Det er ikkje så rart, gjerne. Bergen bygde for privatbilen lenge etter at andre byar bygde for kollektivtransport. Slik sett er det eit mirakel at eit bystyrefleirtal frå 1995 av (20 år etter at SV fyrste gongen gjekk til val på bybanen) har halde fast ved skinnegåande transport som ryggrad i transportutviklinga i Bergen. I Oslo har dei alltid fått store samferdsleinvesteringar på skinner fullfinansierte av staten. No kjempar vi her for at Staten må ta i alle fall 70 prosent av Bybane-investeringane. Medan FRP skal ha kriselandsstyremøte mot bompengar? Vi kan seia mykje om bompengar. Men det er framleis dei velståande menn som lagar rushtida. Difor er det eit finmaska kollektivtilbod som er tenleg for dei breie lag av innbyggjarane. I det vi markerer Verdas miljødag i dag, burde vi forresten ha skrota monsterprosjekt som Hordfast, som er eit hån mot klimastreikande unge.

I dag burde Stortinget samla ha tillyst klimakrisa som nasjonal naudsituasjon – og gjeve regjeringa eit halvt år til å koma opp med ein handfast plan for korleis Noreg skal nå klimamåla vi har sett oss for tiåra som kjem. Så skulle alt ha vorte underordna den planen. Det handlar om framtida for fjord og fjell, om at vi ikkje kan eta asfalt og at alle generasjonar må bita og lekkja seg fast mot forureining og gårsdagens likesæle med naturen. Basta. Basta bom.

Oddny I. Miljeteig