Nei til monstervindmøller på land!

Publisert av: Oslo SV Publisert: 04. april 2019
Oppdatert: 04. april 2019
Lesetid: ca. 3 min
Landbasert vindkraft er billeg. Fordi prisen på urørd natur er sett til null!

Hugsar du monstermastene i Hardanger? Dei som vart trassa fram av kraftlobby og statlege byråkratar og velsigna av kraftutbyggingsentusiastane i den raud-grøne regjeringa? I ettertid tenkjer eg at monstermastene var ein studie i korleis makta ter seg. Det var ikkje vakkert. Det er aldri vakkert når makta ter seg. Eg vonar vi ikkje står overfor det same no når det skal vedtakast nasjonal ramme for vindkraftutbygging.

NVE har tala i form av sin heilt ferske plan. 13 område i Noreg meiner NVE er veleigna for vindkraft utbygging. NVE meiner seg å ha teke omsyn til miljø, urørd natur, biologisk mangfald, kulturminnevern, reindrift – og kapasitet på kraftnettet. I Nordhordland og Gulen er det avsett 375 kvadratkilometer til vindturbinar, i Sunnhordland og på Haugalandet 796 kvadratkilometer. Stølsheimen slepp ikkje unna, heller ikkje store fjellområde i Kvinnherad heilt opp til grensa av Folgefonna nasjonalpark, store naturområde på Tysnes, Stord, Fitjar og i Etne. Mottoet ser ut til å vera at dei som ikkje ser monstermastene i Hardanger, dei skal i alle fall sjå monsterturbinar på land!

Planen, nasjonal ramme for vindkraft, skal ut på høyring, der alle partar får høve til å koma med fråsegner og innspel. Olje- og energidepartementet skal skipa regionale innspelskonferansar alt i sommar. Departementet skal utarbeida nasjonal ramme som Stortinget til sist skal vedta. Kjem departement og Stortingsfleirtal til å lyda til oss som bur der monsterturbinane skal koma? Lærdommen frå saka med monstermastene er i alle fall ikkje betryggjande. Monstermastene var demokratiet snudd fullstendig på hovudet!

La oss vita at dei vindkraftturbinane som skal byggjast i norsk natur ikkje har noko til felles med dei søte små vindmøllene vi kan sjå på åkrane i Danmark, Holland og andre land på kontinentet. Vi snakkar om turbinar på mellom 200 til 250 meter rett til vers. Monsterturbinar som vil endra norsk natur for alltid der dei vert bygde. Per turbin vert det bygd 800 meter anleggsveg.Kvar turbin treng ein halv fotballbane som oppstillingsplass. Fjell og berg vert sprengde ut. Turbinane vert synlege frå minst 50 kilometer fråstand. Kyst- og fjellandskapet vert endra for alltid der turbinane kjem. Der turbinane vert bygde, får vi aldri urørd natur attende.

Landbasert vindkraft er billeg. Fordi prisen på urørd natur er sett til null! Bortsett frå det grunneigarane er viljuge til å selja områda for. I Gulen kommune ytst i Sognefjorden har Zephyr, eigd av amerikanske Blackwater, fått konsesjon til eit større vindkraftverk. Grunneigarar har klaga avgjerda inn til Olje- og energidepartementet, skreiv Klassekampen i går. «Vindkraft på land gir store inngrep i urørt natur og skaper nesten ingen arbeidsplasser. Mesteparten av inntektene forsvinner ut av landet, til utenlandske pensjonsfond,» sa Vestland SV Marthe Hammer til BT for litt sidan. SVs nye nestleiar, Torgeir Knag Fylkesnes frå Troms (men med skarre-r frå Bergen) sa til Dagsavisen før landsmøtet i partiet vårt i helga at vindkraftutbygging på land antakeleg er norsk industripolitikk på sitt verste. Skattlegginga av dei som utnyttar naturressursen er elendig, naturvernomsyna likeeins – og mange av selskapa er altså utanlandske.

For over hundre år sidan stod striden om fossekrafta og om kven som skulle eiga verdiane av den grunn-ressursen vasskrafta er. No må vi ikkje selja naturen vår på billegsal til utanlandsk storkapital.

«Nei takk! Me har enormt potensiale innanfor energisparing (tilsvarande 40 Alta-kraftverk), oppgradering av eksisterande kraftverk, berg- og jordvarme, solenergi og havvind,» skreiv Synnøve Kvamme i Naturvernforbundet i Hordaland på facebook måndag kveld. Ho veit kva ho snakkar om. Synnøve Kvamme har kjempa for Vestlandsnaturen sidan før ho kunne snakka reint, trur eg. Vi lyt halda hovudet kaldt og ikkje ofra naturen vår kortsiktig for klimaet, endå så fælt det ser ut å skriva slikt når vi veit at vi har berre gode ti år på oss til å få slutt på klimagassutsleppa våre. Men det er ikkje slik at vindkraftturbinar må byggjast på kostesamt fastland og i urørd natur. Vindkraftturbinane kan byggjast til havs. Dei treng ikkje eingong byggjast i fjøresteinane. Så lat oss gjera det, byggja til havs! Det vert visstnok dyrare. Men det er avdi vi set prisen på urørd natur til kroner null. Det er det ikkje vit og forstand i.

Naturmangfaldet og livsgrunnlaget må sikrast for komande generasjonar. Som alle bønder tenkjer det: Vi må overlata garden, for vår alles del: naturen og miljøet, til borna våre i minst like god stand som vi overtok den frå våre foreldre.

Hubroen og ørna er to fugleartar som er og vil verta skadelidande når nye vindkraft sprett opp. Ørnene på Smøla har måtta lata livet. Kor mykje tel det? Menneske over heile den urbaniserte kloden søkjer til naturen for å finna stille og ro. I Noreg er vi framleis velsigna med store område som gjev både oss og gjestane våre tilgang til sjelefred. Det kan ikkje overvurderast! Og monstervindmøllene? Dei må til havs!

Oddny I. Miljeteig