Sheida og det uføreseielege livet

Publisert av: Oslo SV Publisert: 27. mars 2019
Oppdatert: 27. mars 2019
Lesetid: ca. 3 min
Eg veit ikkje om noko anna kvinne enn Sheida som har kome til Noreg som 16-åring og under 20 år seinare trør sine daglege sko på Stortinget.

«President! Livet er uforutsigbart. Og det håper jeg det er tverrpolitisk enighet om.» Slik opna Sheida Sangtarash eit svært personleg innlegg frå Stortingets talarstol før jul. Sheida Sangtarash har du gjerne ikkje høyrt om. Det er ikkje så rart – sidan ho korkje er frå Bergen eller Hordaland – og har vore på Stortinget knapt eit år som vararepresentant. I Helsekomiteen. For SV.

Eg har jobba mykje med asylpolitikk – over mange år. Ikkje minst har eg jobba for og med kvinner som flyktar frå kjønnsbasert forfølging. Eg veit ikkje om noko anna kvinne enn Sheida som har kome til Noreg som 16-åring og under 20 år seinare trør sine daglege sko på Stortinget. Ho har fått tillit, av partiet og av veljarane.
«Politikeren Sheida Sangtarash (SV) har utmerket seg med å fremme interessene til mennesker med utviklingshemming. Nå er hun av foreslått til sentralstyret og arbeidsutvalget i SV. Vi får håpe at landsmøtet i SV ser hvilken juvel de har i Sheida Sangtarash og følger innstillingen fra den forberedende valgkomiteen som har foreslått Sheida som AU-medlem. Mennesker med utviklingshemming fortjener det.» Dette er ikkje mine ord. Dette er orda til Jens Petter Gitlesen, leiaren i Norsk Forbund for Utviklingshemma. Det er slett ikkje alle som får slike ord med på vegen når dei stiller til val – og det frå ein som slett ikkje er avkrevd meininga si.

Den beste tillit ein kan få, det er den som kjem ubeden. At Sheida Sangarash har valt livsvilkåra for menneske med utviklingshemming som hjartesak, det er gjerne uventa? For tenkjer vi ikkje, nesten automatisk, at politikarar med minoritetsbakgrunn skal ha minoritetssaker fremst i pannebrasken? «Identitet er ikke knyttet til opprinnelse alene,» sa Sheida i portrettintervju med avisa Klassekampen laurdag som var.

«Jeg forstår hvordan det er å flykte og det å være ny i et land, men jeg som alle andre politikere må lytte til folk for å lage konkrete politiske løsninger. Fordi mennesker, også minoriteter, er forskjellige både som individer og som grupper. Dette mener jeg blir visket ut i den polariserte debatten om innvandring og integrering, der mennesker blir satt i bås av enkelte partier.»

Denne spalta er altså ikkje ein valtale. Denne spalta handlar om ei 34 år gammal kvinne som har hatt minst tjue år av livet sitt prega av det uføreseielege – i motsetnad til liva til dei fleste av oss her på berget.

Kvifor kom ho så hit til det kalde nord, Sheida frå Iran? Ho vart fødd i Teheran, fem år etter den islamske revolusjonen då Khomeini kom til makta. Far hennar skreiv dikt, mora novellar. Kvinneliv, tøffe liv og menneske som heldt saman og hjelpte kvarandre var tema for mora sine novellar. Novellane provoserte – og mor vart innkalla til politiavhøyr. Og ho vart kidnappa på høglys dag og banka opp på det grovaste. Truleg trudde torturistane at mora kom til å døy. Mora utførte sin kunst med livet som innsats. Men ho døydde ikkje. Ho flykta saman med dottera til fots over fjellet til Tyrkia og deretter over Middelhavet til Hellas. Det er ei fluktrute med mange fårar – og det er,slik Sheida har fortalt det til Klassekampen – «en fordel å være mann. Man blir utsatt for mye rart på veien.» Så kvardagslege ord, men eg kjenner dei som ein knyttneve i magen. Heldige er vi som aldri har måtta flykta!

Soudabeh Alishai, Sheida si mor, vart Oslos fyrste fribyforfattar. Noreg vart Sheida og familien sitt land. «Ting er aldri helt planlagt med meg.» Sheida var ikkje planlagd, seier ho. «Livet mitt er et resultat av tilfeldigheter. Noen av dem er vonde, andre er gode.» Kan hende er det nett difor ho engasjerer seg så sterkt i livsvilkåra for menneske med utviklingshemming? Menneske med utviklingshemming har mange eit liv som vel må opplevast som «resultat av tilfeldigheter?» Kor mange år må dei som vaksne stå i kø for eigen bustad, for ein meiningsfylt kvardag, for eit liv som legg seg på plass, som er deira og ikkje eit institusjonalisert tilvere?

Dei fleste av oss norske politikarar har ikkje hatt så mykje eksistensiell utryggleik i liva våre. Vi har aldri måtta flykta frå alt vi har kjent og ått, vi har aldri stått heilt på berr bakke i eit heilt framandt land. Men også i vårt land finst det menneske som lever utanom det føreseielege, trygge. Det kan vera utviklingshemma, det kan vera fattige, det kan vera menneske som «fell mellom alle stolar.» For alle dei er det truleg bittelitt tryggare at det finst politikarar som har hatt det uføreseielege som ein raud tråd gjennom barndom og ungdom. Slike som Sheida Sangtarash.
Oddny I. Miljeteig